Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Haustar frukta av opprustinga

– Eg trur Kim driv ei form for dobbeltspel. Han kan tilby inspeksjonar, prøvestans og missilmoratorium, men det betyr ikkje full nedrusting, seier Sun Heidi Sæbø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Med møtet med Trump har Kim Jong-un fått presentert seg som ein internasjonal statsmann, og det kjem til å verte framstilt som om det er han som har fått USA med på dette, seier Sun Heidi Sæbø.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix

4955
20180615

SAMTALEN

Sun Heidi Sæbø

journalist og forfattar

AKTUELL

Kim Jong-uns møte med Donald Trump

4955
20180615

SAMTALEN

Sun Heidi Sæbø

journalist og forfattar

AKTUELL

Kim Jong-uns møte med Donald Trump

eva@dagogtid.no

Analysane av det historiske møtet og avtalen som vart inngått mellom USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un denne veka har vore sprikande. Har Nord-Korea forplikta seg til atomnedrusting? Står det noko i avtalen som forpliktar? Var det ein dårleg idé for Trump å møte Kim åleine? Kan nordkoreanarane stole på Trump?

Journalist og forfattar Sun Heidi Sæbø har skrive bok om Kim Jong-un. Korleis tolkar ho møtet?

– Dette var eit møte Kim Jong-un har pressa hardt på for og stått imot mange fornærmingar frå både Trump og Trumps advokat Rudy Giuliani for å få. Det er òg eit møte Trump har ønskt trass i alle gode råd, fordi det gjev han eit høve til å spele rolla som avtalemeister i internasjonal politikk.

– Kvifor har Kim Jong-un ønskt dette så sterkt?

– Heilt sidan starten av atomprogrammet på slutten av 50-åra har mykje av sjølvbiletet til Nord-Korea vore modellert rundt fiendebiletet av USA. Målet heile vegen har vore å få ei forsikring og ikkje-åtakspakt. Då Nord-Korea gjennomførte vellukka testar både av ei hydrogenbombe og av langdistansemissilar i fjor, synte Jong-un til kor glad Kim Jong-il hadde vore om han hadde sett det. Så når han då får møte USAs president i Singapore framfor verdspressa, haustar han frukta av atomprogrammet og den mangeårige opprustinga.

– Kva får han ut av det på heimebane?

– Dette kjem til å verte framstilt som ein stor siger. Han har fått presentert seg som ein internasjonal statsmann, og det kjem til å verte framstilt som at det er han som har fått USA med på dette.

– Kva maktbase har han heime?

– I 2013 drap han onkelen. Til grunn for den avrettinga låg det ein tydeleg maktkamp mellom partifløya onkelen representerte, og den militære fløya. Med drapet valde Kim den militære fløya, og ho står sterkt framleis.

– Betyr avtalen med Trump at han kjem til å starte avvikling av atomprogrammet?

– Eg trur ikkje dei kjem til å ruste ned fullstendig. Sidan Nord-Korea alt har kjernevåpen og stor kapasitet på mellomdistansemissilar og har gjort vellukka testar av langdistansemissilar, kan ein sjå føre seg at dei har avskrekkinga dei treng for å sikre regimet. Dimed vil det koste Kim ganske lite å gå med på forhandlingar om prøvestans, stoppe testing av missilar og kanskje òg gå med på vidare nedbygging av atomanlegg. Ut frå avtalen som er signert, treng han ikkje gjere det, men det kan vere han gjev etter for det i vidare forhandlingar, fordi han ønskjer tilnærming og avspenning. Eg trur Kim driv ei form for dobbeltspel. Han kan tilby inspeksjonar, prøvestans og missilmoratorium, men det betyr ikkje at han tilbyr full nedrusting. Vegen dit er lang og komplisert, og eg personleg trur ikkje vi kjem til å kome dit.

– Er vi då lenger unna ein atomkrig no enn i vinter?

– Ja, det trur eg absolutt, men det er ikkje USAs forteneste, det kjem av vurderingane til Kim.

– Kva betyr avtalen for Sør-Korea?

– Det er mange reaksjonar i sør på at Trump har signalisert at han vil avslutte militærøvingane mellom USA og Sør-Korea, og det kjem nok til å skape debatt vidare. Når det er sagt, trur eg både Sør-Koreas president Moon Jae-in og Kim har interesse av kursen som er staka ut no. For å sjå på det positivt så er det ein unik situasjon no med Moon i sør, som aktivt følgjer tilnærmingspolitikken, ein ung nordkoreansk leiar, som kjenner seg i posisjon til å forhandle, og ein amerikansk president som er så ukonvensjonell og ikkje tek inn over seg verken historia eller menneskerettsspørsmålet, men av den grunn òg er open for å få ein avtale.

– Kor mykje av det Kim gjer no, kjem av at Nord-Korea har det som trengst for avskrekking, og kor mykje kan forklarast med Kim sjølv?

– Det finst dei som ser eit klart skilje hjå Kim før og etter 2016. Året før var krevjande fordi Sør-Korea, Japan og Kina snakka godt saman, og fordi Iran-avtalen kom på plass. Nord-Korea kjende seg isolert og gjorde fleire forsøk på å få til forhandlingar med USA, utan å møte interesse. Då valde Kim ein slags «vinn eller forsvinn»-taktikk, gjennomførte to atomprøvesprengingar og ei rekkje missiltestar, og utviklinga skaut fart. På teknisk side er det nok litt meir tilfeldig at dei tok til å meistre den teknologien dei hadde hatt sidan byrjinga av 90-åra.

– Kva trur du skjer framover?

– Eg ser ikkje vekk frå at vi kan sjå ein avtaletekst i løpet av året, slik dei er samde om. Spørsmålet er om dei kjem til å halde han. I den lange og krunglete historia om å få til ein avtale om Nord-Koreas atomprogram har det ikkje vore mangel på avtalar, men på avtaletekstar som er gode og presise nok, og som partane held.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg trur ikkje dei kjem til å ruste ned fullstendig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis