Den delte bevisbøra
Rettsleg sett veg det tungt korleis den som kjenner seg utsett for trakassering, opplever situasjonen, seier jussprofessor Ingunn Ikdahl.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre skal høyre Trond Giskes versjon av varslingssakene før han konkluderer om det har skjedd seksuell trakassering.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
SAMTALEN
Ingunn Ikdahl
jussprofessor
AKTUELT
Varslingssakene mot Trond Giske (Ap)
SAMTALEN
Ingunn Ikdahl
jussprofessor
AKTUELT
Varslingssakene mot Trond Giske (Ap)
eva@dagogtid.no
Etter krisemøtet i Arbeidarpartiet denne veka opna Ap-leiar Jonas Gahr Støre for at Trond Giske ikkje kjem tilbake som nestleiar i partiet. Varslingane mot Giske er omtalte som rapportar om «ubehagelig omgang av seksuell karakter». Støre seier han vil konkludere når Giske har fått gje sin versjon av «om det har skjedd seksuell trakassering».
Ingunn Ikdahl er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og har jamstillings- og diskrimineringsrett som spesialfelt.
– Kva må til for at noko skal definerast som seksuell trakassering?
– Seksuell trakassering er forbode etter jamstillingslova. Det er definert som uønskt seksuell merksemd, både fysisk åtferd, som tafsing, eller verbal, som spelar på kropp, kjønn og seksualitet. Det gjeld dersom handlingane har som føremål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande.
– Òg uønskt flørt kan kjennast krenkjande? Kva er dei juridiske kriteria for å vurdere om ei handling «har som verknad» å krenkje?
– Det sentrale er korleis det vert opplevt for den som vert utsett for handlinga, men i tillegg skal det leggjast vekt på omstenda i saka, til dømes om den som trakasserer, innsåg, eller burde ha innsett, at det kunne opplevast nedverdigande eller plagsamt. Er det snakk om seksuell merksemd som held fram sjølv om det er gjeve uttrykk for at det ikkje er ønskjeleg, går det fort over i trakassering. Eit forsøk på flørt som vert avvist, og respektert som det, er neppe trakassering. Det skal meir til.
– Kva når den krenkte parten avviser seksuell merksemd, men prøver å halde på normal kontakt – og det vert misforstått?
– Det er det store spørsmålet. Det vanskelege feltet er dersom det er skilnad i makt mellom dei to det handlar om, slik at det kan vere problematisk å avvise tydeleg. Det veg likevel tungt korleis den som vert utsett for trakassering, opplever det. Den som er i ein maktposisjon, må vere ekstra merksam på korleis seksuell tilnærming kan oppfattast.
– Støre sa under pressekonferansen tysdag at bevisbøra no er på Giske. Kva seier jussen her?
– I diskrimineringssaker for domstolane er det delt bevisbør. Klagaren må peike på noko som gjev grunn til å tru at det har skjedd trakassering. Det skal ikkje mykje til, og i så fall vert bevisbøra flytta over på den andre, som må sannsynleggjere at det ikkje har skjedd trakassering. No er jo ikkje dette ei rettssak, og det handlar vel ikkje berre om dei eksakte grensene retten set for å konstatere at det har vore seksuell trakassering. I botnen ligg spørsmålet om partiet har tillit til Giske, og for det spørsmålet gjev ikkje jussen reglar om bevisbør.
– Kva er konsekvensane av å bryte jamstillingslova?
– Då kan det verte snakk om erstatning for økonomisk tap, som tap av arbeidsinntekt som følgje av trakasseringa, til dømes. Det er vel ikkje så aktuelt i dette tilfellet, men det går òg an å få oppreising for ikkje-økonomisk tap.
– Korleis les du situasjonen for Giske?
– Eg veit ikkje mykje om detaljane, og det gjer det vanskeleg å seie noko om graden av alvor i sakene som er tekne opp. Eg skjønar jo at dei som er ramma, ikkje ønskjer den offentlege merksemda ved å fortelje om detaljane.
– Det var nokre som reagerte då det vart lese opp frå varslingane i eit Ap-møtet utan at Giske var til stades og fekk svare for seg. Er det greitt juridisk?
– I eit lukka møte trur eg ikkje det er problematisk. Slik eg har forstått det, var det òg gjort i samråd med varslarane, og det var kanskje viktig for å gje dei som var i møtet, inntrykk av kva type saker det var snakk om, slik at dei kan vurdere kva som er god handtering vidare. Juridisk handlar ikkje slike saker berre om forholdet mellom den som trakasserer og den som vert trakassert. Lova seier òg at arbeidstakaren eller organisasjonsleiinga har eit rettsleg ansvar for å førebyggje og hindre trakassering. Men før ein kan konkludere, må Giske sjølvsagt få kommentere alle historiene og påstandane.
– Det er kjent at det har gått rykte om Giske i mange år. Kan det gjere fleire delaktige?
– Det kjem an på innhaldet i rykta. Har det lege føre konkret informasjon om handlingar som er så grove at det kan vere snakk om trakassering, kan organisasjonsleiinga bryte lova dersom ho har visst og ikkje teke tak i det.
– Det er òg snakk om fleire varslingssaker. Har talet på saker noko å seie juridisk?
– Her er det òg to spor. For den som har trakassert og eventuelt må betale erstatning til den enkelte, trur eg ikkje det har betydning. Der må kvar sak vurderast enkeltvis. Spørsmålet ved fleire saker er om arbeidsgjevar eller organisasjonsleiing har gjort nok for å førebyggje og hindre trakassering. Der kan talet på saker få betydning.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eit forsøk på flørt som vert avvist, og respektert som det, er neppe trakassering.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.