JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Dei oppskrudde voners misnøye

Støre-regjeringa slit med glid og feste. Etterpåklokskap er opposisjonens privilegium.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Direktør Karin Hindsbo med gåva frå statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på opninga av Nasjonalmuseets i Oslo 11. juni 2022.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

5500
20220701
5500
20220701

hompland@online.no

Då Nasjonalmuseet opna, hadde statsminister Støre frå Heming med ei gåve som går rett inn i det norske metaforsporet: ein plastskitupp til naudhjelp dersom skia brekker i ei trøblete løype. Treski, rimelegvis, for det er ein sentral del av den nostalgiske nasjonalkjensla: Magne Myrmos ettermæle er at han var siste verdsmeisteren på norske treski.

Støre bør ha sikra seg ein tilbakeleveringsavtale, som reiardøtrene Fredriksen, for han kan trenga reservetupp om han skal klara ein langtur i ulendt politisk terreng. Det er endå meir prekært etter at Vedum og Gjelsvik har brekt styringsstaven hans i snøfattige strøk rundt Kristiansand. («Hvor var du da Brå brakk staven?»)

REGJERINGA STREVAR med både glid og feste. Ho får ikkje styringstillegg – tvert imot. Regjeringspartia gjer det elendig på meiningsmålingane: Arbeidarpartiet skjemmest over at Høgre sig ifrå dei, og lekkasjen til SV og Raudt held fram.

Senterpartiet er tilbake som eit middels lite parti. Det var oppturen i fjor som var eksepsjonell, ikkje dagens nivå. Men ein må ikkje gløyma at Senterpartiets framgang la grunnlaget for Støre-regjeringa, for det var dei som flytta veljar­ar over midtstreken. Nå er partiet ramma av dei oppskrudde forventningars misnøye. Jordbruksoppgjeret var ei fjør i hatten, ikkje som ei allmenn vinnarsak, men ei nødvendig gåve til dei djupaste grasrøtene i partiet.

REGJERINGA MEINER at ho har hamna i eit ufortent uføre: korona, krig og kraftkrise er påført utanfrå. Men i politikken kan ein ikkje skulda på uflaks, få medkjensle og bli lønt for det. For uansett uheldige omstende kunne noko alltid ha vore gjort annleis. Til det svarer Støre at ein må ta avgjerder når dei må takast, med den informasjonen ein har der og då. Det er eit rimeleg resonnement, men det skaper ikkje glød.

Etterpåklokskap er opposisjonens privilegium. Høgre er gode til å sitta rimeleg stille i båten og pussa på det falske minnet om at alt var på stell i Solbergs siste, kaotiske og såre styringsår. Og til å sjå bort frå at det fleirtalet ho hadde bak seg, er endå meir motsetnadsfylt enn før.

INTERNT I REGJERINGA har det vore nokre «leie» saker, seier Støre. Det illustrerer at i ei koalisjonsregjering må partnarane lytta til kvarandre, og det må vera balanse mellom å gi, ta og få. Det er ei realistisk framstilling av å vera i tospann med Senterpartiet, men det demonstrerer ikkje styringskraft.

Det blir harde tider og mange utfordringar, og dei «må vi stå i», seier Støre. Men han trøystar seg med at regjeringa har fått gjennom alle viktige saker i Stortinget, og at kommune- og fylkesbataljane snart er parkerte.

ARBEIDARPARTIET LOVA betre fordeling og forbetring for folk flest, og omvelting i arbeidslivet med fleire sikre jobbar og ordna arbeidstilhøve. Hadia Tajik var sjølve eksponenten for satsinga, men så fall ho.

Dei kan lista opp kva som er gjennomført, under arbeid og utgreiing, men det slår ikkje gjennom «støyen» og ufrivillig profilerte saker. Veljarar som Arbeidarpartiet må halda på og vinna tilbake, tykkjer det luktar for mykje fjøs av regjeringa, at Støre har hamna i lomma på Vedum.

LO vil ha SV inn i regjering, og i Arbeidarpartiet angrar fleire på at forhandlarane i Hurdal ikkje stod mot då Senterpartiet ikkje ville ha SV med i regjeringsbasen. Det hadde vore lettare å manøvrera om Arbeidarpartiet var i midten. SV på si side er nøgd med at det gjekk som det gjekk; dei meiner i alle fall retorisk at dei får betre betalt ved å stå utanfor som første forhandlingspartnar enn ved å bli over­køyrde i regjering.

STØRE HADDE NOK sett for seg ei enklare reise som statsminister. Han vil ikkje kalla det «gøy», men jobben er «spennende og svært meningsfull», og «jeg gleder meg til fortsettelsen», sjølv om folk og regjering må døyva hårde tider framover.

Som stats- og utanriksminister har Støre fått noko presteaktig over seg på internasjonale scener og då regnbogen blei svart. Med innleving og empati manar han til trøyst i fellesskapet. Det gir respekt, men ikkje veljarar. Han held hjarta varmt, men strir med å halda hovudet kaldt i alle kalamitetane han møter som regjeringssjef.

BYRÅSJEFEN PEIKAR på at det etter gode år med romslege budsjett har vakse fram ei forventning om at offentlege avgifter er ein variabel når marknadsprisar svingar. Slike vilkår kan ikkje Forvaltninga arbeida under.

Finansdepartementets talsmann, Trygve Slagsvold Vedum, svarer at det er renta som tel mest, og i det har han full støtte frå NHO. Alt som gjerast kan, må gjerast for å hindra at renta stig meir enn frykta, for det vil ramma bedrifter og folk flest hardast.

Senterpartitalsmannen Geir Pollestad lar aldri vera å ty til sitt faste talepunkt: «Me må sjå på heilheden.» Men i urolege tider er det ikkje omsut for heilskapen som plagar folk ved pumpene, i matvarebutikken og når dei får straumrekning og rentebrev frå banken.

REGJERINGA KAN HA HATT uflaks og personalproblem, gjort uheldige manøvrar, tatt tvilsame grep eller levert for lite, for seint. Men det folk flest fryktar mest, er dyrtid med stigande prisar og høgare renter. Bill Clinton sa det slik: «It’s economy, stupid». Og dei som har styringsansvar i slike tider, får skulda, om det er fortent eller ikkje.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ikkje omsut for heilskapen som plagar folk ved pumpene og når dei får straumrekning og rentebrev.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis