JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skundar seg langsamt i spionsak

– Mange gonger går vi ikkje ut med informasjon i saker der vi ikkje har opne kjelder, seier NRKs Moskva-korrespondent Morten Jentoft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NRK har «svært lenge» visst at norsk E-teneste hadde rekruttert Frode Berg, men det var Dagbladet som fyrst sleppte nyhenda til det norske folk.

Foto: Yusuf Maydunov / AP Photo / NTB scanpix

4547
20180427

SAMTALEN

Morten Jentoft

NRK-korrespondent i Moskva

AKTUELL

Frode Berg har vedgått at han var i Moskva for den norske e-tenesta.

eva@dagogtid.no

Etter at Dagbladet sleppte nyhenda om at nordmannen Frode Berg hadde tilstått å ha vore i Moskva på oppdrag for den norske E-tenesta, stadfesta NRK-korrespondenten i Moskva, Morten Jentoft, at NRK «svært lenge» har visst at Berg var rekruttert av den norske E-tenesta. NRK vedgjekk òg å sitje på opplysningar om at «Berg skal ha foretatt flere turer til Russland som kurér for personer med tilknytning til norsk eller vestlig etterretning», og visste at Berg hadde med seg pengar, utan at det har kome ut før.

Morten Jentoft forsvarar at NRK ikkje gjekk ut med informasjonen før Dagbladet kom med avsløringa.

– Vi hadde ikkje opne kjelder for opplysningane. Då er det vanleg å vere svært varsam med å gå ut med opplysningar. NRK har ikkje teke omsyn til norske styresmakter eller andre i den vurderinga.

– Kor lenge har de sete på denne informasjonen?

– Det vil eg ikkje seie noko om.

– Mediekommentator Anki Gerhardsen skriv i Aftenposten at tilbakehaldinga av denne informasjonen går ut over truverdet til norsk presse.

– Det trur eg byggjer på dårleg kjennskap til korleis media arbeider. Det er mange gonger vi ikkje går ut med informasjon i saker der vi ikkje har opne kjelder. Her skyt ho langt over mål.

– Kva skade ville det gjort om de publiserte det de hadde?

– Det er eit hypotetisk spørsmål det er vanskeleg å svare på. Denne saka er kjensleg fordi ho involverer ein person som sit i fengsel, og ho har ei menneskeleg side. I tillegg involverer saka heile forholdet mellom Noreg og Russland og ikkje minst folk-til-folk-samarbeidet i nord, der det no har kome fram at etterretningstenesta opererer i kulissane. Det er framleis mykje uvisse og mange opne spørsmål, og det kan vere farleg å trekkje konklusjonar for tidleg. Ein skal vere ganske trygg før ein går ut.

– NUPI-forskar Jakub M. Godzimirski seier til NRK at ein ikkje kan sjå vekk frå at Berg kan ha vore dels pressa og dels lokka til å vedgå meir enn det er grunnlag for, for å svekkje tilliten til norsk E-teneste. Kva vurderingar har de gjort av det?

– Det kan sjølvsagt vere eit aspekt. Det er klart at Berg er bitter på det som har skjedd og situasjonen han har hamna i, og det kan gjere at han seier ting, men det betyr ikkje at det han seier, er feil.

– Norske styresmakter har ikkje stadfesta at han var på oppdrag for E-tenesta. Er dette slik du vurderer det, heilt utan tvil?

– Frode Berg seier han har vore på eit slikt oppdrag, og det at han har vore i Russland på tur, vert stadfesta av fleire kjelder vi har. Så er spørsmålet kva oppdraget har gått ut på, og kor klart det har vore. Ingenting er 100 prosent sikkert. I tillegg skal vi vere klare over at han har sete isolert i varetekt, og ein person som gjer det, kan seie ting han angrar på seinare.

– Har de meir informasjon om saka de ikkje har gått ut med?

– Ja, vi samlar stoff heile tida, som alle andre redaksjonar. Dette er ei sak som er under utvikling, men der det er viktig at vi skundar oss langsamt og ikkje trekkjer forhasta slutningar. Det er ei spesiell sak som har store konsekvensar ikkje berre for Berg og familien, men for forholdet mellom Noreg og Russland.

– Kan vi stole på at norsk presse rapporterer uavhengig og fritt om forhold som gjeld tryggingspolitikken?

– Eg kan ikkje svare for andre enn meg sjølv, men vi prøver å gjere så godt vi kan. Her er det òg viktig å få fram at verda ser annleis ut frå stader utanfor Oslo, Brussel og Washington, og vi prøver å fortelje at det finst andre synspunkt på ting som skjer, enn det som kjem heimanfrå.

– Er det i ettertid noko du meiner de burde gjort annleis i denne saka?

– Nei, det er vanskeleg å seie. Dette er ei sak som går litt i rykk og napp. Plutseleg skjer det ting som gjer at alle kastar seg over ho, som no.

– Kva trur du skjer i saka framover?

– Eg trur saka kjem til å gå fram til det vert rettssak, og at Berg der får ein dom. Så får vi sjå kva som skjer etter det, og om det vert mogleg å få til ei utveksling, slik Russland har gjort med Estland og USA. Då kan det vere at Noreg må samarbeide med andre Nato-land for å få til ei utveksling, for no er det ingen russarar som sit dømde i Noreg. Eit anna alternativ er om Russland vel å gje nåde til Berg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ingenting er 100 prosent sikkert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis