JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Gåvepakke til trålarreiarane

Regjeringa vil fjerne pliktene som i dag ligg på delar av trålarflåten. Forslaget vil påføre fleire lokalsamfunn i Finnmark banesår, meiner Ingalill Olsen (Ap).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) vil fjerne pliktene for den norske trålarflåten.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

4645
20170324

SAMTALEN

Ingalill olsen

Leiar for Finnmark Ap

Aktuell:

Regjeringa vil fjerne pliktene til trålarflåten

peranders@dagogtid.no

Sist veke foreslo fiskeriminister Per Sandberg å fjerne pliktene for delar av trålarflåten, mellom anna plikta til å tilby fangsten til nordnorsk foredlingsindustri. Reiarane kan kjøpe seg fri ved å betale til saman 100 millionar kroner til omstilling i kystkommunane. Ingalill Olsen, leiar i Finnmark Arbeidarparti, er provosert av forslaget.

– Du sa denne veka at Per Sandberg vil dele ut ein lottovinst til trålarreiarane?

– I Lotto kan du faktisk ikkje vinne så mykje pengar som dette, så eg burde truleg nytte andre metaforar. Førstehandsverdien av desse torskekvotane er 1500 millionar kroner i året. Så skal trålarreiarane betale ein eingongssum på 100 millionar kroner. Det er tidenes gåvepakke.

– Sandberg vil òg at 20 prosent av torskekvotane til trålarreiarane skal trekkjast inn og delast ut til sjarkfiskarane i Nord-Noreg. Det vil vel fiskarane setje pris på?

– Dei kystfiskarane som får større kvotar, bli glade. Men kystsamfunna taper dei andre 80 prosentane av desse torskekvotane. Da trålarkonsesjonane vart gjevne, var det fordi trålarane skulle skaffe fisk til landanlegga og skape arbeidsplassar. Det var ikkje ei gåve til reiarane.

– Pliktene er eit «utdatert næringspolitisk verkemiddel», heiter det i forslaget frå regjeringa. Stemmer ikkje det?

– Eg veit ikkje kva Per Sandberg meiner med «utdatert». Eg bur i eit fiskevær i Finnmark der den mindre kystflåten leverer fisk, og bedriftene på land klarer seg bra. Kva tid vart det utdatert å levere fisk og produsere mat i Finnmark? Trålarreiarane tok mot kvotane med dei pliktene som følgde med. Om reiarane meiner dei ikkje kan levere fisken, må dei gje frå seg kvotane.

– Har ordninga med leveringsplikt for trålarane nokon gong fungert fullt ut?

– Ordninga fungerte før, men ho har blitt uthola av kyniske trålarreiarar som vil maksimere profitten.

– Den statsstøtta filetindustrien som trålarflåten opphavleg var tenkt å levere til, var aldri god butikk?

– Nei, men i dag har vi fiskebedrifter som går med overskot utan å ha trålarar med leveringsplikt knytt til seg. Og dei vil gjerne ha fisken frå desse kvotane.

– Ein del av problemet for industrien er at biologien er vrang. Livssyklusen til skreien passar ikkje så godt til heilårsdrift av foredlingsindustri?

– Dette er noko av utfordringa med å drive fiskeindustri, det kjem vi ikkje bort frå. Vi har blitt flinkare til å selje skreien som ei flott sesongvare. Men i sesongen jobbar folk seg nesten i hel, og vi skulle gjerne strekt ut sesongen meir enn i dag.

– Fordelen med trålarane er at dei kan levere heile året. Kva rolle ser du for deg at trålarflåten skal ha i fiskeria?

– Han bør vere eit supplement til kystfisket. Vi treng ein variert fiskeflåte, og trålarane er ein viktig del av norske fiskeri. Men fiskerinæringa skal ikkje styrast av trålarreiarane. Forslaget til Sandberg let trålarreiarane få det nett som dei vil.

– Regjeringa meiner at pliktsystemet ikkje gjev god utnytting av ressursane, og reduserer verdiskapinga i samfunnet?

– Problemet er at trålarreiarane ikkje vil levere fisk til landanlegga. Du kan ikkje ha ein lønsam fiskeindustri utan fisk. Om desse selskapa ikkje får det til å løne seg, bør dei gje frå seg kvotane og sleppe andre til.

– Kjell Inge Røkke og Norway Seafoods fekk i si tid godkjenning frå Ap til å kjøpe mange av dei nordnorske trålarkonsesjonane og foredlingsbedriftene. Kva synest du om måten partiet ditt har handtert denne saka på?

– Eg skal vere ærleg og seie at mange av oss vart blenda av Røkke. Vi trudde på han da han lova å leve opp til dei pliktene som følgde kvotane. Vi gjorde ein blodig tabbe som kystsamfunna i Finnmark har betalt dyrt for.

- Røkke selde seg ut av fiskerinæringa i fjor. Men konsernet hans fekk lov til å smette unna pliktene sine til landanlegga medan Helga Pedersen og deretter Lisbeth Berg-Hansen frå Ap var fiskeriministrar?

– Den største skaden skjedde da fiskeriminister Svein Ludvigsen frå Høgre gjorde leveringsplikta for reiarane om til ei tilbodsplikt i 2003. Så kan ein sikkert seie i ettertid at vi alle kunne gjort meir for å stogge denne utviklinga. Men om Per Sandberg no får gjennom forslaget sitt, er det truleg irreversibelt, og det vil vere eit banesår for fleire lokalsamfunn i Finnmark.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Vi gjorde ein blodig tabbe som kystsamfunna i Finnmark har betalt dyrt for.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis