JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Det politiske vêrvarselet er blått

Høgre har stole Arbeidarpartiets kapital. Raudt balar med brillestøtte og lik i lasta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg og Tone Trøen under sentralstyremøtet på Høgres hus i Oslo 4. juni i år.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

5753
20230707
5753
20230707

hompland@online.no

Høgre siglar i god bør, men det er inga høgrebølgje som bygger seg opp, som i Kåre Willochs og Erling Norviks tid på 1980-talet, med reformer som Arbeidarpartiet i hovudtrekk førte vidare under Gro og Jens.

Høgre lovar ikkje systemskifte og eit nytt paradigme. Den politiske kapitalen er ikkje eigne kvalitetar, men å profittera på regjeringsrot. Draumen om Erna er det kjente, trygge, habile og styringsdyktige.

NOSTALGI EI STERK KRAFT om minna er sanne eller tilpassa. Det blir frisert bort at Solberg bytte regjeringspart­narar fire gonger. Ho regjerte etter lausgjengarlova og skifta justisministrar frå Framstegspartiet oftare enn Støre skiftar skjorte. På spørsmål om kven Høgre skal samarbeida med framover, er svaret at dei inviterer alle som har lyst til å vera med.

HØGRE HAR STYRKT seg som misnøyeparti. Dei markerer det ved å la vera å gå inn i kompromiss og breie forlik. Dei bruker ikkje øks, men ostehøvel. Dei lovar å halda litt att på oljepengebruken. I kommunar der dei får makt, skal byråkratiet arbeida litt raskare, slik at det ikkje gror mose på sakene. Dei lovar ikkje å reversera alt gale Støre-regjeringa har funne på, men vil føra ein litt annan politikk etter devisa: For mykje velferd i dag gir mindre velferd i framtida.

Høgre lovar litt endra retning, men utan konkrete og talfesta mål. Men i ei prinsipiell paradegrein står dei fast: Meir kommersiell velferd skal ikkje berre føra til auka privat profitt, men også til større valfridom, betre kvalitet og lågare utgifter.

STYRINGSDUGLEIK, STØ kurs og ansvarleg økonomisk politikk har vore Arbeidarpartiets klassiske varemerke. Dei kleda har Høgre stole og fjerna prislappen på mens Arbeidarpartiet var ute og bada i straum, bensin, rente og sin eigen personalpolitikk.

JONAS GAHR STØRE er ikkje eit offer for kriminalitet, men hata som velhavande klasse­svikar. Han blir grundig overvakt av medium og motstandarar, og dei finn rett som det er noko å ta han på. Størst jubel i det siste fekk han då han opna metallfestivalen Tons of Rock.

Arbeidarpartiet har problem over heile den politiske fjøla, men særleg i familie- og vennskapspolitikken. Habile kadrar hadde ikkje habiliteten under huda. Det er trettende i partistova når det brenn i kameraderiet. Det er straffa for å kjenna mange dyktige folk. Det skulle ha vore så gildt, men så blei dei ugilde.

I normale tider kastar den sentrale partileiinga glans over lokal valkamp. Men i år bed ordførarar i sterke arbeidarpartikommunar statsrådar og andre toppar om å halda seg unna. Dei fryktar at A sentralt vil dra ned A lokalt. H er større enn A i Groruddalen. Mens ei lyttande Erna reiser Noreg rundt og lar seg hylla.

DEN RAUD-GRØNE VONA i hangande snøre er at Høgre har kome for tidleg i form, at lufta går ut av den blå ballongen, at dei blir jekka ned under 30-talet i valet.

Det er mykje gjenbruk av politisk arvegods og lausøyre hos Høgre, men få glimt av at framgangen ikkje kjem til å fortsetta. Mens Arbeidarpartiet har meir til felles med Rosenborg og Vålerenga: Dei har kapasitet og potensial, men det sviktar både i angrep og i forsvar, og samspelet stokkar seg. Trenarane mistar tillit i garderoben og hos publikum, men laga kjem seg ikkje ut av eit spelemønster som ikkje funkar.

VED FØRRE KOMMUNEVAL
gjorde ei-saks-protestparti det godt i nokre store bykommunar, men bompengelistene gjekk i oppløysing i maktesløyse og personstrid. Geir Lippestad, yngste Bondevik og deira Sentrum hamna i den politiske periferien. I år har Industri- og næringspartiet (INP) vakse seg ut av «andre» og fått eigen kolonne i meiningsmålingane. Dei stel røyster frå mange hald, men det er uklart kva dei står for, bortsett frå at dei drøymer om vippeposisjon og er mot klimareligiøsitet.

SENTERPARTIET Bautar motstraums, men dei er ikkje ramma av sviktande personalpolitikk og kan koma til å gjera eit heiderleg godt val. For Senterpartiet betyr marginale desimalar mindre enn at dei har handlings- og forhandlingsrom til å koma i kommunale maktposisjonar.

Kristeleg Folkeparti vandrar i dødsskuggens dal. Det krigerske Venstre gjer det betre. Dei overraska og fekk politisk utbytte av å røysta saman med regjeringa i ei markeringssak som lakseskatten.

SV får det til å sjå ut som om dei oppnår meir ved å vera eit basert støtteparti utanfor regjeringa enn som minipartnar innanfor.

RAUDT MIMAR IKKJE andre. Deira eksklusive politiske tillitskapital er å vera annleis, sosial-moralsk konsekvente, rettskafne, reinhårige og rettferdige. Men det var før Bossen dreit seg ut som brilletjuv på Gardermoen midt i agurktida og deretter gjorde paniske forsøk på å beskriva det ugjennomtrengelege.

Solbrillegate er ein sjølvpåført personleg tragedie for Bjørnar Moxnes, men kan utvikla seg til ei partikrise. Brestande tillit og skadd omdømme smittar over på det sosialmoraliserande partiet han personifiserte, slik det gjorde motsett veg då han som ein Moses førte folket sitt ut av ørkenvandringa og over sperregrensa. Då måtte også dei som meinte at Raudt var eit kommunistisk trugsmål, medgje at han var dyktig og ryddig.

Raudts profilsaker er dei same, men dei blir mindre synlege bak vitsar, mørke solbriller og komiske detaljar. Den skadeskotne Moxnes er blitt eit låtteløye til offentleg forarging, eit lik i lasta for partiet. Men til hans tid er ute kan ikkje Sentralkomiteen vedta å gradera tilliten (70/30 til dømes).

Om han kjem tilbake som leiar etter sjukemeldinga, har lojalistane med overlegg og forsett påført partiet eit ope sår i valkampen. Så vondt kan dei vel ikkje vilja seg sjølve – og Moxnes?

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis