JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

By og land med elsykkel i hand

Når fanden får tak i veslefingeren, må ein passa på handa både i trafikken og i politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folk i farten, men det er uklart kvar elsparkesyklane hamnar.

Foto: Geir Olsen / NTB

5540
20210611
5540
20210611

hompland@online.no

Hovudstaden er forsøpla med over 20.000 elsparkesyklar, og den lukrative bransjen spreier seg som ugras til andre byar. Doningane susa inn i eit relativt lovtomt rom og la materielle og forretningsmessige føringar som det skal stort politisk reguleringsmot til for å snu.

I nærsynt Oslo-sentrisme øser Spaltisten seg opp over denne plaga som ikkje rammar heile landet. Der andre har rasfare, ferjer og livsfarlege fylkesvegar, blir me utsette for fare kvar me går på veg og sti. Der folk i grisgrendte strøk kunne ønskt seg statsstøtte til slike doningar, må mjuke bytrafikantar forsera hinderløyper av elsparkesyklar som står i kryss og ligg velta på tvers. Det er eit lite problem for manneslekta, men ille å ferdast i til fots eller på vanleg sykkel.

Men det skal elsparkesyklistane ha: Når pandemien er over toppen, held dei oppe aktiviteten på legevakta.

DET ER EIN KLASSISK veg- strid som spelar seg ut, her som kamp om bruksrett til fortau og offentlege byrom. Elsparkesykkelplaga får fram det verste i elles vørdelege samfunnsstøtter, og Byråsjefen er mellom dei, på privaten. Dei kjenner seg endå eldre av desse nymotens greiene, og seg imellom fantaserer dei om direkte aksjon: superlim på handtaka, strips på bremsa, byggskum i hjullagera, bora hol i batteripakka, lima doningane fast til kvarandre som skulptur, brenna dei på bål.

UVØRDEN UNGDOM er ikkje dei einaste skuldige. Me stod i ein lang og vennlegsinna kø i nærmiljøet for å koma inn på uteservering den kvelden kranane opna. Då kom ein røsleg og rusa middelaldrande kar med offentleg profil i full fart og trengde elsparkesykkelen inn i ei tilrådd to meters glenne mellem oss i køen.

På høfleg spørsmål om han hadde tenkt å parkera der, fnyste han og sa at doningen stod i rennesteinen, mens køen kunne halda seg på fortauet og servitørane legga inn ein ekstra sving rundt. Så forsvann fysaken i sjølvrettferdig triumf, mens køen stod paff tilbake etter dette signalet frå den nye tid.

DEN TAFATTE regjeringa lét vera å gripa inn då elsparkesykkelutsetjarane rykte inn og tok seg til rette. For dåverande samferdselsminister Solvik-Olsen var det «litt mer moro i hverdagen». Han meiner framleis at problemet ikkje er mangel på reglar, men at folk ikkje følgjer reglane. For Framstegspartiet er for fridom og sunn fornuft og mot dustete reguleringsforslag frå MDG som vil sparka bilane ut av byen.

Nå får endeleg kommunane og Raymond Johansen høve til å gripa inn. Om det skaper framkomeleg veg i veltinga, er langt frå sikkert, etter at fanden har fått veslefingeren. For det er unekteleg praktisk å kunna finna og slenga frå seg ein elsparkesykkel kvar som helst – for den som slepp å snåva eller rydda opp i svineriet.

SOM EIT KONTRAPUNKT til denne nærsynte klaginga over tilhøva i hovudstaden har Spaltisten fått kjeft for måten Senterpartiet og Vedum var omtalte på i sideblikket førre veke. Vertinna meiner også at Senterpartiet, som ho skal røysta på, må gjetast nøye, men ho liker ikkje at nokon utanfrå gjer det.

Døme 1, som «spyr for fleire venner her»: «For eit unyansert innlegg frå Oslo-pressa. Her osar av forakt for 17–19 prosent av veljarane som byfiffen og norske bymedia meiner er tilbakeståande idiotar. Fy faen for ein nedlatande kommentar.»

Døme 2: «Gamle, skrale folk takkar nei til hjarterehabilitering for dei må køyre 3,5 timar kvar veg to gongar i veka. Politiet er 1 time unna i akutte situasjonar. Ta fri frå jobb ein heil dag for å kontrollera ungen sin astma. ’Fossile protestveljarar’? Jaggu.»

Døme 3: «Flere gode poeng, men i en ufyselig nedlatende form, spør du meg. Du har bodd for lenge i storbyen, Hompland.»

Døme 4: «Jeg synes du er overraskende nedlatende i din omtale av Sp og Vedum. Du bør ikke gå sentralistblekka VG i næringa.»

Døme 5 tar eg med for å syna at det stadig breiare Senterpartiet lokkar fram sterke kjensler og ord både hos dei som er for og mot: «Vel, verdikonservative?! Mer nasjonale – og sosialistiske. Type ’moderne’ nasjonalsosialister.»

KVA SKAL EIN SVARA gode lesarar på slikt? At det var overraskande lesemåtar? At det ikkje var slik meint? At eg prøver å balansera mitt tileigna frons urbana mot mitt rurale opphav? At eg som tilskodar kastar perfide sideblikk på alle politiske parti, gjerne med møkkagreip og utan silkehanskar? At eg prøver å sjå bak partifasadar og retoriske vendingar, på jakt etter såre punkt og tilslørande og sjølvmotseiande posisjonar?

For å seia det passe pompøst er min spaltistiske poetikk å driva språkleg vekselbruk og leita etter innfallsvinklar og utfallsrom som ikkje er rein hyllevare; der prøver eg å ta etter læremeisteren min, A.O. Vinje.

Denne intensjonale eigenmeldinga er uinteressant. Det er det som skrive står, som er for lesarane å smaka på og tolka. Og kvar du står, avgjer kva du les.

EG LES IKKJE PARTIPROGRAM så grundig som Jon Hustad, men høyrer nøye på sjølvpresentasjonar og repetisjonsøvingar, ser på veljardemografien og studerer bygdesosiologi og politisk historie.

For tida er Senterpartiet det mest forvitnelege, dette framgangsrike, mangslungne og praktisk-politiske ordførarpartiet som statsministerkandidaten Vedum ikjøtar.

Så det blir nok ein føljetong om by og bygd og dalstrøka inna­for, urbant og ruralt og ymist anna, med framhald i seinare bolkar.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det blir nok ein føljetong om urbant og ruralt med framhald i seinare bolkar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis