Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Har full tillit til Listhaug

– Det er altfor tidleg å skrive historia om Sylvi Listhaugs politiske prosjekt. Ho kan verte statsminister, seier Bjarte Ystebø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sylvi Listhaug fyller eit politisk tomrom der KrF har hatt ein for utydeleg profil, meiner Norge IDAG-redaktør Bjarte Ystebø.

Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

4499
20180323

Samtalen

Bjarte Ystebø

redaktør i den kristelege vekeavisa Norge IDAG

Aktuell

Ba KrF gå mot mistillit mot Sylvi Listhaug

eva@dagogtid.no

Det har handla om Sylvi Listhaug i to veker, og det skal handle om henne her òg. Ho som trassa Erna Solberg og i fleire dagar nekta å slette Facebook-innlegget der ho hadde skrive at «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Ho som verken Siv Jensen eller Erna Solberg såg seg tente med å be gå, sjølv når det var klart at stortingsfleirtalet ikkje lenger hadde tillit til henne, sjølv når heile regjeringa stod på spel.

Bjarte Ystebø står bak den kristenkonservative organisasjonen Kristenfolket og er assisterande redaktør i den kristelege vekeavisa Norge IDAG. Han åtvara KrF mot å gå for mistillit mot Listhaug.

– Kva er det som gjer Listhaug så viktig, slik du ser det?

– Det er at ho har vore tydeleg på at Noreg skal vere eit land prega av kristne verdiar. Ho snakkar vel om eigen kristen bakgrunn og kontrasterer det på tydeleg måte mot islam og sekulær fundamentalisme. Mange snakkar fint om kristendomen, utan å erkjenne at det finst ein motpol til kristendomen som det må gjerast noko med. Ho fyller eit politisk tomrom. KrF har hatt ein for utydeleg profil her. Ho har vore tydeleg. Innvandring spelar òg ei rolle her. KrFs liberale syn på innvandring er eit problem for mange.

– Er ikkje det å hjelpe andre ein kristeleg verdi?

– Det er ein kristen verdi å hjelpe folk som treng det, og kristne i Noreg har drive med u-hjelp lenge før det kom inn på statsbudsjettet. Det sit djupt. Men det å gje vekk alt vi eig eller ofre den nasjonale identiteten vår for å hjelpe, det er ikkje berekraftig. Mange kjenner at vi er i ferd med å miste fleire av kvalitetane ved samfunnet vårt. Integreringa har ikkje vore i takt med innvandringa. Då må anten innvandringa gå ned eller integreringa verte betre.

– Det var Listhaug som inntil nyleg hadde ansvar for integreringa, og det finst dei som meiner ho ikkje har gjort den jobben.

– Det sa dei alt før ho starta i jobben. Eg har ikkje svara her, men eg får med meg korleis folk oppfattar dette, og innvandring og integrering er ei konfliktline som er sentral for mange.

– Har Frp generelt same appellen hjå kristenfolket som Listhaug har?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Frp har to fløyer, frå FpU som føreslår polygame ekteskap og vil forby omskjering av gutebarn og den typen ytterleggåande standpunkt, som står som eit skræmebilete, til Sylvi Listhaug, som representerer den delen av Frp som Kristen-Noreg støttar.

– Listhaug har ei hard og uforsonleg debattform, kor kristeleg er det?

– Meisteren brukte ganske sterke ord han òg, så eg trur ikkje vi skal blande det å vere kristen for mykje inn i retorikkdebatten. Eg trur folk ønskjer ein venleg politisk debatt, men der det òg er rom for å setje ting på spissen. Vi kan ikkje med Bibelen i hand seie at det ikkje går an å gjere.

– Er det som Listhaug har sagt i debatten om Facebook-innlegget greitt?

– Det er fleire av dei som djupast sett sympatiserer med henne som har vore kritiske til henne i denne saka her.

– Kva synest du om Facebook-innlegget?

– Det var ikkje treffsikkert formulert, og skulle aldri ha vore publisert. Men det er mange som har mykje å orsake for om ein skal leggje lista der, så eg lastar henne ikkje mykje for det innlegget. Debatten som har følgt, har vore storm i eit vassglas. Innlegget vart utnytta av politiske motstandarar som har vore på jakt etter henne lenge.

– Kunne ho ikkje oppnådd meir om ho la vekk den uforsonlege forma og dreiv meir konvensjonelt politisk handverk?

– Det er ikkje sikkert. Det er dessutan altfor tidleg å skrive historia om Sylvi Listhaugs politiske prosjekt. Ho kan verte statsminister før det vert OL i Noreg att. Ho kan oppnå svært mykje i den rolla ho er i ferd med å tre inn i no. Det har gjort henne til ein av Noregs mektigaste og viktigaste politikarar sjølv om ho ikkje lenger er statsråd.

– Er det noko av det Listhaug har sagt og gjort, du meiner er kritikkverdig?

– Eg var svært kritisk til politiaksjonen mot den kristne konvertittfamilien på Fitjar. Der var ho dårleg informert. Det er dessutan opplagt at familien treng vern, så der var eg svært usamd med henne. Sjølv om det var ein politiaksjon, var det hennar ansvar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Meisteren brukte

ganske sterke ord, han òg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis