Nye kostar i Italia
Italia har fått ny regjering. Ingen der vil ha røynsle i å styra eit land.
Den nyvalde statsministeren Giuseppe Conte var tydeleg rørt etter møtet med president Sergio Mattarella onsdag denne veka.
Foto: Remo Casilli/Reuters/NTB scanpix
SAMTALEN
Christian Skaug
Norsk matematikar busett i Italia
AKTUELL
Valet i Italia har gjeve ei heilt ny regjering.

jon@dagogtid.no
Italias president Sergio Mattarella har godteke Giuseppe Conte som statsminister i ei ny regjering utgått frå dei EU-skeptiske populistpartia Femstjernerørsla (M5S) og Ligaen, som båe er sterke motstandarar av den store innvandringa frå Nord-Afrika. Den nye regjeringa har gjeve lovnader om borgarløn og lægre skattar. Til saman vil det kosta 6 prosent av verdiskapinga per år, noko Italia med si enorme statsskuld og sterkt negative demografi neppe har råd til. Christian Skaug er ein norsk matematikar, tolk og forskar som er busett i Italia.
– Kan dette gå bra?
– Det står att å sjå. Dette er å pløya ny mark, men alle i prosjektet ser ut til å forstå implikasjonane og risikoen. Det verkar som dei er innstilte på at det skal fungera. Då Conte kom ut frå presidenten onsdag, var han tydeleg djupt rørt. Leiarane av dei to partia har eg tidlegare oppfatta som slubbertar. Særleg Matteo Salvini, som er leiaren av Ligaen, med si opne skjorte og uflidd skjegg, ser ut og oppfører seg som ein fyr som når som helst kan verta involvert i eit barslagsmål. Men etter valet har dei ulike aktørane oppført seg verdig, ja, nesten som statsmenn.
– Men 6 prosent av BNP i lovnader?
– Vel, vi lyt hugsa på at i Italia er det ein lang tradisjon for å seia noko heilt anna enn det som vert gjort. Denne samfunnløna er nok lite anna enn valflesk, men det var særs vellukka valflesk for M5S, særleg i Sør-Italia der dei gjorde eit brakval. Nokre der nede har rett nok teke lovnaden om samfunnsløn særs alvorleg. Straks valet var over, møtte mange opp i rådhus i sør og kravde samfunnsløna utbetalt, for det var dei lova, meinte dei. Men i tida etter valet har lovnaden om samfunnsløn vorte kraftig utvatna, no skal ho kanskje koma seinare, og då med mange vilkår knytte til seg. Ja, eg trur den nye regjeringa vil utfordra EUs budsjettregelverk, men det vert neppe på samfunnsløn.
– Det nesten einaste dei to partia har til felles, er motstanden mot innvandring frå Afrika. Er dei viljuge til å nytta makt i Middelhavet?
– Det veit vi heller ikkje. Men i går gjekk Jean-Claude Juncker ut og sa at EU ville fylgja ekstra nøye med på Italia og syta for at innvandrarar vert handsama i tråd med menneskerettane. Han sikta sjølvsagt til lovnaden om å utvisa 500.000–600.000 innvandrarar frå Italia. Dette var føre var-taktikk frå EU. Men maktbruk i Middelhavet vil ikkje vera noko revolusjonerande nytt. Berlusconi sende skip attende til Libya og gjekk inn avtale med Gaddafi. Så ja, det er klart at ei italiensk regjering om ho vil, kan få til å senda immigrantar attende til Afrika gjennom ein returavtale med eit trygt land. Det i seg sjølv vil stogga innvandringa over havet.
– Men om ikkje eingong denne regjeringa maktar å stogga den upopulære innvandringa, mister vel veljarane all tru på politikken?
– Det har skjedd mange gonger før. Det italienske minnet er ikkje langt i slike saker. Men det er klårt at når ein har ei politisk klasse som den vi har i Italia, så vert ein fort kynisk. Det vi veit, er at båe partia gjorde eit fantastisk val. Mange har røysta i desperasjon. Berlusconi vart i si tid vald av same grunn, Forza Italia var noko nytt, og veljarane var lei av den tradisjonelle politiske klassen. Eg kjenner mange som ikkje røysta på nokon av dei to, men som no seier at det er like greitt at dei danar regjering, dei vil ha noko anna. Når Conte har vorte såpass ufint handsama dei siste dagane, tek mange det som eit godt teikn. «Aha, eliten liker han ikkje, det må tyda på at han er kritisk til makta. Bra!» ser mange ut til å tenkja.
– Men kva er det italienarane er så misnøgde med? Dei er EUs tredje største økonomi, og levestandarden er ikkje nett dårleg.
– Særs mange italienarar har eit godt liv, det er det ingen tvil om. Men samstundes er det store sosiale skilnader. Er du ung og kjem frå den halvdelen som har minst, har du lita von om å koma deg ut i ein godt lønt jobb og få din eigen bustad. I Italia kjem du deg ikkje inn i bustadmarknaden utan hjelp heimanfrå. Det vi ser konturen av i Noreg, at foreldre hjelper borna inn, er eit ålment fenomen i Italia. Italienarane vantar framtidstru, det er det store problemet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er du ung og kjem frå den halvdelen
som har minst, har du lita von om
å koma deg ut i ein godt lønt jobb
og få din eigen bustad.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.