JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Den glansa forteljinga om Erna

Høgre har bygd opp ei legende om fast styring under turbulente Solberg-regjeringar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgreleiar Erna Solberg på valkampturné tidleg i august.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

5621
20230825
5621
20230825

hompland@online.no

Etter valnederlaget for to år sidan var det ei vanleg oppfatning i kommentariatet og mellom politiske forståsegpåarar av ymse slag at Erna Solberg (då 60) ikkje kom til å koma att – ikkje fordi ho ikkje kunne, men fordi ho neppe ville ta fire års ekstrarunde i opposisjon på stortingsbenken. Etter åtte år som statsminister kan slikt bli stussleg. Gro Harlem Brundtland veksla fleire gonger fram og tilbake, men det var kortare ventetid mellom skifta.

ERNA SOLBERG HAR VORE ein trufast gartnar i Høgres hage i magre og feite år: på Stortinget sidan 1989 og statsråd med tilnamnet «Jern-Erna» i Bondeviks andre regjering. Då ho blei partileiar i 2004, var det utan fagnad frå mange høgrefolk og rike onklar. Dei meinte ho var for grå, ufiks, traust og klumsete, og dei etterlyste meir schwung, klare vyar, briljans og klasse.

Men det joviale, pragmatiske og alminnelege blei hennar styrke, inkludert eit rotete kjøkken. Det var vanlege folks tur, også i Høgre.

Ho hadde sin eigen detalj­orienterte og omstendelege stil, men fekk dyktige talepunktskrivarar som gjekk vidare til PR- og lobbybransjen. Stabssjef Julie Brodtkorb, som seinare blei adm.dir. for entreprenørar med tunge maskinar, stæsja henne opp, var aldri langt unna med passande antrekk og pudderkvast. Erna gjekk gjennom eit hamskifte, men utan at det øydela den folkelege apparisjonen, heller ikkje då ho fekk sushi-bot under pandemien.

DEN INTERNE LEGENDA er at Erna var stjerna i ei handlekraftig regjering som hadde brei tillit og leidde landet stødig og trygt gjennom pest og plager, med Bent Høie som forvaltar av statlege reglar.

Byråsjefen minner om at det ikkje var akkurat slik. Mannskapet var ustabilt og delvis inkompetent, og Solberg leidde i røynda fire ulike regjeringar. Målet var heile tida ei fleirtalsregjering med fire borgarlege parti, men i hovudsak var det eit blåblått og hanglande sambuarskap med Framstegspartiet og forhandlande støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Mot slutten kom Venstre inn frå Hotell Jeløy Radio, og så Kristeleg Folkeparti på Granavolden etter ein splittande borgarkrig, men Ernas draum blei kortvarig. Etter eit knapt år braut Fræms­partiet ut av det grå regjeringsfengselet, og Sylvi Listhaugs tid var inne.

OGSÅ I HØGRE rekna dei med at Erna ville gje seg med ære. Ho hadde sete lenger enn nokon annan statsminister frå Høgre, inkludert Kåre Willoch, og berre Gerhardsen har vart lenger i nyare tid.

Før det kunne bygga seg opp til tronfølgjestrid, sette Erna skapet på plass. Ho tok og attval og blei på nytt signa som partileiar, med blikket stivt festa på regjeringsmakt i 2025. Ho skulle ta heile seg i bruk og syna at ho hadde meir å gje i norsk politikk.

Ho proklamerte nyleg at ho ikkje tar sikte på å enda i eit internasjonalt toppverv i ein FN-avleggar, dei som gjerne held til i Sveits. Det kan lesast som eit stikk til Gro, Jens og Jonas, til den tidlegare kronprinsen hennar, Børge Brende, og også til høgreleiaren C.J. Hambro, som brukte så mykje tid internasjonalt at han med ein porsjon malise blei kalla «Verdens-Hambro». Erna, derimot, kan også finna seg til rette på dei bakre benkane.

VERTINNA TRUR DET ER best slik, både for Noreg og for den drustelege Erna sjølv. Ho verkar godsleg og er ein svært så norsk politikar. Sjølv om ho er frå Bergen, er ho rund og raus og dyktig til å sameina motsetnader, eller i alle fall til å leva med dei etter ein mild refs: «Jeg ville ikke ha brukt akkurat de ordene.»

Men ho kan også vera rå og robust når det trengst. Ho har stamina, syner energi og held ut. Ho har tjukt skinn og eit solidare lag med teflon enn Støre. Det verkar som om ho trivst med det ho held på med, både stort og smått. Ho har fått noko landsmoderleg over seg, meiner Vertinna. Byråsjefen er ikkje usamd i det, men ei stor statskvinne med sans for konstitusjonelle og prinsipielle spørsmål er ho ikkje.

ETTER NEDERLAGET har Solberg og Høgre manøvrert dyktig i opposisjon, mens Støre-regjeringa har baksa i importere stormar og motstraumar dei sjølve har skapt. Erna har sete ganske så stille i båten, skota litt og tatt nokre pragmatiske og retningsjusterande åretak. Ein av hennar spesialitetar er å snakka i runde vendingar som kan verka klare på ein god dag, og så kjem ho med nokre forsiktige og konkrete løfte som har ei viss kraft fordi dei høyrest ut som store løft. Ho lovar ikkje gjennomgripande endring og fornying, men så er då også fornying oppskrytt som veljaragn: Folk flest vil helst ha det trygge dei trur å minnast at dei hadde før.

Høgre har henta veljarar frå mange hald og svevd høgt på meiningsmålingane. 30-talet har vore merkebøya for eit nytt og stabilt nivå for partiet, men Erna lar seg ikkje vippa av pinnen om det dukkar opp ei måling eit stykke ned på 20-talet. Også det kommenterer ho nøkternt og sjølvsikkert som gode tal, samanlikna med vala for to og fire år sidan (20,4 prosent i 2021 og 20,1 prosent i 2019).

TO VEKER ER MELLOMLANG tid i ein valkamp. Det kan dukka opp fleire habilitetssjokk, også for Høgre. Erna takla over­raskande dårleg «listesaka» med ektemannen Sindre Finnes i ei mystisk bakrolle. Då henta ho fram si sjølvrettferdige og bortforklarande side.

Slik det ser ut nå, går Høgre mot ei svært godt kommuneval der eit viktig delmål er å vinna styringsmakt i storbyane. Det blir ei løypemelding for stortingsvalet om to år. Då skal det avgjerast om Erna kan gjera comeback som ein slags politisk perpetuum mobile.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis