– Feminismekritikken er traust
Det er mykje som gjentek seg i likestillingsdebatten i dag
jamført med på 1800-talet og på 1970-talet, seier Marta Breen.
– Eg har mykje meir fridom enn det mor mi hadde då ho var på same alder. Det betyr ikkje at framgangen ikkje kan takast frå oss, seier forfattar og journalist Marta Breen.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
SAMTALEN
Marta Breen
forfattar, journalist og
leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Aktuell
Gjev ut to bøker om kvinnekamp

eva@dagogtid.no
For femte år på rad har Marta Breen gjeve ut bok til 8. mars. I år vart det to. Ei teikneseriebok om historia til den internasjonale kvinnerørsla og ei bok om kvinneforeininga Skuld, forløparen til Norsk Kvinnesaksforeining. Skuld vart starta som ein diskusjonsklubb hausten 1883 av dei seks unge kvinnene Marie Holst, Anna Bugge, Laura Rømcke, Minda Ramm, Betzy Børresen og Cecilie Thoresen. Dei kjempa for at kvinner skulle få rett til høgare utdanning, delta i offentleg debatt og røyste ved val.
– Kva gjorde at du ville skrive bok om Skuld?
– Det er ei historie eg har vorte fasinert av. 1880-talet er ein epoke i norsk politikk og samfunnsliv då det skjedde mykje på kort tid og det vart stilt spørsmål ved dei store prinsippa. Desse jentene var unge og representerte eit slags ungdomsopprør. Desse jentene var unge og representerer eit slags ungdomsopprør. Dei kom saman og stilte spørsmål om kvifor ikkje dei skulle ha rett til utdanning. Dei tok kampen som vart starten på norsk kvinnesaksrørsle.
– Kvifor trengst det ei bok om dei i dag?
– Det er mange som snakkar om likestilling som om det alltid har vore ein grunnverdi i Noreg. Dei tenkjer at 40 år er lang tid, men det er det ikkje. Det er mange ting som gjentek seg. Argumenta kvinnene i Skuld fekk mot seg, er nesten dei same som vi høyrer i dag. Feminismekritikken er traust. Ein får høyre at ein vektlegg feil ting, at ein er egoistisk og berre kjempar for seg sjølve, at ein er bitter eller for stygg og at ein ikkje tek omsyn til kva som er naturleg for kvinner å drive med. Argumenta kvinnene i Skuld møtte i avisene, frå redaktørane og karikaturteiknarane den gong, er dei same som generasjonen til mor mi fekk på 70-talet og som Marie Simonsen og Sumaya Jirde Ali får høyre på nettet i dag. Det er nesten same ordlyd og det går ut på å skamleggje feministisk engasjement.
– Kva kan vi lære av dei seks i dag?
– At vi må ta kampen, sjølv når det ikkje gjer oss populære. Dei risikerte mykje, og vart baksnakka i eigne krinsar. Då Anna Bugge heldt føredrag om prevensjon og fødslar vart ho nær utstøytt frå det gode selskapet. Slik er det framleis: Det er ein del kvinner som tek kampar som gjer dei upopulære. Det må vi vere takksame for. Alle.
– Kvifor namnet Skuld?
– Skuld er i norrøn mytologi gudinna som skodar inn i framtida. Slik sett er det eit bra namn for det som vart Noregs fyrste kvinnesaksforeining.
– Kven er vår tids Skuld?
– Skamlaus-rørsla er ein freistande parallell, ikkje berre fordi namnet liknar. Det er det største som har skjedd norsk feministisk rørsle dei siste åra. Endeleg har vi fått mange ulike røyster som representerer seg sjølve og miljøa sine, og som gjer at vi unngår at feministar som representerer majoritetsbefolkninga, trer tankane og ideane sine ned over hovudet på andre, eller at politikarar kan bruke minoritetskvinner som gislar for å fremje eigen agenda. No går ikkje det lenger, dei sjølv har innteke offentlegheita og kan svare for seg.
– Kva er dei viktigaste kamp-
sakene i dag?
– Eg er imot det spørsmålet. Å snakke om likestilling, rettvise, antirasisme og antisexisme har å gjere med alle politiske område, og å rangere dei opp mot kvarandre er kontraproduktivt.
– Vi har kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, og det er fleire kvinner enn menn som fullfører høgare utdanning. Samstundes held lønsskilnadene mellom kvinner og menn fram, og #MeToo har blottlagt kor langt frå likestilling vi er. Går det eigentleg framover?
– Ja, det gjer det, men det har gått to steg fram og eitt tilbake nærast heile vegen. Kvinner både i Noreg og på verdsbasis har det betre i dag enn for 100 år sidan. Eg har mykje meir fridom enn det mor mi hadde då ho var på same alder. Det betyr ikkje at framgangen ikkje kan takast frå oss. Over heile verda ser vi at reaksjonære, fundamentalistiske og konservative krefter strammar grepet og tek utviklinga bakover. Tidlegare såg vi det skje i Midtausten, no skjer det i USA, Polen, Ungarn og Russland. Det har òg skjedd i Noreg. Når vi får ei regjering som aukar kontantstøtta, kuttar i pappaperm, føreslår reservasjonsrett og svekkjer likestillingslova, vaknar folk.
– Kven er ditt kvinnesakspolitiske førebilete?
– Internasjonalt er det Margaret Sanger, som nærast eigenhendig innførte prevensjon i USA. Det var òg ho som sette i gang forsking på p-pilla. Sanger sa at inga kvinne kan kalle seg frigjord før ho kan kontrollere sin eigen kropp, og det er jo sant. I Noreg jobba Elise Ottesen-Jensen med mykje av det same.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er mange som snakkar om
likestilling som om det alltid
har vore ein grunnverdi i Noreg.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.