Bygda var og er meir enn bønder
Minneord om ei alternativ planleggarrøyst og eit innspel om tolking av norsk bygdehistorie.
Våronn på eit småbruk i Rogaland. Mannen bak hesten var truleg òg anleggsarbeidar.
Foto Erik Thorberg / NTB / NTB
hompland@online.no
Røyne Kyllingstad (18. mars 1933–6. oktober 2021) rakk akkurat å få ferdig det stubbdelte faglege testamentet sitt før han døydde: «Bygd er mer enn bønder.» Han var utdanna arkitekt, planleggar i Hamar-regionen, forskar ved NIBR (Norsk institutt for by- og regionforsking) og professor i planfag ved Arkitekthøgskolen i Oslo. I 60 år budde han i den grisgrendte og spreidd busette Furnesåsen i Ringsaker.
Gjennom yrkesliv og offentleg engasjement hadde han eit mantra: Det stemmer ikkje, det lærebøker og forteljinga om Noreg vil ha det til, at fleirtalet av det fleirtalet som budde utanfor dei små byane, var sjølveigande odelsbønder. Bonde var ein kategori som også femna den bufaste bygdeallmugen.
DEI FLESTE DREIV PÅ med «det som svarte seg best» (etter agrarhistorikaren Stein Tveite). Mangesyslarar tok lausarbeid og levde av ulike handverk. Men om dei åtte eller disponerte ein mole jord, hamna dei i skattelister, manntal og folketeljingar som bonde, gardbrukar eller husmann. Det var statistiske kategoriar som sa lite om kva folk faktisk dreiv på med. Og det var kolossale forskjellar i eigedomstilhøve og tradisjonar mellom ulike delar av landet. Eineyrkebonden på familiebruket er ein episode i norsk bygde- og næringshistorie.
Ottar Brox blir aldri lei av å peika på at talet på småbrukarar og sysselsette i industrien steig parallelt i første halvdel av 1900-talet. Mykje av industrien vaks fram på landet, og der var det om å gjera å ha eit tomtebruk med ein liten jordveg attåt. Det kunne fø ei ku eller to og gje poteter til eige bruk, med kjerringa som hest. Det var også offentleg politikk, jamfør Den Norske Arbeiderbruk- og Boligbank.
RØYNES SJANGER er «stubbar», ikkje lange avhandlingar med hårfine kjeldetilvisingar. Han lagra litt tilfeldig det han fann, røynde og kunne bruka til å spinna vidare på, så han la inn fotnotar som denne: «Før jeg går videre, må jeg dessverre tilstå at jeg har somlet bort kilden til det jeg nå skriver. Så jeg får bare håpe at leseren tør stole på min hukommelse.»
I dette tilfellet var det Eilert Sundt og Harham. Et Exempel fra Fiskeri-Distrikterne. Røyne plukka opp at bygdas mest anerkjente høvedsmann formelt var husmann. Men han var ein så dugande fiskar at husbonden bad om å få vera med som mannskap. Andre stader fann Røyne husmenn og strandsitjarar som var største innskytarar i sparebanken og lånte ut pengar til bønder.
Men i kyrkja var det lagdelt, med faste plassar. Der sat familiane frå dei største ættegardane nærast koret.
VERTINNA HAR IKKJE høyrt om denne Kyllingstad, men han tykkjest å ha vore ein klok mann. Ho har alltid ergra seg over byfolk som trur at alle på bygda er bønder – i tankar, ord og gjerningar. Men ho er like arg på klassemedvetne bønder som har gjort kva gjerast skulle for å dyrka inntrykket av sin posisjon i modernæringa. Det har tent deira interesser i politikk og næring.
Slik har det jo aldri vore, og det blir stadig mindre slik, meiner Vertinna. Før sette handverkarar, husmenn og vanlege arbeidsfolk saman liv og lagnad som best dei kunne. Nå er det avgjerande korleis det går med Kommunen, der stadig fleire har sitt levebrød. Mens små privat næringsdrivande som ho hamnar i periferien og fell mellom mange stolar og støtteordningar.
Det er desse endringane Senterpartiet har skjønt, og derfor er dei blitt eit slags bygdefolkets samlingsparti mot sentrum i geografi og makt.
PÅ FAGLEG GRUNN har eg hatt ein heil del med Røyne Kyllingstad å gjera gjennom åra. Me møttest på seminar om planlegging og bygdeutvikling. Då eg var bladstyrar i tidsskriftet Plan, var han fast leverandør av «snuttar» med eigne illustrasjonar. Og han heldt fram med å senda meg tekstar, til vitende og til kveik.
Me delte også ei biografisk historie, med utbroderingar. Det hadde seg slik at bestefaren hans, som var jærbu, kjøpte ein liten gard på Røynestad i heimbygda mi. Der vaks faren hans opp: Ståle Kyllingstad, bilethoggar, designar og kunstarisk leiar ved Hadeland Glassverk.
Ståle flytta frå Røynestad, og garden blei seld ut av familien, men han kalla opp sonen etter garden. 65 personar har Røyne som etternamn her i landet, men i Statistisk sentralbyrås statistikk finn eg ingen andre med Røyne som fornamn.
MEN DET VAR MEIR. Ståle Kyllingstad gjekk på Røynestad skule. Det gjorde eg òg, to generasjonar seinare, i eit nyare skulehus som nå er borte. Den sentraliserte krinsen har fått nytt namn og bytt til bokmål, som snik seg oppover i dalstrøka innanfor kysten Lindesnes–Åna-Sira.
På Røynestad skule hadde Ståle bestefar min som seminarist og lærar. I bygdeboka har han skrive ein fin stubb om oppveksten i Kvinesdal. Læraren får tvitydig ros for grundig innføring i soge og kristendomskunnskap, men framdrifta var ikkje så god i andre fag. På kvart klassetrinn i den fådelte skulen starta dei frå grunnen av i rekning, og multiplikasjonstabellen var høgdepunktet. Men ved brøkrekning var det stopp, for det var grensa for Andreas Homplands matematiske evner.
RØYNE KYLLINGSTAD var ikkje unik berre i namnet, men også i gagnet. Ei viktig og original røyst i det norske planleggingslandskapet har stilna. Eit alternativt perspektiv på historie, samtid og framtid i norske bygder har mista ein fulltrugen tolk.
Han vil bli sakna, n’Røyne.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eineyrkebonden på familiebruket er ein episode i norsk bygde- og næringshistorie.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.