JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Useriøst og destruktivt å snu

Teoretisk er det mogleg å snu vedtaket om å tvinge Finnmark saman med Troms, men i praksis kjem det ikkje til å skje, trur Høgres Jo Inge Hesjevik i Finnmark.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
87 prosent sa nei og valdeltakinga var på 58 prosent då Finnmark heldt folkerøysting om samanslåinga med Troms.

Foto: Eva Aalberg Undheim

5028
20180629

SAMTALEN

Jo Inge Hesjevik

Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Finnmark

AKTUELL

Bråket rundt fylkessamanslåinga i nord

eva@dagogtid.no

Det raudgrøne fleirtalet i fylkestinget i Finnmark vedtok å la vere å oppnemne medlemmer til fellesnemnda som skal førebu den vedtekne tvangssamanslåinga med Troms, i håp om å stogge samanslåinga som fleirtalet gjennom folkerøysting har gått imot. Regionalminister Monica Mæland (H) svara med å endre ei forskrift og sikre at nemnda kan vere vedtaksdyktig utan representantar frå Finnmark.

Jo Inge Hesjevik er gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Finnmark og røysta for samanslåinga.

– Synest du det er innanfor av regjeringa å endre spelereglar over natta?

– Spelereglane er ikkje endra over natta. Nemnda som gjev oss sterkare mandat enn folketalet skulle tilseie, med 17 representantar frå Finnmark og 19 frå Troms, ligg framleis der, og Finnmark kan framleis tiltre den. Samstundes er det essensielle ting som må på plass før valet neste haust skal gjennomførast. Nemnda er endra for å få på plass dei tinga.

– Kva følgjer trur du all tvangen i denne saka har for tilliten til politikarane?

– Konfliktsituasjonen som har oppstått både mellom opposisjonen, med Høgre, Frp, Venstre og KrF, og Arbeidarpartiet i Finnmark, men òg mellom Ap i Troms og Ap i Finnmark, er sjølvsagt negativ.

– Kva med tilliten til Storting og regjering?

– I alle sakene der sentralt hald overkøyrer regionalt hald, går tilliten til politikarar ned, men det er ein dynamikk vi aldri kjem vekk frå. I Finnmark ønskjer vi til dømes òg høve til å leggje skuterløyper friare, men der vert vi òg overkøyrde.

– Erna Solberg seier til Nationen at den demokratiske legitimiteten er styrande for henne i regionreforma. Kvar er den demokratiske legitimiteten i samanslåinga for Finnmark, slik du ser det?

– Vi var heilt opne om at vi ville gjennomføre samanslåinga då vi gjekk til val i haust. I tillegg er dette ei reform som omfattar heile landet. Hadde det berre dreidd seg om Finnmark, ville eg ikkje sagt reforma hadde legitimitet, men når ho gjeld heile Noreg, er det vedtaket frå Stortinget som gjeld, og det som gjev legitimitet.

– Finnmarksfleirtalet røysta på parti som var imot tvangssamanslåing, og har sagt klart nei i folkerøysting. Kva skulle dei gjort for å verte høyrde?

– Det finst fleire spørsmål der Finnmark ønskjer andre resultat enn det stortingsfleirtalet vil, men nokre oppgåver er lagde til Stortinget, andre til lokalpolitikarane, og dette er ei nasjonal reform.

– Synest du sjølv samanslåinga er ein god idé?

– Vi finnmarkingar knyter så mykje av identiteten til regionen, så hadde Finnmark sjølv fått bestemme, ville ikkje reforma ha vorte gjennomført. Eg synest likevel samanslåing er ein god idé, sidan det regionale nivået i dag er så lite avgjerande at nedlegging var eit alternativ. No er hovudoppgåva vår å revitalisere det politiske nivået regionalt og å løyse utfordringane for samferdselssektoren, dei vidaregåande skulane og anna.

– Kva trur du skjer no?

– Det kjem truleg eit nytt forslag i Stortinget frå Sp i haust om å reversere reforma. Då vil det vere 12 månader til valet, og dei fleste parti er ferdige med nominasjonane. Vi veit òg at dei er godt i gang med program og nominasjonar i alle dei andre nye regionane, så eg trur at når hausten kjem, vil Finnmark òg byrje på den jobben.

– Stortinget kan ta inn over seg folkemeininga og snu?

– Teoretisk er det mogleg, men i praksis trur eg ikkje det skjer. Dei aktuelle partia – Høgre, Frp, Venstre og KrF – er klare på at vi ønskjer at prosessen skal gjennomførast. Det har òg å gjere med truverd. Fleire organisasjonar i Finnmark har alt slått seg saman med Troms, fordi dei har tillit til og trur stortingsvedtaket skal gjennomførast. Det er òg sendt ut varsel til befolkninga, til skular og andre institusjonar om at samanslåinga skal gjennomførast. Det å snu ei slik sak 12 månader før eit val, og midt i ein prosess der andre fylke ventar på nye oppgåver, oppåver som er avhengige av utfallet i Finnmark, er både useriøst og destruktivt og ville ha store konsekvensar både for Finnmark og for resten av landet. Vi ville ha eit lite fylke med berre 76.000 innbyggjarar i staden for 240.000.

– Kvifor er det så ille? Det nye fylkeskartet inneber større variasjon i folketal og landareal mellom fylka enn i dag.

– Men det er ikkje det øvre folketalet som avgrensar kor store oppgåver eit fylke kan ta på seg, det er nedre talet. Og det har vi merka lenge i Finnmark. Renommeet til fylkeskommunen har ikkje vore så bra. Når vi har fått oppgåvemeldinga frå regjeringa – før reforma – har det vore oppgåver vi har meint ikkje burde desentraliserast til regionalt nivå, fordi vi ikkje har hatt høve til å ta dei på oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Hadde det

berre dreidd seg

om Finnmark,

ville eg ikkje

sagt reforma

hadde

legitimitet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sjur Vatne Brean (t.v.) spelar hovudrolla som Gunnar Sønsteby.

Foto: SF Studios

FilmMeldingar

Store, trauste ord

Som filmkarakter hadde Gunnar Sønsteby gjort seg med litt mindre glorie.

Brit Aksnes

Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.

Foto: Florion Goga / Reuters

Samfunn

Eit tidsskilje i EUs asyl- og migrasjonspolitikk

Asylhandsaminga kan verte flytta til land utanfor EU, og dei som får avslag på asyl i EU, kan verte sende til retursenter i tredjeland. Det er resultatet om tiltaka EU no vurderer, vert ein realitet.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis