«Scholz slit med å begeistre ikkje berre dei store veljarmassane, men eigne partifellar.»
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Tysk nyval
Hausten 2021 danna Sosialdemokratane (SPD), Dei Grøne og det liberale partiet FDP ein regjeringskoalisjon, og Olaf Scholz vart ny kanslar.
Hausten 2024 kollapsa koalisjonsregjeringa etter konfliktar.
Årets val er framskunda frå september til 23. februar.
Det er venta at mange vil stemme på yttarleggåande parti, som ytre høgre-partiet AfD.
Også eit nytt populistisk venstreparti, Sahra Wagenknecht Alliance (BSW), påverkar dynamikken.

Kommentar
For nokre veker sidan deltok eg på eit møte der ein representant for tyske styresmakter sa at det blir val: «Vi får ei fleirtalsregjering, og ho kjem til å gå ut frå det politiske sentrum.» Han gjentok poenget akkurat så mange gongar at det kjendest meir som ei manifestering, altså det å ønske og sjå for seg noko så sterkt at ein får det til å skje. Etter at kanslar Olaf Scholz stilte kabinettspørsmål i forbundsdagen, veit vi iallfall at det blir nyval i Tyskland i februar.
Det politiske sentrum i Tyskland blir stadig mindre. Det gjer at det blir vanskeleg å stable på beina ei stabil, handlekraftig regjering i sentrum. På dei siste målingane seier éin av tre at dei vil stemme på ytterfløyene. Dei går til ytre høgre-partiet AfD eller venstrepopulisten Sahra Wagenknecht. Nokre stemmer på ytre venstre-partiet Die Linke. Oppsiktsvekkande mange vender seg mot det som i statistikken heiter andre parti, og som dekker eit heilt arsenal av ikkje akkurat kompromissorienterte grupperingar.
Gammalt og nytt
Om ein ser historisk på det, inkluderer det som no blir kalla sentrum i tysk politikk, heile det politiske spekteret, frå ytste høgre til ytste venstre, i den gamle vesttyske forbundsdagen. Dei kalla seg ei framtidsregjering då dei overtok makta i 2021. Etter 16 år med kristendemokraten Angela Merkel som suveren regjeringssjef, skulle endeleg andre krefter få sleppe til.
Regjeringa til Olaf Scholz var ein koalisjon med tre parti: Sosialdemokratane, Dei grøne og det liberale partiet FDP, søsterpartiet til det norske Venstre. Dei lova å kombinere økonomisk vekst med grøn omstilling og sosial utjamning.
Då regjeringa kollapsa, var ho historisk upopulær. Korleis skjedde det? Mi forklaring har fire delar. Det handlar om personane, om tida vi lever i og dei økonomiske konjunkturane som politikarane ikkje rår over, men som dei må lage politikk ut frå, om arbeidarklassen og deira politiske preferansar, og om den vanskelege kunsten å møte seg sjølv i døra.
Den store bazookaen
Kanslar Olaf Scholz er både intelligent, kompetent og hardtarbeidande. Som finansminister i Angela Merkels siste regjering vekte han oppsikt då han henta fram det han kalla den store bazookaen. Regjeringa erklærte nasjonal krise og kunne difor sjå vekk frå ein budsjettdisiplin som er så streng at han er nedfelt i grunnlova. Prinsippet er kjent som gjeldsbremsa.
Den minkande populariteten til regjeringa – og sosialdemokratane – har fått Scholz’ partifellar til å spørje seg om han ikkje er feil mann til feil tid. Han slit med å begeistre ikkje berre dei store veljarmassane, men eigne partifellar. Diskusjonen minner ikkje lite om diskusjonen det norske Arbeidarpartiet har om Jonas Gahr Støre. Etter nokre dramatiske dagar bestemte sosialdemokratane seg for at dei går inn i neste val med Scholz som sin kanslarkandidat. For partifellar som ikkje er så begeistra, er det kanskje like greitt at valkampen til neste år blir kort.
Konjunkturane
Scholz-regjeringa har, nett som den norske regjeringa, fått mange uventa kriser på bordet. Dei kom til makta då verda var i unntakstilstand på grunn av koronapandemien. Så kom Russlands fullskalainvasjon av Ukraina, energipriskrisa og storskala, og dyr, omlegging av tysk forsvarspolitikk.
Etter 16 år med Angela Merkel, der økonomien stort sett gjekk så det susa, har tilstanden i tysk økonomi under denne regjeringa veksla mellom stagnasjon, resesjon og (svært) moderat framgang. Bilindustrien, landets viktigaste industri og største eksportnæring, slit. I tillegg blir landet stadig djupare vikla inn i Ukraina-krigen.
