Forventar snuoperasjon
Helga Pedersen (Ap) ber Høgre, Frp, Venstre og KrF slutte å plage befolkninga i Finnmark berre for å syne at det er dei som har fleirtal og bestemmer.
Finnmark fylke kan snart vere historie. Folkerøystinga om tvangssamanslåinga med Troms får inga betydning, ifølgje regjeringspartia og KrF.
Foto: Eva Aalberg Undheim
SAMTALEN
Helga Pedersen
leiar av Tana Ap
Aktuelt
Folkerøystinga i Finnmark
SAMTALEN
Helga Pedersen
leiar av Tana Ap
Aktuelt
Folkerøystinga i Finnmark
eva@dagogtid.no
Finnmark har halde folkerøysting om samanslåinga med Troms og resultatet vart eit rungande nei frå 87 prosent og ei valdeltaking på 58 prosent. I 14 av 19 kommunar røysta over 90 prosent nei. Helga Pedersen, tidlegare nestleiar i Ap, ventar at stortingsfleirtalet no lyttar på finnmarkingane og snur.
– Synest du generelt at folkerøystingar skal få overstyre stortingsfleirtalet?
– Slik denne prosessen har vore lagt opp, der regjeringa ikkje har greidd å kome opp med eit einaste godt argument for kvifor Troms og Finnmark skal slå seg saman, eller kvifor storfylket Viken skal etablerast for den saks skuld, synest eg det er rett og rimeleg å spørje folket om råd. Det er folket som skal leve med dei politiske vedtaka i kvardagen.
– Både KrF og regjeringa har sagt at folkerøystinga ikkje får betydning. Var ho eigentleg vits i?
– Ja, det meiner eg. Dersom KrF vel å stille seg bak den distriktsfiendtlege lina til regjeringa, skal dei i alle fall vite at dei ikkje har folket i Finnmark med seg.
– Kvifor synte ikkje finnmarkingane motstanden tidlegare og haldt folkerøysting før tvangssamanslåinga vart vedteken av Stortinget?
– Motstanden har vore der heile tida, og har kome til uttrykk, til dømes ved at eit monaleg fleirtal i Finnmark røysta på parti som var imot fylkessamanslåinga ved stortingsvalet i haust. Regjeringspartiet Høgre fekk jo ikkje inn distriktsmandat frå Finnmark ved valet. Frank Bakke Jensen kom inn via utjamningsmandat, ikkje via røystene til finnmarkingane. Ei rekkje målingar både i Finnmark og i Troms, har òg synt eit stort fleirtal imot samanslåinga. Finnmarkingane har sagt frå, men ikkje vorte lytta til. No har dei nok ein gong stadfesta at tvangssamanslåinga ikkje har tilslutning eller legitimitet blant dei som vert råka av vedtaket.
– Kva er hovudgrunnen til å seie nei?
– Det handlar for det fyrste om avstandar. Finnmark er alt like stort som Danmark, og korleis i alle dagar skal ting fungere betre enn i dag med eit fylke som vert endå større? Det klarer eg ikkje forstå. Det er openbert at det er folk som ikkje bur her som synest det er ein god idé. I forlenginga av det igjen, handlar det om demokrati. Ei samanslåing betyr lenger reiseveg til politiske møte, lenger å reise på møte i idrettskrinsen, lenger å reise på møte i fagrørsla. Kvardagsdemokratiet vert meir krevjande. Finnmarkingane kjem ikkje lenger til å ha styringa med eige fylke. Vi kjem til å utgjere ein tredjedel av befolkninga i den nye regionen og vere i mindretal.
– Eit føremål med samanslåinga er at større regionar skal kunne ta over fleire statlege oppgåver og meir ressursar og makt. Det kan vere det endar positivt.
– Eg er grunnleggjande sett ein optimist, men eg er òg ein realist, og så langt har fasiten vore at det vert færre oppgåver til den nye regionale nivået, i og med at tannhelsetenestene skal vekk frå det regionale nivået. Regjeringa har og endra kostnadsnøkkelen i inntektssystemet slik at særleg Troms, men òg Nordland og Finnmark har tapt store beløp. Så vi går inn i ein region med dårlegare økonomi enn før. I tillegg er det kutta i næringsutviklingsmidlar til fylkeskommunen, som er blant dei viktigaste verkemidlane for å leggje til rette for nye arbeidsplassar.
– Kva no for nei-folket?
–?No er det resultatet av folkerøystinga som er viktig. Eg ventar at Høgre, Frp, Venstre og KrF snur. Om dei ikkje gjer det, må dei finne ei betre forklaring på kvifor Troms og Finnmark skal slå seg saman enn at dei som stortingsfleirtal har bestemt det. Dei burde støtte opp om demokratiet og ikkje plage befolkninga berre for å syne at det er dei som har fleirtal og bestemmer.
– Er det for seint for Ap å reversere ei samanslåing dersom de får fleirtal i 2021?
– Eg håpar dette vert ei av sakene der Ap ikkje treng å rydde opp, men at Krf no tek ansvar og syter for at resultatet vert i tråd med det folket ønskjer.
– Men kjem Ap til å rydde opp om ikkje?
– Personleg har eg sterke meiningar, men eg er ikkje den rette personen til å svare. Eg har ikkje tenkt så langt heller. Det viktige er å stoppe no, for det vil vere heilt vanvittig å bruke mange titals millionar kroner på ei samanslåing og så kanskje gjere om på det med eit anna stortingsfleirtal om to år. Det enklaste, mest effektive, mest demokratiske og mest økonomiske er å stoppe no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er openbert at det er folk som ikkje
bur her, som synest det er ein god idé.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.