– Vanvitig kampanje mot kjøt
Unge kvinner burde ete meir kjøt, og vaksne menn burde ete mindre,
meiner ernæringsprofessor Anna Haug.
Samtalen
Anna Haug
Professor ernæringsfysiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
Aktuell
Dansk anti-kjøt kampanje får kritikk

andre@dagogtid.no
Å ete kjøt er like farlig som å røyke, ifølgje ein kampanje som vart spreidd på danske skular og tog i førre veke. Kampanjen var starta av danske Jakob Jønck, som har blitt mangemillionær på treningsappar og nå har valt å vie livet til å hindre folk i å ete kjøt gjennom hjelpetelefonen «Quit Meat Helpline». Kampanjen viser ei mor som sit saman med barnet sitt og røyker, berre at røyken er bytt ut med ei pølse.
Anna Haug, som er professor i ernæringsfysiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås, avviser at kjøt er farleg.
– Den danske kampanjen med ei ung dame og eit barn synest eg er vanvitig. Det er nett born og kvinner som bør ete litt kjøt.
– Det har vore ulike teoriar om at ein ikkje bør ete kjøt av miljøomsyn og fordi det kan føre til kreft, til dømes. Stemmer det?
– Det kom ein rapport i 2015 som undersøkte kva vi får kreft av. Mange forskarar var involverte, og dei konkluderte ut frå eit forsøk på mus med at tilarbeidd kjøt kunne føre til kreft. Mange var ueinige i resultata av rapporten, som samla mange av årsakene til i same kategori. I kategori 1 var asbest, røyking og sollys – og altså tilarbeidd kjøt. Men risikoen for å få kreft aukar med 2400 prosent ved røyking, medan han aukar med er 18 prosent ved å ete tilarbeidd kjøt. I Noreg har vi høg førekomst av kreft i endetarmen, men her er det mange ting som spelar inn, og vi et mindre kjøt enn mange andre nasjonalitetar i Europa.
– Kvifor oppstår kampanjar som dette?
– Det er stor interesse for å bli veganar og vegetarianar nå, spesielt blant ungdommen. Dei er opptekne av å ete sunt, redde verda og klimaet, og synest synd på dyr. Mange av dei drikk jo òg mjølk, og skal ei ku få mjølk, må ho òg få kalvar og vere i produksjon. Mykje av storfekjøtet kjem frå mjølkekyr, og husdyr i Noreg har det bra jamført med i andre land. Eg trur ikkje at det er så verst å vere sau i Noreg og få gå ute heile sommaren, til dømes. Men så blir dei slakta om hausten, og det synest mange er leitt.
– Treng vi kjøt?
– Vi har kultur for å ete animaliske produkt til middag, og vi skal ikkje nødvendigvis berre gå over til eit vegansk kosthald utan å vite kva det gjer med oss. Det finst ikkje studiar på kva eit vegansk kosthald vil medføre for oss som historisk sett har vore vane med å ete kjøt i generasjonar. Kjøtt er det einaste som inneheld nesten alle næringsstoffa vi treng. Spesielt unge kvinner og gravide kvinner treng næringsstoffa i kjøt. I Noreg har vi genar som er tilpassa animalske produkt, i motsetning til folk i til dømes India, som har genar tilpassa ein livsstil utan mjølk og kjøt. Her i landet hadde vi ikkje overlevd utan fisk og kjøt i kosten.
– Kor mykje kjøt tilrår du å ete?
– Vi får bruke dei tilrådingane Helsedirektoratet gir, som seier maks 500 gram raudt kjøt i veka.
– Kva kan vi ete som erstattar kjøt?
– Vi kan ete linser og bønner for å få protein, men det vil aldri fullt ut erstatte proteina vi får gjennom kjøt. Ein vegetarianar må ta piller for å få i seg protein, men B-12 får vi berre gjennom animalisk mat. Samanliknar vi næringsstoffa i biff og kylling, er innhald av jern, sink og B-12 i kylling berre 1/6 av det vi har i kjøt. Kvit fisk og mjølk er den beste jodkjelda vi har. Jodinntaket hos gravide er for lågt, og det kan gi skadar på fosteret. Det er viktig at gravide drikk mjølk og et kvit fisk, og det er tilrådd av mange. Kjøtt verkar i tillegg slankande, for ein blir jo mett av det. Eg meiner det er viktig at vi får dekt dei næringsbehova vi har gjennom det vi et, at vi et vanleg mat og blir mette.
– Fleire offentlege institusjonar har innført kjøtfrie dagar. Er det med på å skape eit hysteri mot kjøt?
– Kanskje. Det er mange unge jenter som tek slike signal med ein gong og blir vegetarianarar. Hadde det endå påverka dei mennene som et for mykje kjøt i dag, men dei ser ikkje ut til å ta til seg slike råd. Enkelte vegetarianarar drikk proteinshakar, som eg synest er forkasteleg. Likeins med energibarar. Eg håpar dei heller lagar seg nokre gode middagsretter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kjøt er det einaste som inneheld nesten alle næringsstoffa vi treng.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.