Og akkurat det er særleg smertefullt for sosialdemokratane. Vinteren 2021, før fullskalainvasjonen, var det problematisk for mange i partiet å sende hjelmar til Ukraina. Tre år og nokre Leopard-stridsvogner seinare seier Olaf Scholz at hans raude line går ved bruk av tyske Taurus-missil mot mål inne i Russland. Posisjon, prioriteringar og politikk har endra seg lynraskt.
Sjølv om sosialdemokratane og dei moglege veljarane deira mislikar Russlands aggresjon, er det mange som ikkje er komfortable med det som skjer. Sosialdemokratiske forbundsdagspolitikarar deltar i fredsdemonstrasjonar. I europavalkampen i juni brukte partiet plakatar som framstilte Olaf Scholz som ein fredskanslar. Det var ein bodskap det var vanskeleg å nå ut med. To tyske parti har hatt nei til krig som si fremste sak den siste tida, ytre høgre-partiet AfD og populistpartiet til Sahra Wagenknecht. Det har dei vunne mykje på.
Arbeidarar og andre
SPD var verdas første sosialdemokratiske parti. Sjølve ideen sosialdemokrati er tysk. Aktivisten Eduard Bernstein og filosofen Ferdinand Lasalle var begge inspirerte av Karl Marx, men til forskjell frå han verken ønskte dei revolusjon eller såg for seg arbeidarklassen som ein internasjonal kampfellesskap. Dei ville drive ein ikkje-revolusjonær arbeidarkamp innanfor nasjonalstatens rammer.
Berre tanken skremde jarnkanslaren Otto von Bismarck så mykje at han innførte sosialistlova tre år etter at SPD vart grunnlagt. Men undertrykkinga knekte på ingen måte partiet. I 1890, då lova vart fjerna, fekk sosialdemokratane 20 prosent av stemmene. Den tyske arbeidarklassen hadde fått sitt parti.
Etter den andre verdskrigen fekk det austlege Tyskland sovjetiskkontrollert statssosialisme. Det vesttyske SPD slo seg opp med den tidlegare konsentrasjonsleirfangen Kurt Schumacher i spissen. Historikaren Jürgen Kocka skriv at åra 1966–1982 var sjølve gullalderen for (vest)tyske sosialdemokratar.
Partiet fekk 46 prosent av stemmene i det vesttyske forbundsdagsvalet i 1972. Den gongen hadde partiet rett mann på rett plass til rett tid. Namnet hans var Willy Brandt. Kocka påpeikar at SPD i desse velmaktsdagane ikkje var eit einklasseparti, men eit folkeparti. Veljarane var funksjonærar, intellektuelle, folk med borgarleg bakgrunn og arbeidarar. Dei var heilt klart det mest populære partiet blant arbeidarar.
Europas sjuke mann
Ved valet i 2021 gjorde sosialdemokratane sitt beste val på 16 år, og SPD vart det største partiet blant arbeidarar, faktisk også blant dei arbeidslause. Når tyske sosialdemokratar fortel si eiga historie, er det særleg éin mann som får skulda for 16 magre år. Det er Gerhard Schröder. Dei siste åra har han fått mykje merksemd for den tette relasjonen til Vladimir Putin, arbeidet for statlege russiske olje- og gasselskap og sitt engasjement for gassrøyrleidningane som fører gass frå Russland via Austersjøen til Tyskland, altså den infrastrukturen som la grunnlaget for at Tyskland blei avhengig av russisk gass, og som slo så ekstremt uheldig ut etter fullskalainvasjonen av Ukraina.
Schröder leia dei tyske sosialdemokratane frå 1998 til 2004. Etter Schröders dagar har SPD slite med å leve opp til ambisjonane om å vere eit folkeparti og eit arbeidarparti.
I Schröders dagar var Tyskland kjent som Europas sjuke mann. Arbeidsløysa var skyhøg, på det verste stod meir enn fem millionar – over 12 prosent av arbeidsstokken – utan arbeid. Utgiftene på sosialbudsjettet eskalerte, og det same gjorde håpløysa. Fagrørsla snakka om problemet med Verlagerung, industriarbeidsplassar som forsvann ut av landet. I denne situasjonen kom Schröder og koalisjonspartnaren Dei grøne fram til at noko måtte gjerast.
Det store skismaet
Svaret vart ei omkalfatring av arbeidslivs- og velferdspolitikken. Det resulterte i lågare statlege utgifter, og i det arbeidsgjevarsida gjerne omtaler som ei «fleksibilisering» av arbeidslivet. Fagrørsla protesterte. Det førte til eit djupt og hardt brot mellom SPD og fagrørsla. Og veljarane forsvann.
