Det vil alltid vera for lite, for seint
Dei som vil ha ære for å normalisera og opna samfunnet, må også ta ansvar for å stenga.
Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferansen tysdag kveld.
Foto: Annika Byrde / NTB
hompland@online.no
Det har runne inn med avlysingar, også før regjeringa stramma inn: julebord, julegløgg, julekonsertar, juleselskap, juleoratorium. Slikt er fortærande i mørketida, men eg får også trong til å seia halleluja, for eg slepp å ta koronavala sjølv: Munnbind eller ikkje munnbind, gjester eller ikkje gjester, det har vore spørsmålet.
Eg har tillit til at helsestyresmaktene veit vårt beste. Men eg har vore skeptisk til byregjeringssjef Raymond og stats- og helseministeren som oppmoda om å pusta med is i magen, men passa på lungene. Dei ville ha oss til å gå på julebord – av omsyn til vår eiga juleglede og i solidaritet med dei som arbeider på bar og scene og kjøpesenter. Nå er det utvida til løfte om kompangsjon til handelsstanden og serveringsbransjen.
Personleg har eg vore sivilt ulydig og droppa meir enn det tilrådde, for sjølv om eg har funne fram det symbolske munnbindet og er så fullt vaksinert som det går an, har uroa sett seg fast på ny og mana til varsemd og fleksible billettar.
DAG OG TID er «en smal nynorsk kulturavis» som Dagbladet oppmodar søkarar til stillinga som politisk journalist om å la vera å lesa. Også denne smale vekeavisa, som snart har like stort papiropplag som Dagbladet, har avlyst juletrefesten, sjølv om alle skulle hurtigtestast og det ikkje skulle vera allsong av Ivar Aasens «Nordmannen» – utan dei apokryfe versa som finst mellom bakkar og berg.
Det er ekstra leitt med redusert sosial kontakt for oss lausarbeidarar som sit immobile på heimekontora og har endå mindre fysisk nærkontakt med bladstova enn vanleg.
Men før omikron kom til landet, fann Spaltisten og Hjelpeskrivarane, som har fått 3x3 dosar, eit høve til å smaka på juleølet – sitjande, etter forskriftene. Det var «forholdsmessig» oppfriskande.
VERTINNA GRIP SEG i å sakna Bent Høie. Ho har funne fram att metermålet og hengt sperreband rundt bardisken. Men ho vil heller ha koronapass, for det ville gjera det lettare å stenga ute utagerande drikkarar, polakkar, antroposofar og andre uvaksinerte frå pøbben.
Vertinna minner om at det ikkje er nytt at styresmaktene grip inn når folk flest ikkje har vett til å verna seg sjølv og dei næraste. På 1800-talet måtte dei som skulle konfirmerast eller ville gifta seg, visa attest for presten på at dei hadde fått innpoda kukoppar. Det tykkjer Vertinna var mange hakk meir inngripande enn å måtta syna fram ein krusedull på mobilen for å gå på fotballkamp, konsert, restaurant eller bar utan servering etter midnatt.
Kampen mot koppar blei vunnen, men det tok tid: Sjukdommen var faktisk ikkje utrydda før i 1978.
BYRÅSJEFEN KONSTATERER at rollene endrar seg raskt når posisjon og opposisjon byter plass. Høgre overtok Arbeidarpartiets klagesong frå dei siste åtte åra: for lite, for seint, medan helseministeren ville ha meir tid til å vurder. Erna Solberg fall tilbake i posisjonen som sur og gnaven detaljist. Og paradoksalt nok vil Høgre, som elles er eit vern for individuell valfridom mot formyndarstaten, ha fleire nasjonale påbod og vaksineplikt, mens det tradisjonelle statsstyringspartiet hegnar om frivilligheit og elles meiner at kommunane er nærast og veit best.
Det er ikkje lett å gjera alle til lags. Det har vore semje om at «nå må myndighedane gribe inn», men usemje om måten. Somme vil ha klarare tale og sterkare pålegg, mens ei samling rundt kommunelækjaren i Molde meinte at regjeringa er for «kommanderande». Høgre har dempa seg, men andre opposisjonsparti held fram med kritisk drøvtygging.
BYRÅSJEFEN VURDERER og resonnerer ut frå Forvaltningas ansvarsområde, og der meiner ein alltid at ein har kontroll – eller snart vil få det. Dei er jo ikkje ukjende med klagar over at tiltak er for stusslege og kjem for seint: Det er den evige børa for eit ansvarleg byråkrati.
Virusets vegar er lunefulle og utkropne, men ikkje uransakelege. Førsteutgåva kom med skituristar frå Alpane. Den nye mutanten kom til Scatecs julebord på DS Louise på Aker brygge og breidde seg vidare som potetgull til Maarud, Lysebu og Steinerskolen.
Scatec er eit innovativt og framgangsrikt energifirma som sel sol i Sahara og det sørlege Afrika. Det er ikkje bra for omdømmet at dei sette verdsrekord i superspreiing.
TRU DET ELLER IKKJE: Den rasjonelle Byråsjefen har eit løynt oppheng i science fiction, så han førestiller seg dette komplottet:
Sentralkomiteen i den nittande covid-internasjonalen har hatt møte i Wuhan. Der har dei konstatert at vaksinering og andre mottiltak har gjort det vanskelegare å vinna verdsherredøme med konvensjonelle virusvåpen. Derfor vedtok arbeidsutvalet i sentralkomiteen å rusta opp, omgruppera styrkane, mobilisera og mutera for å ramma breiare. Sjølv om det ikkje skulle føra til fleire falne, vil det smitta fleire, setta ny støkk i vanlege folk og få styresmaktene til å plaga borgarane endå meir.
Strategien kan bli ein stor siger i terrorbalansen i den evige og eksistensielle sivilisasjonskrigen mellom manneætt og virus. Det er vanskeleg å føra bakteriologisk krig mot ein mikroskopisk, feig og usynleg fiende.
FORSVARET ER STADIG på etterskot. Når balansepunktet er vanskeleg å treffa just-in-time, er for tidleg alltid betre enn for seint – dersom styresmaktene ikkje overbelastar legitimiteten. For omikron er berre den femtande av tjuefem bokstavar i det greske alfabetet, så det er rom for fleire mutasjonar og variantar mellom alfa og omega.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Høgre, som elles vernar individuell valfridom, vil ha formynderi og vaksinetvang.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.