Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

God gamaldags kald krig

Donald Trump vil tvinga Nato-landa til å nytta 2 prosent av BNP til forsvar, og samstundes straffa Kina. Svaret på båe problemstillingane er handelskrig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Containarar driv verda. Her vert kinesiske varer lasta om bord i Shanghai i Kina for så å verta sende til California. Donald Trump vil ha mindre av slikt.

Foto: Aly Song / Reuters / NTB scanpix

4810
20180406

SAMTALEN

Arne Melchior

Økonom og forskar
ved Nupi

AKTUELL

Handelskrig

4810
20180406

SAMTALEN

Arne Melchior

Økonom og forskar
ved Nupi

AKTUELL

Handelskrig

jon@dagogtid.no

Verda er på randa av handelskrig. Donald Trump har sett seg lei på det han hevdar er både kinesisk subsidiering av eigen produksjon og reint tjuveri av amerikansk teknologi. Kina på si side svarar med å leggja straffetoll på ei rekkje amerikanske varer om USA innfører toll på kinesiske varer. Og i krysselden står vesle Noreg. Arne Melchior er samfunnsøkonom og har doktorgrad på internasjonal handel. Han er forskar ved Nupi.

– Er stoda alvorleg?

– Ja, dette er alvorleg, særleg av di vi ikkje får nokon signal om at konflikten mellom Kina og USA kjem til å verta løyst.

– Men ingen av landa har så langt innført straffetoll?

– Nei, USA har sett ein frist, og eit litt positivt trekk er det at saka er teken opp i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Men samstundes har USA sagt at dei her vil fylgja amerikansk lov og gjera nett kva dei vil. Dei hevdar at WTO ikkje fungerer.

– Vi har no vore her før. Richard Nixon gjekk i si tid mykje lenger. Han tok USA av gullstandarden og innførte toll på så godt som alt omverda produserte. Verda gjekk vidare?

– Ja, men samstundes var ikkje dei røynslene så positive. Dessutan er verdsøkonomien mykje meir integrert no, og speleromet for proteksjonisme mykje mindre. Og her har nett USA gjeve eit tilskot ved å stå i spissen for opprettinga av WTO i 1995. Men no har altså USA hamna i konflikt med WTO, og det går primært på at WTO-regimet har stramma inn på høva til å koma med proteksjonistiske tiltak. Ja, WTO har visse tryggingsventilar, til dømes reglar mot dumping og vern av patent, så grensene kan framleis tøyast litt, men det er ingen tvil om at frihandelsdisiplinen no er hardare enn før WTO. Dette liker ikkje USA, og dei har difor trenert oppnemninga av nye domarar i tvistepanela til WTO. Denne treneringa frå USAs side starta elles lenge før Trump. Og no møter USA seg sjølv i døra.

– Det som er noko underleg her, er at omverda, mellom anna på grunn av reservevalutastatusen til dollaren, i alle år har finansiert USAs handelsunderskot, eit underskot som igjen har gjeve amerikanarane høgre levestandard enn dei elles ville ha hatt? Kvifor rokka ved dette?

– Det er ei særs relevant problemstilling. USA har i tiår hatt store handelsunderskot andsynes store delar av verda, ikkje berre Kina. Fjernar vi Kina frå statistikken, ser underskotet målt over tid nesten heilt likt ut som i dag. Dollaren er den mest relevante drivaren for dette underskotet. Grunnen til at Kina i dag har ei nokså dominerande rolle i dette underskotet, er enkelt og greitt at Kina har vakse så kraftig og dimed teke delar av den rolla andre eksportørar spelte før. Det treng altså ikkje vera Kina i seg sjølv som er drivaren av det amerikanske handelsunderskotet.

– Under den kalde krigen nytta USA frihandel som eit politisk våpen for å byggja tryggingsalliansar, men etter at muren fall, verkar det meir som om frihandel vart eit mål i seg sjølv. Er dette no i endring att?

– USA har i større grad hatt politiske føringar for frihandel enn til dømes Noreg. USA var tidleg ute med frihandelsavtalar med Israel, Sør-Korea og utvalde partnarar i Sør-Amerika. Noko liknande ser vi med EU, som har avtalar med tidlegare koloniar. Noreg, derimot, vil stort sett ha frihandel av di det tener oss økonomisk. Det Trump gjer, luktar litt kald krig. Ein kan visstnok få unntak for toll på metall og aluminium dersom ein held tryggingspolitiske lovnader eller det som USA oppfattar som plikter (til dømes 2 prosent av BNP til forsvar, red. merk.). Men Trump skyt frå hofta i alle retningar. Han koplar frihandel og toll til alt mogleg og nyttar handel som eit forhandlingskort på uoversiktlege måtar.

– Er ein handelskrig så farleg for Noreg? Vi produserer lite ferdigvarer, og råvarer vil vel verda trenge i alle høve?

– Ja, det er farleg for Noreg. For det fyrste er det ein myte at vi ikkje har særleg industri, og at vi berre eksporterer olje og fisk. Men det mest avgjerande er det såkalla bytetilhøvet. Om grannelanda våre og Asia, som har vore drivaren i verdsøkonomien dei siste åra, får ein økonomisk nedgang, vil òg prisen på råvarer gå ned. Det kan råka Noreg hardt. Vi ynskjer ikkje lægre prisar for det vi eksporterer.

– Trur du det kjem ei løysing i WTO?

– Problemet er at så lenge USA nektar å utnemna nye domarar, vert det verre og verre for WTO å koma med avgjerder. Utan at dei har mange nok røysteføre domarar, kan dei ikkje fatta vedtak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Om grannelanda våre og Asia, som har vore drivaren i verdsøkonomien dei siste åra, får ein økonomisk nedgang, vil òg prisen på våre råvarer gå ned.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis