Trump meiner alvor med Grønland
To dagar før juleftan kunngjorde Donald Trump på nettstaden Truth Social at han hadde peikt ut tech-grunnleggjaren Ken Howery som ny ambassadør til kongeriket Danmark. Meldinga ville normalt ikkje laga noko oppstyr, hadde det ikkje vore for ei setning nede i ordflaumen frå Trump:
«Med sikte på nasjonal tryggleik og fridom over heile verda meiner USA at eigarskap og kontroll med Grønland er noko som er heilt naudsynt.»
Rett etter, på juledagen, sende Trump ut helsingar i aust og vest. Ei av helsingane lydde slik: «...og så til folket på Grønland, som USA treng for nasjonal tryggleik, og som ynskjer at USA er der, og det vil me vera».
«Grønland eit symptom på den auka internasjonale spenninga dei siste åra.»
Ynskjer å ta kontroll
Plutseleg har Grønland altså dukka opp igjen. Førre gongen Trump var president, sa han at han ville kjøpa Grønland av Danmark. Då det synte seg at ingen i Danmark tok Trump alvorleg, avlyste han ei planlagd vitjing til landet. Så tapte Trump valet i 2020, og danskane trudde at oppstyret kring Grønland var ute av verda.
Slik var det ikkje. Så fort han hadde høve til det, og ein månad før presidentinnsetjinga 20. januar, henta Trump fram igjen den same tanken: Den påtroppande leiinga i USA ynskjer å ta kontroll over verdas største øy.
Saka vekte – mildt sagt – oppsikt i Danmark. Når ein les kommentarane i danske medium, ser ein at utspela til Trump denne gongen blir tekne alvorleg. Den danske statsvitaren Mikkel Vedby Rasmussen, til dømes, stilte i Weekendavisen dette provoserande spørsmålet: Er det nokon som vil vedda ei månadsløn på at Grønland er ein del av kongeriket Danmark om ti år? Han svarte med å visa til at grønlandske politikarar den siste tida fleire gonger har talt på grønlandsk i det danske folketinget. «Sjølv ikkje dei mest inkluderande adjektiva kan skjula det faktum at grønlandske politikarar definerer seg sjølve og landet sitt som noko anna enn dansk», slo statsvitaren fast.
Nett her ligg problemet: Om amerikanarane med Trump i spissen hadde vore sikre på at Grønland for evig og alltid vil vera ein del av kongeriket Danmark, hadde denne saka neppe dukka opp. Problemet er at somme i USA tvilar på at danskane har kontroll med øya. Og kontroll handlar om to ulike saker. For det fyrste det tryggingspolitiske. Den som kontrollerer Grønland, kontrollerer vegen inn til det nordamerikanske kontinentet. Det andre er ressursane og minerala som finst på Grønland.
Seier opp avtalen
Difor er Grønland viktig. Som fleire danske kommentatorar har slått fast, er Grønland eit symptom på den auka internasjonale spenninga dei siste åra. For kva vil skje den dagen det grønlandske heimestyret seier opp avtalen med den danske riksfellesskapen? Som alle veit på båe sider av Atlanterhavet, er ikkje dei om lag 56.000 innbyggjarane på øya i stand til å finansiera drifta av ein sjølvstendig grønlandsk stat. Ifylgje den grønlandske avisa Sermitsiaq er det danske blokktilskotet til Grønland no på fire milliardar danske kroner, noko som utgjer 72.000 danske kroner – 114.000 norske kroner – per person på øya. Det svarer til meir enn halvparten av statsinntektene på Grønland. Om Grønland skulle bli ein sjølvstendig republikk, ville det vera ein stat på tiggarstien.
Kvar er det tenkjeleg at denne staten vil gå for å få pengar til vidare drift? Om nokon i Moskva skulle tenkja på å kjøpa seg ein flåtebase på Grønland, så underskreiv USA og Danmark i 1951 ein avtale som gav USA ansvaret for forsvaret av Grønland. Denne avtalen gjeld framleis. USA har i dag ein strategisk viktig base på Thule i Nord-Grønland. Inga regjering i USA vil tillata at ei fiendtleg makt byggjer ein militærbase på Grønland.
Monopol på jordartar
Noko anna er det med rettane til mineralutvinning på øya. Kunne til dømes den kinesiske staten vera interessert i å betala republikken Grønland årleg fire, åtte eller kanskje åtti milliardar danske kroner for retten til å utvinna alle rikdomar i dei grønlandske fjella? Svaret er opplagt. For eit drygt tiår sidan var det planar om å byggja ein heil kinesisk gruveby med fleire tusen innbyggjarar rett ved hovudstaden Nuuk. Så seint som i 2018 kom det eit tilbod frå ein kinesisk statseigd bank om å byggja to lufthamner på øya.
Alle desse framstøytane rann ut i sanden, men interessa for Grønland har ikkje minka. No er det fyrst og fremst sjeldne jordartar som stel overskrifter. Skal ein hindra at Kina forsterkar monopolet sitt på sjeldne jordartar, vil det vera avgjerande å halda landet ute av Grønland.
Tidsskilje
Ved sida av at Donald Trump tok opp kontrollen med Grønland i julehelga, sende han ut meldingar som tyder på at han kan tenkja seg å ta attende drifta av Panamakanalen. I Norden må me likevel innsjå at om det skulle vera noka form for realisme i desse utspela, så er det at Grønland om nokre år får den same tilknytinga til USA som til dømes Puerto Rico og fleire øyar i Stillehavet har.
Kven er det som har mest å tapa om Grønland går frå å vera del av den danske riksfellesskapen til å få ei eller anna form for tilknyting til USA? Det er liten tvil om svaret. Sjølv om danskane mista Noreg i 1814, klarte dei å halda fram som ei nordatlantisk stormakt takka vera kontrollen over dei opphavleg norske bilanda Island, Færøyane og Grønland. I åra etter krigen var det kontrollen over Grønland som gjorde at Danmark var noko meir enn ein europeisk småstat. Om Grønland går ut av riksfellesskapen, vil det vera eit tidsskilje i dansk historie.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.
Ein småkriminell far og son gøymer seg på ein sommarleir for unge vaksne med nedsett funksjonsevne og gjev seg ut for å vere ein brukar og hans føresette.
Foto: Ymer Media
Komedie frå gamle dagar
Hjelp, vi dreg på ferie med psykisk utviklingshemma!
Ein bridgespelar kontemplerer, anten over ein feil han har gjort, eller ein feil han vil unngå å gjera.
Foto: European Bridge League
Angsten og lidinga
Eit årsskifte gjev høve til å gjera opp status, også for ein bridgespelar. Det er aldri hyggeleg.
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.