JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein krig går mot slutten

– Krigen i Syria går mot slutten. No står konflikten mellom Israel og Iran att,
seier Jonathan Spyer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rasha Edlibi, ein overlevande etter det siste gassåtaket i Syria, sit saman med to døtrer i eit telt på landsbygda nord for Aleppo.

Foto: Mahmoud Hassano / Reuters / NTB scanpix

4639
20180420

SAMTALEN

Jonathan
Spyder

Israelsk/britisk statsvitar og forskar på krigen i Syria

AKTUELL

Gassåtak i Douma

jon@dagogtid.no

Krigen i Syria nærmar seg slutten. President Bashar al-Assad har med stor hjelp frå Russland, Hizbollah og Iran knekt både IS og ei rekkje andre islamistiske grupper og den vesle demokratiske opposisjonen han møtte til å byrja med. USA på si side har sagt at dei vil trekkja seg heilt ut av konflikten, men har likevel gjennomført eit rakettåtak mot Syria grunna skuldingar om at Assad har nytta gass i kampen mot den vesle motstanden han framleis møter.

Jonathan Spyer er ein israelsk-britisk statsvitar som skriv for ei rekkje vestlege aviser, og i fjor kom han med ei bok om krigen i Syria. Spyer har ved ei rekkje høve vore inne i Syria under krigen.

– Det dei fleste lurer på, er om det verkeleg var Assad som stod bak det siste gassåtaket?

– Vi veit ikkje sikkert. Det får vi fyrst vita når ei eventuell uavhengig gransking er over. Men spør du meg, kjenner eg meg nokså trygg på at det var Assad og russarane som stod attom. For vi veit at Assad har nytta gass før, at dette er prova og at han tek i bruk absolutt alt for å vinna krigen. Med Assad er det aldri eit spørsmål om moral og etikk.

– Men han har alt vunne krigen?

– Ja, det har han, og det har vore klårt lenge, til dømes lenge før 4. april 2017. Men då nytta han gass i eit åtak mot Khan Sheikhoun nordvest i Syria. Prova for at det var Assad som stod bak gassåtaket, er heilt klåre. Dimed gjev det ikkje meining å seia at sidan krigen er vunnen, kan det ikkje vera Assad. Dessutan: Assad har før nytta både klorgass og nervegassen sarin utan å ha vorte straffa for det. Kvifor skulle han då slutta med det?

– Kanskje av di gass ikkje er så effektivt når motstandarane har gassmasker?

– Nei, gass er ikkje eit særmerkt presist taktisk våpen, det er sant. Men det er overlege godt når ein vil spreia terror og angst, og Assad vil spreia terror og angst. Vi må hugsa på at Assad-regimet er noko av det mest mordariske og groteske som finst på jordoverflata. Lenge før krigen drap dei titusenvis av menneske. Men ja, han har vunne krigen, men det står att å avslutta han og rydda bort all motstand. Og om gass gjer at han får avslutta krigen før, ja, så tek han i bruk gass.

– Så du avviser at opprørarane står attom gassen?

– Nei, det kan vera at dei ville provosera fram ein vestleg respons. Men eg ser ikkje på det som truleg, for så langt i krigen finst det ingen prov for at opprørarane har teke i bruk gass, medan det finst ei rekkje prov for at Assad-regimet har prøvd å fabrikkera prov om at opprørarane er dei som har nytta gass.

– Eg forstår ikkje heilt denne responsen frå USA og Nato. Kvifor senda av garde rakettar mot anlegg som er tome for folk av di dei sjølve har varsla russarane og dimed Assad om at åtaket kjem?

– Eg er heilt samd. Nato-responsen er latterleg, særleg sett i lys av at USA har sagt at dei vil trekkja seg heilt ut og er heilt tydelege på at dette var ei eingongshending. Kva slags signal er det til Assad, Russland og Iran? Ja, at dei kan gå i skjul nokre få timar, for så å kunna halda fram nett som før. Og denne påstanden om at dei «tok ut» teknologi og produksjonskapasitet, er om mogleg endå meir våsete. Om du vil ha klorgass, treng du berre klor. Klor kan Assad finna i næraste basseng i Damaskus. Kva dette åtaket skulle føra til, anar ikkje eg. Assad står no med hæren i Douma og har tilnærma full kontroll. Difor har han sleppt inn journalistar, ja, så godt som alle slepper inn, men enno har han ikkje sleppt inn uavhengige inspektørar som kunne finna ut kven som stod bak gassåtaket.

– No når krigen ser ut til å vera over og Iran i røynda har nær full kontroll i Syria, kva vert Israels respons?

– Det er det store spørsmålet. Vi veit at Iran no byggjer opp uavhengig militær kapasitet i Syria og i røynda då vert ein grensestat mot Israel. Israel på si side kan ikkje akseptera at Iran byggjer opp militære installasjonar i Syria. Strategisk var Israels nylege luftåtak mot den militære flyplassen i Homs dimed langt meir viktig enn Natos åtak sist veke. Syria-krigen har vore fleire krigar i krigen. Vi har hatt den felles kampen mot IS, vi har hatt ein kamp mellom USA og Russland om kontrollen over Midtausten, og vi har hatt kampen mellom Iran og Israel. Den siste kampen kjem ikkje til å verta avslutta med det fyrste. Iran vil vera i Syria. Israel kan ikkje akseptera det. Og der står vi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med Assad er det aldri eit spørsmål om moral og etikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis