Bestemor gjev flest gåver
Nordmenn planlegg å bruke mindre pengar på julehandelen i år enn i fjor. Fire av ti brukar likevel meir enn planlagt, ifølgje forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.
Nordmenn handlar meir på nettet og gjev i større grad vekk opplevingar i staden for ting til jul.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
SAMTALEN
Silje Sandmæl
forbrukarøkonom i DNB
AKTUELT
Julehandelen 2017
SAMTALEN
Silje Sandmæl
forbrukarøkonom i DNB
AKTUELT
Julehandelen 2017
eva@dagogtid.no
Ei internasjonal undersøking gjennomført av finske Farratum Group syner at nordmenn kjem til å bruke 13,4 prosent av den disponible inntekta på julehandelen i år. Det er litt meir enn finnane og danskane bruker, men mindre enn svenskane og britane bruker.
Talet inneber òg at nordmenn kjem til å bruke 17 prosent mindre på julehandelen i år enn i fjor. Kor vidt det faktisk vert tilfelle, er derimot ei anna sak, ifølgje forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.
– Undersøkingar vi har gjort, syner at summane folk planlegg å bruke på julegåver, har gått gradvis nedover dei siste seks åra. Samstundes seier fire av ti at dei enda med å bruke meir enn planlagt. 93 prosent set ikkje opp noko budsjett, så om det vert ein reell nedgang eller ikkje, får vi fyrst sjå etter jul. Eg trur ikkje handelsstanden treng vere uroa for at nordmenn skal knipe att.
– Kvifor ser vi føre oss å bruke mindre?
– Eg trur det har samanheng med den økonomiske veksten som har vore i Noreg. Då skulle ein jo tru at julehandelen gjekk opp, men eg trur at fordi folk generelt har fått betre råd, kjøper mange det dei har lyst på når dei treng det. Det fører til at det står veldig lite eller «veit ikkje» på mange ønskelister til jul.
– Så forbruket har ikkje nådd noko mettingspunkt?
– Jau, det òg. Eg trur mange har gått lei av dei store haugane med gåver. Særleg gjeld det dei som har barn. Somme får jo så mykje at dei ikkje får tid til å opne alle gåvene. Vi ser det også ut frå kva folk ønskjer seg til jul. Vi har spurt om det i ei undersøking Respons Analyse har gjennomført. Det som toppar ønskelista for dei fleste i år, er opplevingar. For dei unge er det pengar. Det å ønskje seg ting har det vorte mindre av. Dei fleste har nok ting frå før.
– Forbruket har altså ikkje gått ned, berre spreidd seg meir utover året?
– Forbruket generelt har ikkje gått ned, nei, men juleforbruket har nok moderert seg. Samstundes går ikkje julehandelen berre føre seg i desember lenger. Han startar i november med Black Friday og Black Week og breier seg utover. Så handelsstanden har framleis god inntening på julehandelen.
– Er det store geografiske skilnader eller generasjonsskilnader i julehandelen?
– Ikkje store geografiske, men undersøkinga vår syner skilnader mellom generasjonane. Den som kjem til å gje mest julegåver i år, er bestemor. Det trur eg handlar om at mange, når dei når den alderen, har nedbetalt gjeld og noko romslegare økonomi. Då ser dei på jula som eit høve til å gje store gåver til barn og barnebarn. Skilnader mellom kjønna er det òg. Det er gjerne mannen som panikkhandlar og brukar meir enn planlagt. Kvinner i undersøkinga seier dei tek mest ansvar og handlar flest gåver.
– Er det julegåver vi brukar mest pengar på?
– Julegåver og julemat. Tala frå undersøkinga vår syner at nordmenn planlegg å bruke nesten 46 milliardar kroner på julefeiringa i år. Det er i snitt 11.100 kroner per person. Over halvparten, 5700 kroner, vert brukte på julegåver.
– Kva er det vi gjev kvarandre mest av til jul?
– Det er opplevingar. Det kan vere alt frå kinobillettar til turar i skogen, på ski eller med fly. Mange kjøpar reiser i gåve. Det er ikkje prislappen, men tida ein får saman, som tel. Det handlar om å gje tid, som dei fleste har for lite av, i staden for ting. Du hugsar sjeldan kva ting du får, men du hugsar opplevingar. Undersøkinga vår syner at kvinner har gåvekort på andreplass på ønskelista, og så bøker og reiser. Menn ønskjer seg klede og elektronikk nest etter opplevingar.
– Nordmenn vil bruke meir på julehandelen enn finnar, tyskarar, danskar og nederlendarar, ifølgje den europeiske undersøkinga. Kva kjem det av?
– Vi har betre privatøkonomi enn nabolanda. Inntektsveksten vår har vore stor, vi har låg arbeidsløyse og no har vi også låg bustadlånerente. Eg har også gjort målingar frå Europa, som syner at nordmenn er blant dei dårlegaste på privatøkonomisk styring generelt. Når ein har god økonomi, vert ein mindre medviten om pengebruket, og det resulterer i at vi brukar meir.
– Netthandelen aukar òg i Noreg, frå 22,32 prosent av julehandelen i fjor til 26,8 prosent i år, ifølgje undersøkinga. Kva er det vi handlar på nett?
– Det har vi ikkje tal på, men langt fleire handlar på nett fordi det er enklare. Du slepp å finne parkering, springe rundt på kjøpesenter og stå i lange køar. Julehandelen kan gjerast i ein fei frå stova og med julemusikk i bakgrunnen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det som toppar ønskelista for dei fleste i år, er opplevingar.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.