Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit uklårt kompromiss

Framlegga til migrasjonsutvalet til Arbeidarpartiet er uklåre og vanskelege å gjennomføra, seier Grete Brochmann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Masud Gharahkhani, leiar av Arbeidarpartiets migrasjonsutval, la denne veka fram forslag til ny innvandringspolitikk.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

5236
20180914

Samtalen

Grete
Brochmann

Sosiologiprofessor

Aktuell

Ny innvandringspolitikk frå Arbeidarpartiet

jon@dagogtid.no

Denne veka kom migrasjonsutvalet til Arbeidarpartiet med innstillinga si om eit nytt regelverk for innvandring til Noreg. Ap vil taka mot fleire kvoteflyktningar, gje meir til hjelp i nærområda, berre gje flyktningstatus til personar som er personleg forfylgde og gje mellombels vern til alle andre som ikkje kan returnerast til såkalla fyrsteland. Det skal òg verta vanskelegare å få familie til Noreg for dei som berre treng vern i korte periodar. Sosiologiprofessor Grete Brochmann har leia to offentlege utval om innvandring og integrering

– Vil framlegga føra til at vi får stabile og føreseielege tal på dei som kjem?

– Det er høgst usikkert. Det er òg høgst usikker om alle framlegga kjem til å gå gjennom i partiapparatet. Men om vi tek forslaga på «face value», som det heiter, er det særs mykje som er uklårt og som det òg er uklårt korleis vil slå ut i praksis. Djevelen er som alltid i detaljane. Men at mykje ikkje er tydeleg, er truleg delvis medvite. Dette er eit kompromissdokument som skal tilfredsstilla dei ulike fløyene i Arbeidarpartiet.

– Dei seier at dei som er personleg forfylgde, skal få flyktningstatus, medan dei som flyktar frå krig, skal få mellombels vern eller verta returnert til fyrste land. Men er ein eritrearar som stikk frå militærteneste ein meir verdig flyktning enn ein syrar som flyktar frå krig?

– Distinksjonar er alltid vanskeleg. Det å setja grenser er i seg sjølv hardt. Og mellombels vern har ikkje fungert i særleg grad før. Under krigen i Jugoslavia oppstod det ein felles europeisk politikk om at vi skulle resirkulera asylsøkjarane. Folk skulle få verta så lenge det var krig, så skulle dei attende når det vart fred. Politikken oppstod av di at ein såg føre seg at ein ville få nye grupper med trong til mellombels vern, og då måtte dei som ikkje hadde det lenger ut for å gje plass til nye. I Noreg skulle det vera mellombels vern for bosniarar i tre år, og så skulle vi avklåra status det fjerde. Men før denne politikken vart testa, kom Jagland-regjeringa og gav alle frå Bosnia amnesti.

– Men vi sende ut nokre av dei som kom seinare frå Kosovo?

– Det vart mykje støy, men ja, ein del av dei vart sende ut. Og då fekk vi høyra frå juristhald at dette var lovleg etter flyktningkonvensjonen, der det heiter seg at det handlar om «behov for beskyttelse», ikkje innvandring. Tyskland var elles heilt rå på denne politikken; dei sende ut tusenvis av personar frå det tidlegare Jugoslavia sju–åtte år etter at dei kom. Så eg seier ikkje at mellombels vern og opphald er umogleg, eg seier det er særs vanskeleg. Born byrjar på skule, foreldra vert integrerte på lokale arbeidsplassar og lokalsamfunn vil ikkje sleppa dei som har slått rot i samfunnet.

– Men det har vore mest støy rundt dei såkalla mindreårige. Her er det ikkje mykje nytt?

– Nei, og dette er då også eit smertepunkt for særleg Arbeiderpartiet. Det er truleg her splittinga er størst. Samstundes har det vist seg at «politikk verkar» andsynes denne gruppa. Etter innstramingane og ikkje minst signalpolitikken frå 2015/16 er det kome særs få einslege mindreårige til Norge.

– Det verkar som om utvalet trur at dei kan hindra familieattforeining for dei med mellombels vern. Men om til dømes ein frå Eritrea vert her i fleire år, skal ikkje han få henta kona og dei to borna?

– Det der vert særs vanskeleg, same kven det gjeld. Vert ein person gåande i fleire år, kjem det garantert eit massivt press frå organisasjonar og media. Eg kjenner meg sikker på at ein slik politikk vil føra til ei oppmjuking på sikt. Men her er det noko dobbelt som det er vanskeleg å være ærleg om. Utvalet vonar nok at ein slik politikk vil føra til at dei som potensielt kan hamna i ein slik situasjon, ikkje kjem, eller reiser attende til heimlandet når dei innser at attforeining ikkje er aktuelt. Skjer det, kan det vera at ein slik politikk vil fungera nokolunde etter planen.

– Og no må Framstegspartiet gå inn for ein endå meir restriktiv politikk?

– Eg trur ikkje det bli slik. Partia har sjølvsagt ein trong til distinksjonar. Dei prøver å vera unike på viktige felt. Men om vi fjernar partistøyen, er biletet at dei store partia har ein konsensus på innvandringsfeltet. Særleg tydeleg vart det etter at EU kom fram til ein flyktningavtale no i sumar. Til og med Audun Lysbakken har kome med visse signal om at den avtalen må Noreg nok vera med på. Ein kunne snu på flisa og seia at no er tida komen for ein felles politikk om visse grensestolpar i norsk innvandringspolitikk.

– Det er lite om integrering i dokumentet?

– Ja, det skal koma eit nytt dokument om det. Truleg er det dumt av Arbeiderpartiet å splitte opp feltet. Det hadde vore klokare å streka under dei særs viktige koplingane mellom innvandring og integrering, slik vi foreslo i båe Brochmann-utvala. Det hadde vore lettare å argumentera tradisjonelt sosialdemokratisk om ein hadde teke feltet samla.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dette er eit kompromiss-
dokument som skal tilfredsstilla
dei ulike fløyene i Arbeidarpartiet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis