Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Om skatten og naturen

Oppdrettsnæringa bruker naturen, men det gjer òg turistnæringa, seier Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flakstadvåg Laks har seks konsesjonar for oppdrett av laks. I 28 år har selskapet drive sjukdomsfritt lakseoppdrett sør på Senja.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

4502
20180511

Samtalen

Inger-Marie Sperre

styreleiar i Sjømat Norge

Aktuelt

Grunnrente i oppdrettsnæringa

4502
20180511

Samtalen

Inger-Marie Sperre

styreleiar i Sjømat Norge

Aktuelt

Grunnrente i oppdrettsnæringa

peranders@dagogtid.no

Regjeringa vil greie ut ein grunnrenteskatt for havbruk. Grunnrente er «den inntekt man kan få av å eie jord og andre naturherligheter», ifølgje Store Norske Leksikon. Lakseoppdrettarane eig ikkje fjordane, men er avhengige av norskekysten som naturressurs.

Inger-Marie Sperre er styreleiar i Sjømat Norge, ein næringsorganisasjon for både oppdrettsnæringa og fiskeforedlingsindustrien.

– Regjeringa vil greie ut ein grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Det er kanskje på tide?

– Det kan vere greitt å få greidd ut korleis ein best skal skattleggje og avgiftsleggje næringa. Men da er det viktig at alle skattar og avgifter og kostnaden med konsesjonane blir sett i samanheng. Dette er ei veldig konkurranseutsett næring, ting går opp og ned. Og den største trusselen mot næringa er at skattetrykket i Noreg blir så høgt at vi ikkje kan konkurrere.

– Det er vel ikkje tvil om at det er ei form for grunnrente i næringa?

– Eg vil ikkje kome med nokon bastant konklusjon om det, men heller avvente kva som kjem i utgreiinga. Ein kan jo filosofere over det, men det er andre næringar som har større utnytting av dei frie ressursane. Oppdrettarane har kjøpt konsesjonar, dei har kjøpt utstyr og smolt.

– Oppdrettarane har dei siste par åra hatt driftsmarginar på 30–40 prosent. Det er vanskeleg å forklare på anna vis enn at det ligg ei grunnrente her?

– Eg høyrer du seier det. Men den viktigaste grunnen til dei høge prisane er at det ikkje har vore nokon vekst i produksjonen. Oppdrettsnæringa har lukkast med å skape stor etterspurnad etter laksen, og når produksjonen ikkje har auka, er det tilbod og etterspurnad som gjeld. Eg seier ikkje at det ikkje er noka grunnrente her, men det er etterspurnaden som har drive opp prisane.

– Men når verdsproduksjonen av laks ikkje har auka, er det fordi det er avgrensa med eigna produksjonsstader. Skjergardskystar med temperert vatn er ein knapp naturressurs i verda.

– Det er ikkje tvil om at kystlina vår gjer at Noreg har perfekte forhold for lakseoppdrett. Men no er det fleire som gjer forsøk med store anlegg utaskjers, som i prinsippet kan liggje kor som helst. Og det er òg forsøk med landbaserte anlegg. Om det lukkast, er ikkje Noreg den mest naturlege produksjonsstaden lenger, på grunn av den lange vegen til marknadene.

– Men slik oppdrettsnæringa driv i dag, er ho avhengig av norskekysten som naturressurs. Altså kan vi snakke om grunnrente.

– Igjen: Eg vil avvente utgreiinga av det spørsmålet. Men ja, oppdrettsnæringa brukar naturen. Det gjer òg andre næringar, til dømes turistindustrien.

– To økonomar hevda i eit innlegg i Dagens Næringsliv denne veka at grunnrenta i 2016 utgjorde 18 kroner kiloen for norsk laks, til saman 25 milliardar kroner. Kan det vere nokolunde rett?

– Det har eg ingen føresetnad for å vurdere.

– Mange meiner oppdrettsnæringa har sloppe billeg unna i mange år. Merdane er ei privatisering av sjøarealet, den store allmenningen vår?

– Det blir ei forenkla framstilling. Dette er ei veldig ung næring, og det er berre dei siste åra det har vore superprofitt. Ein bør vere nøktern når ein vurderer skattlegginga.

– Oppdrettsnæringa er ikkje så ung, heller. Ho har snart 50 års historie i Noreg?

– Oppdrettarane nytta ikkje mange kvadratmeter sjøareal for 50 år sidan. Dette er framleis ei ung næring med mange utfordringar.

– Men det har hatt sine fordelar å halde seg i sjøen. Industri på land betaler eigedomsskatt i mange kommunar, det er ingen eigedomsskatt på merdane?

– Nei, men næringa har òg landanlegg og kontor. Og det blir feil når mange framstiller dette som ei næring som ikkje betaler skatt.

– Bakgrunnen din er ikkje frå oppdrett. Familieselskapet ditt driv konvensjonell fiskefordeling der marginane er langt mindre. Har du nokon gong vore misunneleg på fortenesta til laksefolka?

– Oppdrettarane har arbeidd godt for å få opp etterspurnaden etter produkta sine, men inga næring veks inn i himmelen. Havbruk vil møte mange nye utfordringar på grunn av biologiske faktorar, marknadsendringar og konkurranse. Men eg synest det er flott at oppdrettsnæringa har lukkast. Ho har gått i bresjen for heile den norske sjømatnæringa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Den største trusselen mot næringa er at skattetrykket i Noreg blir så høgt at vi ikkje kan konkurrere.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis