JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det store landnåmet

Det sørafrikanske parlamentet har med stort fleirtal vedteke å kverrsetja all landbruksjord ått av kvite og gje jorda til svarte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste åra har kvite bønder vorte drepne i Sør-Afrika. No skal ikkje Sør-Afrika lenger ha kvite bønder. Her er ein protest mot det som går føre seg.

Foto: Themba Hadebe / TT / NTB scanpix

4557
20180302

SAMTALEN

Elling
Tjønneland

Seniorforskar ved CMI med Sør-Afrika som spesiale

AKTUELL

All farmarjord eig av kvite i Sør-Afrika skal kverrsetjast.

jon@dagogtid.no

Med støtte frå den nye presidenten Cyril Ramaphosa – Nelson Mandelas «gullgut» – vedtok det sørafrikanske parlamentet denne veka å kverrsetja all landbruksjord ått av kvite, og det utan at dei 50.000 kvite farmarane skal få betalt for jorda. Vedtaket er truleg det mest kontroversielle i Sør-Afrikas soge sidan apartheid vart oppheva i 1994. 72 prosent av alt landbruksland skal no takast frå kvite og gjevast til svarte. 241 røysta for å kverrsetja jorda, 83 røysta mot framlegget. Elling Tjønneland er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og har arbeidd mykje i Sør-Afrika

– Det er meir arven etter Winnie Mandela enn Nelson Mandela, dette?

– Det var eit godt formulert tabloidspørsmål, det der, men eg ville ikkje ha sagt det slik. Vedtaket er eit resultat av at den lange strategien for landreform ikkje har gjeve store resultat. Dei fleste fattige i Sør-Afrika lever på landsbygda, men lite land har vorte fordelt, og det har vore mykje svikt i offentlege støtteordningar og opplæring av småbønder. Det har bygt seg opp ein stor trong, noko måtte gjerast. Difor vedtok den siste ANC-kongressen at dei ville ha dette vedtaket, og det kom med stønad frå den nye presidenten, Ramaphosa.

– Vert vedtaket gjennomført til punkt og prikke?

– Det juridiske grunnlaget er der no, men samstundes har det snike seg inn formuleringar om at vedtaket ikkje skal gå ut over produksjonen, og det har også presidenten understreka.

– Men null kompensasjon er ikkje nett tillitvekkjande?

– Det kan ein meina, og ja, ein skal ikkje få betalt for sjølve jorda, men samstundes er det opna opp for at det ein har tilført jorda, kan kompenserast for. Litt enkelt sagt kan det vera at farmarane får betalt for arbeidet dei har gjort, men altså ikkje for sjølve jorda.

– Sør-Afrika har stor trong for internasjonale investeringar og kunnskap. Om eg var ein rik mann, ville eg etter dette ikkje ha investert i Sør-Afrika.

– Ja, ein kan tolka vedtaket slik. Det tyder at verdien av å ha jord er redusert. Difor vil ein heller ikkje investera i landbruksjord. Når det er sagt, er det lite utanlandsk eigarskap av landbruksjord i dag. Dessutan er det slik at skal ein hindra ein nedgang i produksjonen, er det ikkje berre å taka jorda. Vedtaket må fylgjast opp av omfemnande offentleg rettleiing, undervising og investeringar. Det vert ikkje lett.

– Sør-Afrika er primært som Noreg ein råvareprodusent. Landbruksvarer gjev stor valutainntekt, ei inntekt som staten er avhengig av for å gje tenester. Er ikkje dette rein gambling?

– Det heile kjem an på korleis regjeringa gjennomfører vedtaket. Men ja, det er gambling i den forstand at Sør-Afrika eksporterer mykje frukt, grønt og vin, samstundes som kornproduksjonen er særs viktig for den innanlandske marknaden. Men radikale krefter har kravd dette tiltaket, og presidenten har støtta det.

– Høgintensiv landbruksproduksjon er ikkje lett. Det krev generasjonar med røynsle og kompetanseoppbygging?

– Ja, dette kan verta gjort på ein måte som øydelegg det kommersielle landbruket, men samstundes er det viktig å hugsa at desse farmarane sit på store område med lågintensiv produksjon eller ingen produksjon i det heile. Det er rom for ein mykje høgre produksjon enn i dag. Eg meiner at det fullt mogleg å gjera tiltak utan at det får dramatiske konsekvensar, samstundes som ein kan lyfta ei rekkje svarte bønder ut av fattigdom.

– Men det er noko ved eit vedtak som er basert på rase. I staden for å seia at storbønder skal måtte gje frå seg eigedom, seier ein alle «kvite» bønder?

– Ja, eg ser det, men samstundes er dette eit uttrykk for kor utilstrekkeleg omfordelingspolitikken har vore etter 1994. Difor er vedtaket så populært. Det går på sjølve ulikskapen mellom svart og kvite. Det er òg slik at det har vorte store skilnader mellom svarte. Grovt sagt kan ein seia at halvparten av dei svarte har fått det dramatisk betre, medan den andre halvparten berre har fått nokre enkle velferdsgode, men elles er like fattige som før. Nei, vedtaket kunne nok ikkje ha kome for 10–15 år sidan, men når så mange framleis er fattige, var tida komen for radikale vedtak. Ein kan forstå kvifor.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dette eit uttrykk for kor utilstrekkeleg omfordelingspolitikken har vore etter 1994.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis