Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Ikkje ei alvorleg nok sak

Eit daddelvedtak er eit vedtak utan direkte konsekvensar,
og det er Kåre Willoch nøgd med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det vantar sjeldan merksemd rundt justis- og innvandringsminister Sylvi Listhaug. Her møter ho opp i Hurdal til den fyrste budsjettkonferansen i år.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

4037
20180316

SAMTALEN

Kåre Willoch,

tidlegare formann i Høgre og statsminister

AKTUELL

Kritikk mot Sylvi Listhaug i Stortinget

jon@dagogtid.no

Vi kjenner soga: Justis- og innvandringsminister Sylvi Listhaug rykte ut på Facebook og sa at for Arbeidarpartiet var det viktigare å verna terroristar enn nasjonen. Ho nytta jihadistar som illustrasjonsfoto, og ho vil at slike skal kunne tapa norsk statsborgarskap. Mange i Arbeidarpartiet meinte at bodskapen var ein hån mot offera etter Utøya. I det Dag og Tid gjekk i trykken i går, såg det ut som Stortinget skulle fatta eit såkalla daddelvedtak eller kritikkvedtak. «Å dadle» er lågtysk for å kritisera og har ingenting med frukta å gjera.

Kåre Willoch sat ein mannsalder på Stortinget og var òg statsminister.

– Kva er eit daddelvedtak?

– Eg kan ikkje hugsa at det vart nytta i mi tid, men det er vel eit ynske frå opposisjonen om å koma med kritikk som ikkje får direkte konsekvensar, ved at ein ikkje røystar for mistillit.

– Men når dei ikkje vel mistillit, seier dei då ikkje eigentleg at dei har tillit?

– Eg har fundert litt på det og har vel kome til at dei ikkje ser på denne saka som alvorleg nok til å gjennomføra ei utskifting, noko eg elles er heilt samd med opposisjonen i.

– Men har det ikkje vorte slik at Stortinget har vorte meir og meir redd for å nytta mistillit?

– Det vil eg ikkje seia. Ei regjeringskrise kan få samfunnsmessige skadeverknader. Kvar einaste regjeringskrise er ei alvorleg sak. Den parlamentariske situasjonen som no ligg føre, er særleg komplisert sidan opposisjonen har så mange parti. At opposisjonen i ein slik situasjon ikkje ynskjer regjeringskrise, finn eg heilt naturleg.

– Skal eg vera heilt ærleg…

– Er du ikkje alltid ærleg?

– Vel...

– Eit pussig uttrykk, det der.

– Men altså: Eg har vorte trøytt og lei all støyen rundt Listhaug. Er det ikkje på tide med ein pustepause, og at politikarane sluttar å tilleggja kvarandre motiv som dei ikkje har uttrykt?

– Jau, men det går nok båe vegar, dette. Her om dagen las eg ein særs god kronikk i VG (skriven av Erna Solbergs tidlegare statssekretær Asbjørn Aanes red. merk.). Han påviste at Arbeidarpartiet gong etter gong har gjort det same som Listhaug. Det burde mane Arbeidarpartiet til meir varsemd i bruken av sterke ord og dette med å trekkja motpartens gode motiv i tvil. Generelt sett er det godt for alle ordskifte at vi trur på kva den andre parten seier om motiva sine. Når det er sagt: Ein bør likevel kunne godtaka at nokon i vanvare nyttar uttrykk som er hardare enn dei var meinte.

– Men det er ein tendens til at Listhaug nyttar sterke ord nokså ofte?

– Her vil eg berre seia at ho har ein språkbruk som skil seg frå den eg meiner er best. Det er ho diverre ikkje åleine om.

– Men referansar til Utøya har det med å dukka opp og skapa støy. No har Jan Tore Sanner bede om orsaking for å ha snakka om «22. juli-kortet». Er det eit for stort nasjonalt traume til at andre enn Ap kan snakka om Utøya?

– At det er eit nasjonalt traume, er eg heilt samd med deg i. Det var ei heilt forferdeleg sak. Det overgår så totalt alle saker der ein elles nyttar sterk språkføring. Men eg er usamd i at vi ikkje kan snakka om det. Skal vi hindra ein slik tragedie neste gong, må vi og kan vi snakka om det, men i rolege former.

– Men Listhaug sa at ho ikkje tenkte på Utøya, likevel seier mange at ho gjorde nett det?

– Og det bør dei ikkje gjera. Vi bør tru på Listhaug når ho seier at ho ikkje tenkte på Utøya.

– Er Solberg no svekt?

– Det vonar og trur eg ikkje. Eg meiner det ville vera meiningslaust om denne saka skulle gjera den utmerkte styringa Solberg har av landet, vanskelegare. Styringa av landet er klart viktigare enn denne saka, og difor vel altså dei partia som ikkje sit i regjering, å lata vera med å røysta for ei regjeringskrise.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg vil berre seia at ho har ein språkbruk som skil seg frå den eg meiner er best. Det er ho diverre ikkje åleine om.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis