Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

«Har du illusjonar om politikk og politikarar, vil Soundtrack to a Coup D’Etat drepe dei effektivt på 150 minutt.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fleire jazzmusikarar i USA mislikte at amerikansk UD nytta dei som «ambassadørar» i Afrika for å få merksemda vekk frå det dei dreiv med.

Foto frå filmen

3082
20241025
3082
20241025

Glimt frå den 25. filmfestivalen

Den 25. utgåva av Bergen internasjonale filmfestival er gjennomført. Blant dei over 120 filmane publikum har kunna velja mellom, presenterer vi tre som kvar på sitt vis fortel noko om føresetnadane for verda og tida vi lever i.

Dokumentar

Regi: Johan Grimonprez

Soundtrack to a Coup D’Etat

BIFF

Hausten 1960 heldt USAs president Eisenhower ei tale i FN. Der streka han under at dei nye statane i Afrika, som nett hadde blitt uavhengige frå grådige europeiske kolonimakter, måtte få byggje seg opp utan innblanding frå andre land. Især gjaldt dette Den demokratiske republikken Kongo, som Belgia hadde utbytt på det grøvste. Det han ikkje nemnde, var at han helst såg republikkens første demokratisk valde statsminister Patrice Lumumba rydda av vegen. Få månader seinare var jobben gjord og Lumumba myrda.

Slik kunne USA tryggje kontrollen over Kongos enorme uranførekomstar, som hadde gjort det mogleg å utvikle dei første atombombene.

Grenselaus kynisme

Den belgiske manusforfattaren og regissøren Johan Grimonprez har gjort filmen til noko mykje meir enn kampen om makta i Kongo. Han skildrar avkoloniseringa, FNs hjelpeløyse, men også generalsekretær Dag Hammarskjölds stygge freistnad på å styre utviklinga i Kongo (slik at det gir meining at det var der han skulle finne sin tidlege død), den kalde krigen, utvidinga av FN med nye, uavhengige statar og heile det politiske spelet om makt i Afrika – og i FN. Og den grenselause kynismen. Det er som om vi ser byrjinga på den tragiske utviklinga av verdsdelen som brått fekk sin fridom, og vi samstundes skjønar kvifor FN aldri har kunna fungere slik organisasjonen var tenkt.

Har du illusjonar om politikk og politikarar, vil Soundtrack to a Coup D’Etat drepe dei effektivt på 150 minutt.

Rikt på nyansar

Filmen er eit fenomenalt lappeteppe, så rikt på nyansar at det stundom er lett å miste tråden. Soundtrack i tittelen syner til det kanskje mest overraskande – korleis amerikansk UD nytta tidas fremste svarte jazzmusikarar som «ambassadørar» i Afrika for å få merksemda bort frå jævelskapen landet dreiv med. Då det gjekk opp for Louis Armstrong kva han hadde vore lurt med på, truga han med å seie frå seg det amerikanske statsborgarskapet sitt.

I tillegg til alt anna er filmen eit fabelaktig døme på avansert og effektfull klipping, der dei hyppige jazzinnslaga gjer det heile til ein konsert.

Seksti år seinare synest ikkje verda å ha endra seg til det betre. Dobbeltmoralen er kanskje sterkare enn nokon gong. For kort tid sidan utvida EU sanksjonane sine mot Iran. Grunngjevinga: fordi landet leverte missil til Russland, som blei nytta til drepinga i Ukraina.

Ingen nemnde kven som forsyner drapsmaskina i Midtausten med våpen.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Les også:

«Kva er det vi ikkje må vite?» (melding av De rettsløse, regi: Lena-Christin Kalle)

«Når dei rike stel» (melding av Dahomey, regi: Mati Diop)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis