Vil gjera Amerika sterkt igjen
Donald Trump vil auka forsvarsbudsjettet med 10 prosent. Geir Lundestad meiner Trump er naiv.
President Donald Trump har lagt fram eit forslag til statsbudsjett for budsjettåret 2017–2018.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix
SAMTALEN
Geir Lundestad,
pensjonist
AKTUELT
Donald Trump har lagt fram sitt fyrste statsbudsjett

jon@dagogtid.no
Denne veka kom Donald Trumps framlegg til statsbudsjett for budsjettåret 2017–2018. Kutta er store, men endå større er auken til forsvaret, som skal opp med 10 prosent. USA skal få «alle dei beste våpna» som han sjølv seier det. No har USA i og for seg alle dei beste våpna, men det skal altså verta fleire av dei. Geir Lundestad er tidlegare direktør for Nobelinstituttet.
– 10 prosent opp på det som alt er verdas klart største forsvarsbudsjett, legg ikkje det eit stort press på resten av NATO om å løyva mykje meir til forsvar?
– Vel, han forventar ikkje 10 prosent per år frå NATO-medlemane. Du skal òg hugsa at veksten har vore særs blyg i mange år grunna dei idiotiske reglane om avgrensing av offentlege utgifter. Men auken vitnar òg om at The Donald har eit særs forenkla syn på kva dei militære kan utretta. Han trur at om han berre aukar forsvarsbudsjetta og syner kor sterkt og dynamisk USA er, vil resten av verda føya seg og gå på kne for USA. Men ja, auken legg eit visst press på resten av NATO-landa.
– Dei fleste NATO-landa inkludert Noreg ligg på 1,2 og 1,3 av BNP i løyvingane til forsvaret. Vert ikkje diskrepansen for stor til at USA kan akseptera det?
– Diskrepansen har alltid vore stor. Du må hugsa at USA ikkje har eit reint amerikansk forsvar. USA betaler for å vera ein global aktør og kunne projisera makt over alt. Ingen, heller ikkje USA eller Trump, forventar at europearane skal føra ein global politikk. Det er heller ikkje eit amerikansk ynske. Forventingane i NATO er 2 prosent, medan USA ligg på mellom 3 og 4 prosent. I Noreg har regjeringa og Høgres landsmøte signalisert ein viss auke, og det kjem truleg òg til å koma i dei andre NATO-landa.
– Kina har vel teke over som fiende nummer 1 for USA. Korleis vert reaksjonane der når mykje av auken til USA kjem i sjøforsvaret og dimed i Stillehavet?
– Eg trur ikkje Kina kjem til å reagera så sterkt. Hugs at Kina jamt og trutt har auka utgiftene til forsvaret med meir enn BNP-veksten. Når det er sagt, så ligg Kinas forsvarsutgifter på nett 2 prosent av BNP, altså lang lægre enn USA. Amerikanarane ligg i ei klasse for seg. Dei har ti, eg understrekar, ti hangargrupper. Russland og Kina har nett fått si fyrste. Det amerikanske forspranget her er ekstremt stort. Kinesarane må øva i mange år berre for å læra seg korleis ein handterer eit hangarskip.
– Den amerikanske statskulda ligg no på over 100 prosent av BNP og aukar med dette framlegget, kan dette halda fram?
– Den amerikanske føderale skulda er ikkje spesielt urovekkjande. Gjelda på statsbudsjettet har i fleire år no, grunna det eg altså meiner er eit idiotisk regelverk, men òg grunna den høge økonomiske veksten, lege godt innanfor denne 3-prosentregelen som EU har, og som EU meiner vitnar om god økonomisk styring. Dette går nok bra.
– Frykta for at USA skulle verta isolasjonistisk kan vi vel leggja frå oss no?
– Vel, mellom 2005 og 2016 gjekk dei amerikanske forsvarsutgiftene ned med 3,9 prosent i faste prisar. Dette kompenserer Trump no for i høg grad. Men som nemnt, har han altfor sterk tru på kva dette vil føra med seg av positive konsekvensar. Det vi veit, er at det vil få sterke negative konsekvensar. Han seier at han vil halda oppe medicare og social security. Då er det resten av budsjettet som vil lida: forsking, utdaning og sosialytingar som ligg utanfor dei faste programma.
– Går budsjettet gjennom Kongressen?
– Det kjem til å koma store endringar. Dei fyrste dagane vart vi alle heilt utmatta av alle initiativa og presidentordrane. No er den tida over, fyrst vakna domstolane så kom Kongressen. Seinast i går kom det klårt fram at republikanarane i Kongressen ikkje trur på Trumps påstandar om avlytting frå Obamas side. Men kva endringar som vil koma, maktar ikkje eg å spå.
– Kjem Obamacare til å verta avvikla?
Det spørs. Her har faktisk Trump vore lur nok til å halda avstand til dei føreslegne endringane. Det er leiaren i Representanthuset, Paul Ryan, som har stått i spissen for det. Framlegget er utruleg upopulært. Budsjettkontoret har synt at alt fyrste året vil 14 millionar mista helseforsikring og på sikt 24 millionar. Dessutan vil prisane gå sterkt opp, særleg for eldre som er opptekne av slikt. Det vi kan seia, er at normaliteten i amerikansk politikk ser ut til å vera attende.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Han seier at han vil halda oppe medicare og social security. Då er det resten av budsjettet som vil lida: forsking, utdaning og sosialytingar utanfor dei faste programma.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.