I 2021 fekk SPD altså sitt beste resultat på 16 år og vart det største partiet blant arbeidarveljarane. Auka minsteløn var den fremste valkampsaka. Ved europavalet i juni i år vart ytre høgre-partiet AfD største parti blant arbeidarveljarar. Dei vart også største parti blant folk som oppgir å vere i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Også kristendemokratane fekk fleire arbeidarklassestemmer enn sosialdemokratane ved europavalet. Ingen av desse partia har tenkt å auke minsteløna.
Jürgen Kocka skriv at ein av dei største veikskapane til sosialdemokratane er at dei snakkar for mykje om problem og for lite om kva dei har fått til. Han har også ei langt meir positiv vurdering av Gerhard Schröder enn partifellane. Kocka skriv at Schröders reformer var naudsynte, dei var bra for økonomien og la grunnlaget for ein eineståande vekstperiode for Tyskland. Diverre for sosialdemokratane fall denne vekstperioden saman med kristendemokraten Angela Merkels 16 regjeringsår.
Helteglorien forsvann
Problemet med å møte seg sjølv i døra har vore aller mest prekært for partiet Dei grøne, som har hatt størst problem. Partiet gjorde sitt beste val nokosinne i 2021, løfta fram av streikande skuleungdomar som var oppelda av Greta Thunberg.
Regjeringa Scholz hadde tydelege og ambisiøse mål for klimapolitikken. Landet skulle bli klimanøytralt innan 2045, og det skulle bli slutt på kolkraft alt i 2038. På dette feltet har det skjedd ein heil del. I år kom 60 prosent av den tyske straumen frå fornybare energikjelder, i 2021 var det berre 43 prosent. I 2023 gjekk tyske klimagassutslepp ned med 10 prosent. Akkurat det handla vel så mykje om økonomisk stagnasjon som om effektive klimatiltak. Men populariteten blant veljarane gjekk ned.
Krasjlandinga for Dei grøne starta med dårleg politisk handverk i ei lov om oppvarming av bygg. Regjeringa brukte svært lang tid. Dei grøne ville ha raske, målbare resultat, sosialdemokratane ville ta omsyn til folk med svak økonomi, og det liberale FDP var opptatt av næringslivet.
Då forslaget vart lagt fram, bad regjeringa forbundsdagen om å behandle saka i ekspressfart. Opposisjonen klaga saka inn for forfatningsdomstolen, og domstolen kom fram til at regjeringa hadde lagt opp til uforsvarleg saksbehandling. Lova vart eit prestisjenederlag for heile regjeringa, men aller mest for visekanslar Robert Habeck som var ansvarleg for saka, og for partiet hans, Dei grøne.
Å møte seg sjølv i døra
Vegen til kabinettspørsmål starta også med ein dom i forfatningsdomstolen. Det handla om den strenge tyske budsjettdisiplinen, forankra i grunnlova. 15. november 2023 kom forfatningsdomstolen i Karlsruhe fram til at budsjettet for 2023, og planlagt for 2024, var i strid med grunnlova.
Regjeringa hadde omdisponert pengane frå Olaf Scholz’ store bazooka, desse pengane kom inn i statsbudsjettet gjennom å erklære pandemien som ein nasjonal unntakssituasjon. Pengane skulle blant anna brukast til eit fond for grøn omstilling og økonomisk vekst. Forfatningsdomstolen slo fast at denne forma for kreativitet i budsjettpolitikken var i strid med grunnlova. Dermed byrja tilliten mellom regjeringspartia å rakne.
Det som skjedde sidan, er ein slags illustrasjon av det gamle ordtaket om at hestane bitst når krybba er tom. Her kan ein sjå for seg dei menneskeetande hestane til kong Diomedes, frå historiene om Herkules og hans tolv storverk, heller enn gretne gamle gampar.
Då Scholz stilte kabinettspørsmål i forbundsdagen, sa han at Christian Lindner, tidlegare finansminister og leiar for det liberale partiet FDP, mangla sittliche Reife, noko som impliserer at han både er moralsk og etisk uskikka for regjeringsansvar.
Snart er det val. Dei kreftene som må finne saman for at Tyskland skal få ei ny regjering etter valet, er det borgarlege CDU og ein eller fleire av dei tre regjeringspartia som har brukt dei siste vekene på å hakke på kvarandre. Det ligg an til ein lang runde med regjeringsforhandlingar.
Astrid Sverresdotter Dypvik er rådgjevar i tankesmia Agenda og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.