Det eigedomslause arbeidarpartiet
Støre kan ikkje vera tydeleg fordi han leier ein koalisjon. Forlik ligg i partiets muterte DNA.
Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre under det digitale landsstyremøtet som vart halde i slutten av mars.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
hompland@online.no
Arbeidsløysa er rekordhøg, løna er utrygg og folkehelsa er truga. Likevel strevar Arbeidarpartiet. Det er mot gamal normal, for i slike tider for land og folk har det nasjonale sysselsettings- og velferdspartiet vore ei trygg hamn for folk flest: «Arbeid for alle er jobb nummer éin.» Dei hadde eksklusiv politisk eigedomsrett til arbeid, inntekt og helse. Slik er det ikkje lenger.
PARTILEIAR STØRE er internasjonalist; han var medoppfinnar av EØS og stabssjef for Gro i Verdshelseorganisasjonen før han leia Raudekrossen og hadde si blømingstid som utanriksminister. Tidleg i koronakrisa sykla han eins ærend opp til Sognsvann for å møta Klassekampen og åtvara sju gonger om at Framstegspartiet, Raudt og Senterpartiet er på nasjonalistisk villspor: «Hvis vi opplever at økonomien lukker seg, så kommer vi ikke til å få en sterk velferdsstat.»
Partifolkets nestleiar Bjørnar Skjæran blir send ut i gallupkrigen med dette bortforklaringsresonnementet: Rett nok er oppslutninga 20 prosent lågare enn ho burde vera, men det er likevel ikkje så ille, for i desse koronatider står det endå verre til med søsterparti ute i Europa som er styringsparti i opposisjon når folket samlar seg under regjeringsflagga.
NORSK POLITIKK er blitt omskifteleg, og marginane er små. Den raudgrøne regjeringa overlevde valet i 2009, då den sosialistiske finansministeren Kristin Halvorsen redda kapitalismen under finanskrisa. I 2017 var Arbeidarpartiet uheldig med taiminga: Dei satsa på fallande sysselsettingsrate, men så fall arbeidsløysa. Og deretter Trond Giske.
Etter nederlaget fann havarikommisjonen ut at Partiet måtte bli tydelegare og ikkje velta seg i forlik med høgreregjeringa. Det har ikkje vore lett, for det er i strid med Partiets muterte DNA.
STØRE HAR VORE ei leiande kraft i krisedialogane på Stortinget. Han syner omsorg for at pakkane motverkar sosial forvitring og bidrar til fornying. Kritikken av regjeringa har vore ein retorisk spagat: På den eine sida rotar dei i den sosialdemokratiske verktøykassa og hermar arbeidarpartipolitikk; på den andre sida smuglar dei inn høgrepolitikk som aukar skilnadane i samfunnet. Begge delar er sannsynlegvis rett, men det har det også vore når Arbeidarpartiet har styrt.
Arbeidarpartiet kan ikkje vera eintydig, for det er ein koalisjon. Grøn oljepolitikk hamnar enten i issørpe eller i evig brannsløkking. Sjølv om Giske held seg på matta.
MEN FOR ALL DEL: Det er over eit år til neste val, og det er stadig lengre tid i politikken. Solbergs koronaboble kan sprekka så det susar, det listige Framstegspartiet kan overspela og knekka som eit siv, småpartia til venstre kan implodera og Senterpartiet hamna på tomgang. Då kan Arbeidarpartiet stå fram som det tillitsbyggande samlingspartiet det tar mål av seg til å vera, under dei gamle fanene: «Trygghet for arbeid, inntekt og helse.»
Men eg må sjå det før eg trur det.
***
RETTINGAR. Siv Jensen blei førre veke omtalt som «formann» i Framstegspartiet. Det medfører ikke riktighet. Tre år etter at Kong Carl abdiserte i 2006, blei tittelen endra til «leiar».
Vertinna meiner det var heilt uturvande. Ho minner om at oldemor til Siv Jensen, Noregs første kvinnelege fabrikkinspektør («fabrikkinspektrise») og radikal føregangskvinne i Avholdspartiet og Venstre, den staute Betzy Kjelsberg (1866–1950), var formann i Norske Kvinners Nasjonalråd i to mannsaldrar.
HENRIK LANGELAND er ein smartass som innimellom har hell med seg. I romanane om Christian von der Hall (Fyrsten) eksellerer den litterære doktoren i å dikta inn verkelege personar som gjer merkelege sprell under eigne eller forvridde og lett attkjennelege namn. Nøkkelfigurane kan velja eitt av to: gå til søksmål for fiksjonelle injuriar, eller (i det minste offentleg) lata som det er ustyrteleg morosamt.
Showtime! er årets bok. Ho har happy ending og er lova å vera den siste i trilogien. Det er neppe til å lita på, det heller: Dersom ho blir ein kommersiell suksess, kan det enda med både åtte og ti serieromanar om wannabe verdsmeistrar i finansbransjen og haukar og duer i Foreningen til Ski-Idrettens Fremme.
I det oppgira lanseringsjippoet har forlaget (hvis navn ikke skal nevnes som tekstreklame) fått fleire finansielle og innovative kjendistoppar til å stilla opp som skrålande reklamefigurar og folkelege sanningsvitne mot profesjonelle kritikarar: Christian Ringnes, Jan Fredrik Karlsen og Anita Krohn Traaseth. Det er godt nok for dei svina å vera ein del av medaljens innside.
ANDREAS HOMPLAND er nemnd i boka som eit av Christian von der Halls «store forbilder i løpemiljøet». Derfor er den nærskylde Spaltisten, som held seg til Ver varsam-plakaten, inhabil til å seia at vel er boka gørr, men heldigvis raskt lesen. På faktuelt grunnlag kan det konstaterast at det er nokre år sidan wonderboyen sette sine personlege rekordar.
Når ein dyktig spinndoktor i børskatedralen skal levera ein bestseljar ved å sausa saman kultur, kapital og klovneri, blir produktet ein kleimete og brautande event. Jordbær med Stordalen manglar heller ikkje.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kultur og kapital, børs og katedral blir sausa saman til ein brautande event.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.