Yrkesskadde idrettsfolk
– Astmaplagene til norske langrennsløparar er ein yrkesskade, seier tidlegare landslagslækjar Thor-Øistein Endsjø.
Martin Jonsrud Sundby tok ti gonger lovleg dose med astmamedsin. Han fekk to månader utsetenging. Straffa fekk han sona om sumaren.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
SAMTALEN
Thor-Øistein Endsjø
landslags- og OL-lækjar sidan 1972
AKTUELL
SVT meiner vi nordmenn dopar oss i stor skala

jon@dagogtid.no
Noreg har fleire gullmedaljar frå vinter-OL enn alle dei nordiske grannelanda våre til saman. Vi er òg den suverene verdsleiaren i gullmedaljar gjennom tidene. Men igjen og igjen lagar finnane og svenskane oppslag og program der vi vert mistenkeleggjorde. No før OL laga SVT eit program der dei synte at 70 prosent av alle nordmenn som har fått medaljar i vinter-OL sidan 1992, har gått på astmamedisin. Thor-Øistein Endsjø har vore landslags- og OL-lækjar sidan 1972.
– Du byrja i 1972. Før OL i München og i fleire år har Leif Jensen, som tok gull i vektlyfting, fortalt at han fekk anabole steroid av huslækjaren heime i Fredrikstad. Vart du forundra då han fortalde det?
– Ikkje eitt sekund. Du veit, det var ikkje skrive noko eksplisitt reglement mot slik bruk. Dessutan stod ei rekkje utøvarar i kraftidrettar fram og fortalde om bruken og alle problema han førte med seg. Svensken Ricky Bruch klaga til dømes mykje over at han vart så altfor oppteken av damer. Det gjekk med for mykje tid på å jakta på dei. Andre fortalde at dei vart aggressive eller søvnlause. Bruken vart ope diskutert. Leif Jensen fortalde rett nok ikkje om bruken då, men han kom med ei tilståing seinare.
– Var du sjølv med på å administrera bruken av doping dei fyrste åra?
– Aldri som lækjar. Men du skal hugsa at eg òg var aktiv deltakar i München. Eg deltok i hurtigskyting med pistol.
– Så då nytta du betablokker?
– Nei, mitt dop var ein halvliter cola og kaffi. Eg skaut alltid betre med det innabords. Men ja, eg prøvde betablokker og valium på trening. Men eg måtte skyta fem skot på fire sekund. Då hadde betablokker og valium negativ effekt, synte det seg. Betablokker funger derimot særs godt under roleg skyting som til dømes liggjande. Bruken hjå utøvarane var omfemnande. Men det var altså ikkje eit forbod.
– Doping og anabole steroid var altså normalt?
– Ja, og ikkje berre i kraftidrettar, men òg på mellom- og langdistanse. Om du var overtrena eller sleit med å restituera deg, ja, så var standarden at du fekk ein injeksjon med anabole steroid. Finnane var særleg langt framme, dei var spesielt gode på bloddoping og vann eit hav av medaljar. Eg var med Grete Waitz særs ofte, ein gong i New York var vinnaren av herreklassa teken for anabole steroid. I pressa var dei storleg forundra: «Kvifor tek ein maratonløpar anabole steroid, dei treng då ikkje store musklar?» Men han tok det sjølvsagt for å tola treninga betre og for å få rask restitusjon. Ein av markørane vi lækjarar nyttar for å finna ut om ein utøvar er overtrena, er nett testosteronnivået. Ramlar det, er det eit teikn på for hard trening.
– Det er vel astma òg. Svenskane seier at vi nyttar astmamedisin for å få ekstra kraft til å yta?
– Her har eg klåre synspunkt, og no skal eg gje deg ei førelesing. Vi veit frå store studiar og av røynsle at dei som driv med uthaldingsøvingar på topplan over fleire år, har det med å utvikla såkalla bronkial hyperaktivitet. Bronkiane vert overømfintlege. Særleg vanleg er det hjå dei som driv med langrenn og vinteridrettar. Det kjem av to grunnar: Trening i kulde og det at dei byrjar med trening etter influensa og virus for raskt. 40 til 50 prosent av utøvarane får slike symptom. Det er ein yrkesskade, og difor får dei astmamedisin i kortare eller lengre periodar. Dette er normalt, og svenskane nyttar det òg.
– Jau, men hestar har det same problemet. Vintertrav fører til astma. Men i hestesporten får ikkje dei nytta astmamedisin sidan det har ein så positiv effekt på kapasiteten?
– Det er ein annan skål. Den astmamedisinen dei får, er i flytande form, gjerne knuste tablettar. For 20 år sidan vart den medisinen nytta i store mengder, og i slike mengder fungerte medisinen som anabole steroid. Han kan ikkje samanliknast med dei dosane og medisinen ein nyttar i langrenn i dag.
– Men på medisinlista til Noreg i dette OL-et, står også kortikosteroid. Det var eit av favorittdopa til Lance Armstrong. Det gjev mellom anna vektnedgang og auka forbrenning av feitt, som igjen gjev positiv effekt?
– Kortison verkar motsett av anabole steroid. Det bryt ned i staden for å byggja opp. Men det har ein positiv effekt når ein er særs sliten. Ledda kan fungera betre, og det vert nytta mot inflammasjonar. Difor er det heilt naturleg å ha i lækjarkofferten. Vi må ha det om utøvarane får ein sterk allergi eller ein kraftig inflammasjon. Men for å nytta det, må vi søkja IOCs medisinske komité, og då får du karantene.
– Det er no så vidt eg har forstått, eit element av skjøn her? Og WADA vil setja to av kortisona vi har med oss, på forbodslista?
– Ja, det er eit element av skjøn her. WADA vil nok ha eit forbod av di du kan verta snøggare preparert til konkurransar. Men sett av Aksel Lund Svindal får ein kraftig inflammasjon. Det er naturleg sidan han har svære påkjenningar. Då må lækjarane vera i stand til å hjelpa han. Men han får ikkje nytta det under konkurranse.
– Dei har då nytta det i sykkel under konkurransar?
– Ja, men det burde ikkje ha skjedd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi veit at dei som driv med uthaldingsøvingar på topplan over fleire år, har det med å utvikla såkalla bronkial
hyperaktivitet.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.