Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tøffare tider

Det er ei lita gruppe som står bak den store auken i ungdomskriminaliteten i Oslo, seier Janne Stømner i Oslo politidistrikt. – Jobbar vi rett, har vi høve til å snu utviklinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Eva Aalberg Undheim

Foto: Eva Aalberg Undheim

5022
20180223

Samtalen

Janne Stømner

Oslo politidistrikt

Aktuell

Ungdomskriminaliteten i Oslo har auka

5022
20180223

Samtalen

Janne Stømner

Oslo politidistrikt

Aktuell

Ungdomskriminaliteten i Oslo har auka

eva@dagogtid.no

For to år sidan såg det lyst ut. Kriminaliteten i Oslo hadde gått nedover i fleire år, òg blant ungdomen. Og betre skulle det verte. «Om nokre år kjenner eg meg trygg på at vi skal ha fått bort endå mykje meir av kriminaliteten mellom dei unge», sa ein stasjonssjef på ein politistasjon aust i Oslo til Dag og Tid den gong.

Slik gjekk det ikkje. Kriminalstatistikken for 2017 syner at ungdomskriminaliteten i Oslo har auka dramatisk på eitt år, frå 2506 registrerte hendingar i 2016 til 3140 i 2017. Denne veka vart ein tenåring knivstukken av ein annan tenåring på ei buss ved Carl Berners plass, og tidlegare i månaden vart ein mann i 20-åra skoten og skadd på Holmlia. Vi spør Janne Stømner, som leiar felleseininga for førebygging i Oslo politidistrikt, kva som har skjedd.

– Vi byrja å måle i 2005, og frå 2007 til og med 2015 ser vi ein god nedgang i registrert ungdomskriminalitet for dei under 18. Men frå 2016 aukar det, og auken har dessverre halde fram gjennom 2017. Det som aukar er ikkje tjuveri og naskeri, det er vald, og det er grovare vald, ofte med skadefølgjer som kutt, armbrot og liknande. Det er ikkje berre snakk om ein blåveis lenger.

– Korleis har det fått utvikle seg?

– Det er det vi òg lurer på. Så ser vi jo at det ikkje berre er i Noreg det skjer, det er ein trend andre stader i Europa òg.

– Har politiet færre ressursar til førebyggjande arbeid no enn før?

– Nei, vi er jo fleire politifolk no, men vi er i ein hovudstad, og ting som skjer i Europa, er med og påverkar oss. Det at vi gjennom ein periode har vore i mykje beredskap, påverkar òg, men det åleine er ikkje årsak til at vald blant ungdom aukar. Det er nok eit større samfunnsproblem.

– Kva for ungdom står bak auken?

– Det er ei lita gruppe som gjer mykje av dette, og talet gjengangarar aukar. Dei som gjorde lovbrot i 2015, går att i 2016 og i 2017, og det er urovekkjande. Dei er òg yngre enn før, frå 13 år og oppover er no dei som går att. I tillegg har det utvikla seg meir ulike fraksjonar enn før, og større grupper. Før hang til dømes gutane frå Lambertseter med andre frå Lambertseter. No ser vi til dømes gutar frå Lambertseter saman med gutar frå Hovseter eller med gutar frå Bogerud. Og det kan plutseleg vere grupper på 15–20 stykk saman.

– Kvar i byen er det snakk om?

– Mykje av ungdomskriminaliteten skjer i sentrum, fordi mange dreg inn til sentrum, men òg i dei austlege bydelane. Det er ikkje rart, for det er aust i byen hovuddelen av veksten av ungdom er, og så veit vi òg at leilegheitene er mindre her, familiar er større og folk bur trongare. Då trekkjer ungdomen òg meir ut.

– Kva bakgrunn har dei?

– Det er ulike typar ungdom. Det er absolutt hovudvekt av ungdom som er fødde og vaksne opp i Noreg, og den registrerte ungdomskriminaliteten som skjer i Oslo, er Oslo-ungdom. Vi kan ikkje skulde på at dei kjem utanbys frå, dei er vårt ansvar.

– Kva utløyser valden?

– Det er ofte små ting som skal til. Vi hadde eit døme med ein fotballkamp der ein gut hadde sett på dama til ein annan. To månader seinare drog ein heil gjeng tvers over byen for å banke guten. Mange av dei som var med, kjende han ikkje eingong, dei var mobiliserte på nettet. Mykje av mobiliseringa føregår på nettet på lukka sider der det er vanskelegare for oss å følgje med. Det at dei filmar og legg ut videoar av overgrep, er òg ein trigger til at valden vert grovare.

– Kva gjer de for å handtere dette?

– Eg høyrer mange seie at vi må vere meir til stades på nettet, og at vi må endre oss. Det må vi, men vi må aldri slutte å vere der ute òg, for å verte kjende med ungdomen og få tillit hjå dei.

– Politifolk ute «møter fullstendig respektløse gjenger, som er så truende mot innbyggerne at ingen vil prate med politiet», seier Jan Bøhler (Ap) til Dagbladet. Kjenner du deg att i det?

– Nei, men vi kjenner oss att i at ungdomen er tøffare og har mindre respekt både for oss og for autoritetar generelt. Førebels er det ikkje så mange ungdomar dette gjeld, så jobbar vi rett, har vi høve til å snu utviklinga.

– Korleis?

– Vi må halde fram med å vere der ute, men vi klarar ikkje dette åleine og må jobbe saman med kommunen, skulane og foreldra. Det er viktig at foreldra melder seg på her. Vi møter jo foreldre som meiner dei ikkje har ansvar for barna utanfor heimen. I tillegg må vi inn tidlegare. Det er døme på dei som er involverte i 21 straffbare forhold alt før dei er 15 år, så eg er glad bydelar no tek til å reise på heimebesøk til gravide. Vi som samfunn må ta til å sjå enkeltindivid og enkeltfamiliar saman, slik at vi veit kva tiltak dei ulike instansane set inn, og kan koordinere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mykje av mobiliseringa føregår

på nettet på lukka sider der det er vanskelegare for oss å følgje med.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis