Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Anniken Huitfeldts faste binding

Den store koalisjonens lojalitet til Nato og USA kjøver det utanrikspolitiske ordskiftet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Påtroppande utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) og avtroppande utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) på veg inn i ein klem i Utanriksdepartementet 14. oktober.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5737
20211022
5737
20211022

hompland@online.no

Hovudlinene i utanrikspolitikken ligg fast, og regjeringa skal streva etter å ta vare på norske interesser. Det er den gjenkjennelege og omfamnande bodskapen frå plattforma i Hurdalssjøen.

Ine Marie Eriksen Søreide (H) og Anniken Huitfeldt (Ap) byter berre plass. Mot parlamentarisk kutyme går den avgåtte statsråden inn som leiar av Stortingets fagkomité på same saksfelt. Rollebytet stadfestar den store koalisjonen.

DET UTANRIKSPOLITISKE ordskiftet går på sparebluss og er embedded i det hjernedaude Nato og USAs skrantande verdshegemoni. Men me held oss med gamle plater frå His Master’s Voice. Noreg er som ein lettbåt på slep etter eit amerikansk hangarskip, med ein fregatt lånt bort til storebror som vil rula alle hav.

Den innbilte fredsnasjonen vil vera ein påliteleg visargut for USA på stadig fleire «omforente områder». Men NB: Kall det ikkje basar. Det gjekk eit tiår før styremaktene kalla engasjement, fredsbevaring og kvinnelikestilling i Afghanistan «krig» for eit norsk publikum.

Kva oppnådde me? Etter rapporten frå tidlegare utanriksminister Godal å visa oss som ein god og trufast alliert av USA. Me mista ti av våre beste menn, men det er ikkje gjort greie for kor mange fiendar me klarte «å ta ut», og kor mange sivile som gjekk med på kjøpet.

HUITFELDT-BINDINGEN var ein innovasjon i skisportens heimland, med fast tåjern og lêrreim rundt hælen. I utanriks- og krigspolitikken har det innovert til rottefeller som førte oss til Kandahar.

Anniken Huitfeldt ved det utanrikspolitiske roret er ein garantist for stø kurs i USAs kjølvatn. Ho var ein kulturpolitisk arbeidshest for Jens Stoltenberg til han blei generalsekretær i Nato, og sidan har ho tent for statsrådsposten i åtte år i Stortingets fagkomité.

Etter at Støre, Eide og Brende hadde hatt si tid på internasjonale scener, blei det vanlege damers tur. Det kan høyrast kvinnediskriminerande ut, men er ein kompliment til solide fagarbeidarar, som landet treng fleire av.

«DEN BEDSTE udenrikspolitik er ingen udenrikspolitik at have.» Utsegna er tillagd Bjørnstjerne og er kalla Bjørnson-lina i norsk utanrikspolitikk. Men BB sa så mykje, gjerne med store bokstavar, og han motsa ofte seg sjølv og hadde éi plattform til han flytta til den neste. Før han blei fredsvenn, var få så krigerske mot svenskane i veto- og konsulatstriden.

Norskdomsmannen og setesdølen Jørgen Løvland frå Evje kunne ha sagt det same. Han var Noregs siste statsminister i Stockholm før 1905, den sjølvstendige nasjonens første utanriksminister etter 1905 og statsminister i eit halvår etter at Venstre sprakk og blei konsolidert i 1908. Han var utanriksminister under statsminister og skipsreiar Christian Michelsen, og han overlét statsministerposten til skipsreiar Gunnar Knudsen.

I TRONTALEDEBATTEN 1. februar 1914 sa statsminister Knudsen: «For tiden er forholdet det, at den politiske himmel, verdenspolitisk set, er skyfri i en grad som ikke har været tilfælde paa mange aar.»

Knudsen følgde si eiga vêrmelding: Då skota i fall i Sarajevo 28. juni og den første verdskrigen braut ut, var han på privat segltur. På same tid låg keisar Wilhelm i Balestrand med utsikt til Fridtjof den frøkne. Han var på si årlege utflukt til norske fjordar med lystyachten «Hohenzollern».

Den tyskutdanna utanriksministeren Nils Ihlen, Strømmens Værksted, fekk det tøffare. Det fall i hans lodd å halda Noreg nøytralt under verdskrigen, slik at handelsflåten kunna sigla uinnskrenka på alle ubåthav.

J.L. MOWINCKEL, skipsreiar frå Bergen, var ei stigande stjerne i Venstre, men han mista plassen på Stortinget i 1918 då han gjekk inn for å døypa heimbyen om til Bjørgvin.

Johan Ludwig Mowinckel var gift for tredje gong, og det passa seg ikkje. Etter Grunnlova kunne han heller ikkje bli statsråd fordi han hadde meldt seg ut av statskyrkja. Det blei endra med «Lex Mowinckel» i 1919, og i Blehrs andre regjering blei han statsråd for handel, sjøfart, industri og handverk (1921–22) og utanriksminister (1922–23). Seinare var han både stats- og utanriksminister tre gonger (1924–26, 1928–31, 1933–35).

Ein innskoten fotnote: Kunne det ha vore noko for Jonas Gahr Støre? Det var jo som utanriksminister han hadde sine finest moments.

Same person som stats- og utanriksminister var ein passe kombinasjon for reiarar i skipsfartsnasjonen. Slik kunne dei ta vare på både eigne og norske interesser. I «Norsk Sjømandssang» (1868) dikta Bjørnstjerne Bjørnson: «Vaar ære og vår magt har hvide seil oss brakt.» Seinare møkka den borgarlege kommunisten Nordahl Grieg til heltebildet med det forventingsfulle profitthåpet: «Blir det krig i Østen?»

KVAR LIGG VÅR ÆRE og vår makt i dag? Svaret er ikkje lenger på dei sju hav, men i havet og under havbotnen. Og over havet i vanmakt, som ein villig, nordatlantisk alliert av USA, som skal driva «avskrekking og beroligelse» av russarane i nord.

Reiarkapitalen har hatt det annsamt med å flytta på land og til utlandet. Norsk Sjømannsforbund har ikkje lenger ein fast representant i Arbeidarpartiets sentralstyre. Valutainntektene, og dermed makta og krafta, ligg i olje og gass, laks og aluminium.

Me er annleislandet på ut­­sida av EU, men med ein mållaus EØS-fot i handlingsrommet. Som ein høgare himmel over strevet briskar me oss med å vera global freds­meklar og ei humanitær stormakt som kan bidra så det monnar i Tryggingsrådet i FN.

I bakgrunnen tonar visdomsorda frå Lars Korvald: «Norge er et land i verden, herr President, i krig som i fred.»

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Den bedste udenrikspolitik er ingen udenrikspolitik at have.»

Bjørnstjerne Bjørnson

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis