Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Heva over lova

Skandalane og rettssakene gjer neppe inntrykk på Trump-veljarane,
meiner Heidi Taksdal Skjeseth.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sakene mot dei tidlegare medarbeidarane til Trump gjer lite inntrykk på tilhengjarane hans. På Trumps folkemøte i West Virginia denne veka var det høg stemning og rop frå publikum om at Hillary Clinton skulle fengslast.

Foto: Leah Millis / Reuters / NTB scanpix

4393
20180824

Samtalen

Heidi Taksdal Skjeseth

Journalist og forfattar

Aktuell

Nye skandalar
kring Trump

4393
20180824

Samtalen

Heidi Taksdal Skjeseth

Journalist og forfattar

Aktuell

Nye skandalar
kring Trump

peranders@dagogtid.no

Michael Cohen, tidlegare advokat for Donald Trump, har vedgått å ha utført ulovlege handlingar på ordre frå Trump sjølv. Heidi Taksdal Skjeseth var USA-korrespondent for Dagsavisen frå 2010 til 2016 og gav nyleg ut boka Løgn. Hvorfor Trump lyver og hva det gjør med oss.

– Kor viktig er tilståinga til Cohen?

– Det er det vanskeleg å spå om. Men ho kan vere viktig om det er ein indikasjon på at Cohen vil fortelje meir til etterforskarane til Robert Mueller.

– Saka handlar om at pengar som kan definerast som valkampmidlar, skal ha blitt brukte til å kjøpe to moglege Trump-elskarinner tause. Det verkar ikkje som særleg alvorlege brotsverk?

– Både saka mot Cohen og domen mot Paul Manafort (tidlegare kampanjeleiar for Trump, red. merk.) denne veka er for sidespor å rekne. Det viktige er ikkje kva desse to har gjort, men kva dei kan fortelje til Mueller. Og så blir det interessant å sjå om desse sakene påverkar mellomvalet. Om republikanarane held på fleirtalet i Representanthuset, blir det neppe reist noka riksrettssak mot Trump. Dette handlar meir om politikk enn om juss.

– Bill Clinton vart stilt for riksrett fordi han laug under eid. Det krev to tredels fleirtal i senatet å domfelle presidenten, og demokratane verna Clinton. Noko liknande kan skje med Trump?

– Absolutt. Og det har vore ganske stille frå republikanarane no. Det er ikkje mange som forsvarer Trump for tida, men det er heller ikkje mange som seier at dei siste sakene endrar alt. Og demokratane kjem ikkje til å få to tredels fleirtal i Senatet.

– Støtta frå republikanarane i Kongressen avheng vel i stor grad av oppslutnaden til Trump i den republikanske grasrota?

– Og den er framleis solid. Ingenting tyder på at grasrota er i ferd med å forlate Trump. Dei harde utfalla hans mot Robert Mueller og media, og oppfordringa til folk om å mistru dei, har fungert. Sjølv på folkemøtet hans i West Virginia denne veka stod folk og ropa «lock her up!» – om Hillary Clinton.

– Kva kan tenkjast å få grunnfjellet til Trump til å sprekke opp?

– Ingen av dei vanlege skandalane, i alle fall. Det måtte vere om økonomien i USA byrja å gå mykje dårlegare, så folk kjende det på kroppen. Men den går jo framleis bra.

– Eg har alltid tenkt på amerikansk politikk som ganske prippen, det skulle lite til for å lage skandale. Det er ikkje slik lenger?

– Det er fullstendig endra. Demokratane seier igjen og igjen: Kva om Obama hadde gjort det same som Trump, kva om dei nære medarbeidarane til Obama hadde blitt tiltalte og dømde slik Trumps har blitt? Men Trump har sine eigne reglar. Det har vore skandale etter skandale, men ingenting bit på han.

– Trump har sagt at han kan skyte nokon på gata i New York utan å tape oppslutnad. Det fortel noko om hybris, men det kjennest nesten sant?

– Eg trur nesten det er rett, eg.

– «Hele livet har han blitt belønnet når han har brutt reglene», skriv du om Trump i boka di.

– Som eigedomsmogul laug han stadig, han manipulerte og pressa seg fram. Han hadde band til gangstermiljø og dreiv mykje lyssky verksemd. Det var ein strategi som fungerte godt for han.

– Du var korrespondent i Washington i ei årrekkje. Korleis merka du endringa i det politiske livet i USA?

– Den aukande polariseringa var det mest slåande, og den var tydeleg alt under Obama, men er uendeleg mykje verre no. Eg merka òg den aukande skepsisen til media og journalistar. Amerikanarar er hyggelege folk som likar å prate, men med tida vart det vanlegare at republikanarar møtte meg med open mistillit fordi eg var journalist.

– I boka di forklarer du i stor grad Trump-fenomenet med framveksten av sosiale medium og falske nyhende. Men kvifor pregar dette politikken i USA meir enn i Europa? Vi har internett her òg?

– Eg trur topartisystemet er ei årsak, det har medverka til at polariseringa er mykje sterkare i USA. Mange amerikanarar er òg skeptiske til autoritetar. Og USA har ikkje noka offentleg kringkasting som dei fleste følgjer med på, du tek eit standpunkt alt når du vel tv-kanal. Trump er òg eit produkt av amerikansk underhaldningskultur, og den er langt sterkare enn vår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ingenting tyder på at grasrota
er i ferd med å forlate Trump.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis