Sekstidagarsministerposten
Det er på høg tid å spørje kva vi eigentleg skal med ein landbruksminister i tida mellom mai og april.
Det er mykje som har gått gale for Ap–Sp-regjeringa, men eg vil likevel hevde det er lite dei har handtert så stemoderleg som bondestanden. Lovnadane gjekk høgt under heile valkampen i fjor: Bondeopprøret sette standarden og kravde rettvis betaling, og både Senterpartiet og Arbeidarpartiet lovde storløft og inntektsheving.
Så kom regjeringsskiftet. Og straumkrisa. Og om ein kan hevde det tok for mange dagar eller kanskje veker før olje- og energiministeren la fram ein krisepakke for private hushald, kan ein lure på kva som ville skjedd dersom ho i staden hadde snudd ryggen til og sagt: «De får vente til mai, det er då vi forhandlar om slikt.»
Forhandlingar i mai
Det er det landbruks- og matminister Sandra Borch har gjort. Og ikkje berre i straumkrisa: Borch overtok tilleggsforhandlingane om auka gjødselprisar frå førre regjering i oktober, men prisane har halde fram med å stige sidan då, for gassen har vorte dyrare, og det same har dieselen. Matprisane stig overalt i verda, og det pressar opp prisen på kraftfôr. Byggematerialar som ein evig effektiviserande bonde er avhengig av, vert stadig dyrare, dei òg. Berre ministeren held på det same: «Vent til mai», seier Borch, «vent på jordbruksforhandlingane, vi tar det der».
Jordbruksforhandlingane kan strekkast til å vare i to månader: Budsjettnemnda for jordbruket leverer eit talgrunnlag tidleg i april. Så kjem kravet frå faglaga – Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag – i slutten av månaden. Ei veke seinare kjem tilbodet frå staten, og så skal ein vere ferdigforhandla til 17. mai.
Kva skal vi då med ein eigen landbruks- og matminister dei resterande ti månadane i året?
Sjansane ingen tok
Ministeren hadde ikkje trunge å vere arbeidsledig. Tenk på alt ein aktiv landbruksminister kunne ha gjort med situasjonen vi no var i. Styresmaktene kunne, slik fleire kommunar i det siste har gjort, ha laga ei innkjøpsordning for gjødsel. Eller dei kunne ha sett alle kreative og faglege krefter saman for å mobilisere så mykje gjødsel som mogleg på anna vis – frå biogassanlegg, til dømes, eller kompostplassar eller kva som helst. Planar kunne vore lagde for å ta i bruk fleire areal som hadde sikra avlingsmengdene, sjølv med lågare utbytte per dekar. Og så bortetter.
Ein stat som tok seg råd og lov til å bruke milliardar for å berge infrastruktur og arbeidsplassar for Norwegian under pandemien, kan ikkje skulde på verken pengemangel eller konkurranserett når dei ikkje løftar fleire fingrar for å berge matproduksjonen absolutt alle som bur i landet, er avhengige av. At dei ikkje har gjort meir, er beint fram uforståeleg.
Skjønar dei ikkje at det er maten vår det handlar om? Ikkje nokon opptrekkbar tøykanin eller turkopp, men næringsstoffa som held oss i live kvar einaste dag? Veit dei ikkje kor vanskeleg det er å bygge opp att ein gard dersom han fyrst er lagd brakk?
Skuld på systemet
Ja, for kva er det eigentleg som har vorte så mykje dyrare dei siste månadane? Det er ikkje dyra. Ikkje plantene heller. Ikkje fjellområda, dei delvis skogkledde innmarksbeita, det biologiske mangfaldet i slåttemarka, fuglesongen i kantvegetasjonen eller aller minst jorda sjølv.
Det som har gått så kraftig opp i pris, er dei eksterne innsatsfaktorane som systemet og samfunnets krav til billeg mat i tilsyneletande endelause mengder har pålagt matprodusentane å bruke stadig meir av. Dekk og diesel. Fossil gjødsel. Straum til mekaniseringa som er naudsynt for å nå effektivitetsveksten som Budsjettnemnda kvart år legg til grunn om ein skal kunne drøyme om å oppnå inntektsveksten dei kvart år så teoretisk legg opp til.
Bortsett frå i år. I år spår Budsjettnemnda for jordbruket ein nedgang på 40.000 kroner per årsverk. Det er systemet – og dei systemansvarlege – sitt ansvar å sørge for at det ikkje skjer. Pengane må kome, men det må òg viljen til å dytte landbruket i ei meir sjølvstendig retning der dei vert mindre – ikkje meir – avhengige av alt det som berre vert dyrare og dyrare.
Fem punkt herfrå
Her er fem stadar å begynne for å få det til:
1. Utsett eller avlys lausdriftskravet for storfe. Alt før byggeprisane skaut i vêret, var kravet eit varsla adjø til altfor mange av dei små bekkane som utgjer mjølkeproduksjonen vår og sørger for lys i husa på bygdene. Dyrevelferd kan betrast på andre vis, til dømes med beite- og luftekrav.
2. Flytt tilskotsmidlar frå produksjon til areal. Slik kan tilskota gjere det dei var meint til: utjamne skilnader i driftsforhold. Å gje meir pengar per liter mjølk er å be om overproduksjon og ny dårleg lønsemd – i tillegg til meir kraftfôr og dekk og diesel. Løn heller bonden for oppgåva marknaden ikkje betaler han for – å nytte mest mogleg norsk matjord.
3. Våg å sjå stort på bruksstruktur. Ein kan byrje med å legge til rette for at naboen – ikkje han i nabobygda – tek over når ein bonde legg ned. Eller er vi komne så langt at det er på tide med eit nytt jordskifte?
4. Forby sal av mat med tap. Fillerist daglegvarekjeder og matprodusentar til vi finn ut kor milliardane selskapseigarane kvart år sit att med, kjem frå. Auk samstundes målprisane. (Ja, det er rom for det i EØS-avtalen.)
5. Alle er for auka grøntproduksjon på norsk jord, og frukt, bær og grønsaker kan auke lønsemda på små bruk. Men då treng vi eit omsetningsledd som er på bondens lag – eit reelt samvirke for grøntprodusentar.
Om alt storfe som no er meldt inn til slakt, vert slakta, kan vi ende med mjølkeimport før vi anar det. Det vil vere litt av eit nederlag for ein Sp-statsråd, men viktigare: for alle oss som likar å ete.
Siri Helle
Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om alt storfe som no er meldt inn til slakt, vert slakta, kan vi ende med mjølkeimport før vi anar det.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.