Store, trauste ord
Som filmkarakter hadde Gunnar Sønsteby gjort seg med litt mindre glorie.
Sjur Vatne Brean (t.v.) spelar hovudrolla som Gunnar Sønsteby.
Foto: SF Studios
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Krigsfilm
Regi: John Andreas Andersen
Nr. 24
Med: Sjur Vatne Brean, Eirik Hivju, Lisa Loven Kongsli
Kinofilm
Den eldre Gunnar Sønsteby (Hivju) held føredrag for eit skulebesøk på Rjukan kraftstasjon om korleis hans yngre sjølv (Brean) opplevde andre verdskrigen som motstandsmann saman med kompanjongane sine. Men var alt dei gjorde riktig, sjølv om grunnen alltid var det?
Oppskrifta
Heidrast den som heidrast skal, men dette maskineriet av krigsfilmar verkar ustoppeleg, fantasilaust og på grensa til kynisk. Sidan Max Manus (2008) har desse filmane sett relativt like ut, gjerne med same type musikk, fargefilter og storslegne naturfoto. Og utanom litt skifte i hårsveisar (også periodedrama følgjer dagens mote, om du lurte) kan du nesten seia på førehand korleis sekvensane kjem til å vere.
Men greitt, filmskaparane har eit stort publikum som meir eller mindre forventar akkurat dette, eg forstår at dei ikkje torer utfordra formelen. Solid kameraføring, klipping og spesialeffektar forstår regissør John Andreas Andersen seg på. Både Nordsjøen (2021) og Skjelvet (2018) og ikkje minst TV-serien Okkupert (2015) bør vera gode referansar for å ta på seg ein av dei mest kjende motstandsmennene våre, Gunnar «Kjakan» Sønsteby. Han sviktar ikkje oppdraget sitt her heller.
Dialogg
Ein av dei aller største veikskapane med sjangeren (i alle fall på norsk) er dialogen. Det er etter kvart utruleg at filmnasjonen Noreg ikkje klarar få dreisen på dette. Nok ein gong høyrest linjene meir framførte ut enn spelte. Er det slik at stiv dialog byrjar bli del av formelen? Det er synd i så fall.
Og heilt frå starten er det lagt opp til ei helteframstilling av Sønsteby som gjer meg sveitt, utan at han sjølv kan noko for korleis han blir framstilt på film. Han er så prinsippfast, kald og klartenkt, så heva over alle andre at det blir pinleg å sjå. Denne førebiletebygginga kler filmen dårleg. Den eigentleg heilt overflødige scena der Sønsteby møter kong Haakon i London, gjer meg sveitt – det er som om filmskaparane brukar sleggje for å banka inn glorien over hovudet på Sønsteby.
Trailer: nr. 24
Meir skugge i monitor
Heldigvis – takk og lov! – kjem det ein kritisk vri mot slutten som verkeleg løfter Nr. 24 fleire hakk. Det er altså plass til nyansar, det vart berre ikkje rom for å baka det inn i sjølve historia. For å ikkje skjere alt av krigsfilmar over éin kam, så vil eg seia at både Kampen om Narvik (2022) og Krigsseileren (2022) tok nyansane på alvor og klarte visa spennet i menneska stilt overfor situasjonar i ufred.
Nr. 24 får fram enkelte detaljar som gjer at det vrir seg innvendig, og med krig rundt oss på alle kantar i større grad og nærare grad enn på lang tid, vil filmar som dette få ny aktualitet, også for nettopp skuleklassar. Sidan Sønsteby og hans kompanjongar ikkje lenger kan halda føredrag som i filmen, ser kanskje filmskaparar dette som sitt samfunnsoppdrag. Då håpar eg at nyansar og helst betre dialog blir del av den nye formelen. Nr. 24 føyer seg trygt inn saman med dei andre motstandsheltane – som ein sjablong med ørlite skuggar i hjørna.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?