Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lei av Oslo-pressa

Ein fiskar frå Måløy har fått nok av kommentarstanden i Oslo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit tilfeldig bilete frå presselosjen i Stortinget.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

3620
20180126

Samtalen

Øystein Sandøy

fiskar

Aktuell

Oslodominansen i norsk presse

3620
20180126

Samtalen

Øystein Sandøy

fiskar

Aktuell

Oslodominansen i norsk presse

jon@dagogtid.no

Onsdag denne veka vakna både Twitter og Facebook til liv. Fiskaren og fiskebåtreiaren Øystein Sandøy frå Måløy hadde eit innlegg i Bergens Tidende som vart delt vidt og breitt. Sandøy hadde sett seg lei på alle kommentatorane i Oslo-pressa. «Er dei ikkje i stand til å skrive og ordleggje seg såpass interessant og tankevekkjande at det breie publikum ser seg syn med å betale for det, lese det og ta synspunkta ad notam? Blir vektige tema underkommunisert, medan kronikkspaltene står på vidt gap for rikssynsarar med ’rette’ meiningar og høgt heva moralske peikefingrar? Er Marie Simonsen i stand til å høyre ei vêrmelding utan å setje henne på ein feministisk formel?», skreiv Sandøy.

– Kvifor skreiv du innlegget?

– For å seia det rett ut så irriterer kommentatorane meg i stadig større grad. Dei same andleta og synspunkta vert resirkulerte i stadig større grad. Særleg eintydig vert synspunkta i såkalla kontroversielle saker. Tak den #MeToo-saka. Eg er ikkje den som stiller fyrst opp i sympatikøen for Trond Giske, men eg nektar å tru at pressa og kommentatorane har fortalt alt i desse sakene. Giske er fråkjend ei kvar ære og vert framstilt som ein uttynt gutunge. Eg kan ikkje sjå at nokon kommentator har prøvt å sjå på saka i anna enn eit fordømande lys.

– Gjeve at du har rett, kvifor er det slik?

– Eg trur dei skriv mykje for kvarandre. Det er sikker kjekt for Harald Stanghelle å få ros av Marie Simonsen på Dagsnytt 18. Det vert Simonsen som legg standarden, og frå den kanten veit vi kva som kjem. Sidan eg er fiskar, har eg skrive ein del kronikkar om fiske. Når eg sender desse til Bergens Tidende, kjem dei på trykk. Sender eg dei til Aftenposten eller Dagbladet, får eg nei. Eg har mellom anna skrive om konflikten mellom olje og fisk, dei to største eksportnæringane vi har. Ein skulle tru at dette var av interesse, men nei.

– Er du forundra over dette?

– Sant å seie ikkje. Så godt som all rikdom i Noreg er basert på maritime næringar. Men desse ligg langt unna Oslo. Når las du sist ein kommentar i Oslo-pressa om fisk? Eg trur du skal slita med å hugsa det. Min personlege teori er at kommentatorane er rekrutterte av folk som irriterte seg over fiskerimeldingane på NRK radio.

– Men avisene skriv då ein del om oppdrettsnæringa?

– Ja, det har du rett i. Men då berre for å fortelja kor fæl denne næringa er. Det er lus og røming og ureining det går i. Eg kan ikkje heilt forstå kvifor avisene er slik. Noreg er nesten ein samanhengande kyst, og svært mange har arbeid i maritime næringar. Desse menneska vert stort sett ignorerte av media. Det skulle ein tru var ein dårleg forretningsidé, men slik er det altså.

– Men er dette noko nytt? Oslo-avisene har vel sjeldan dekt hav og fisk?

– Nei, du har eit poeng der. Eg hugsa at eg ofte tenkte på det då eg gjekk i skulen. Lesebøkene var fylde av bønder og industriarbeidarar. Fiskaren vart knapt nemnd. Kystfolket har på eit vis aldri vore ein del av nasjonsbygginga. Eg reknar heller ikkje med at klaginga mi hjelper.

– Kva slags kommentatorar liker du då?

– Som eg skriv i kronikken, så saknar eg røysta til Herbjørn Sørebø som alltid var opplysande. Per Egil Hegge var ein briljant skribent. Eg likte òg Hans-Wilhelm Steinfelds brøl og Sissel Benneche Osvold som var ein stilisitisk meister. Ein som eg hadde særleg stor sans for, var Sjur Holsen i BT, men han gjekk diverre bort for tidleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kystfolket har på eit vis aldri vore
ein del av nasjonsbygginga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis