Fotballfest på skammeleg arena
Korrupsjon, profitthunger og samvitslaus politikk skitnar til verdas største idrettsfest.
Fifa-president Gianni Infantino saman med leiaren for det saudiarabiske fotballforbundet Sheikh Hamad bin Khalifa bin Ahmed al Thani på tribunen under fotball-VM i Qatar.
Foto: Hannah Mckay / Reuters / NTB
hompland@online.no
Alt er gale og illusorisk med fotball-VM i Qatar: feil stad, feil arrangør, feil tid, feil innpakking, feil VIP-ar, feil tilskodarar.
Det er ikkje noko nytt at Fifa er ein mafiøs og korrupt organisasjon av fotballoligarkar. Gianni Infantino blei forfremma og kvitvaska til Fifa-president fordi Blatter og andre forgjengarar var verre. 16 av 22 som røysta for Qatar, er tatt i korrupsjon.
Qatargate var kokkelimonke mellom Platini, fransk fotballhelt og Uefa-president, president Sarkozy og emiren av Qatar. Platini snudde og gjekk inn for Qatar, det olja monarkiet kjøpte franske kampfly og redda skadeskotne PSG (Paris Saint-Germain), klubben i Sarkozys hjarte. Sidan har det vore kontraktfesta at stolte PSG-spelarar skal promotera Qatar og pussa på glansbildet av «det vesle landet med det store hjartet», i røynda ein fossilstat med 300.000 herrefolk og 2,7 millionar gjestearbeidarar utan borgarlege rettar.
DENNE MANGEDOBBELT-
moralismen blir grellast fronta av den sjølvnytande, homofile og handikappa migrantarbeidaren Gianni Infantino, omgitt av det lakenkledde og sportsvaska vertskapet i Qatar. Dei fører skam og vanvørdnad over verdas største idrett.
Sjølvbildet er så grandiost at Infantino ser det som rimeleg at Russland og Ukraina og andre krigarar lar våpena kvila under fotball-VM. På lag med Qatar siktar han mot Nobels fredspris, den Samaranch i IOC kongelobba for under the best winter games ever på Lillehammer.
Ein kan seia mykje om vondskapens akse og Russland og Kina som sportsarrangørar, men dei plutokratiske og einveldige monarkia på den arabiske halvøya er eklast. Saudi-Arabia med journalistopphoggaren MBS kan vera neste ut, for dei er i posisjon til å kjøpa arrangementet saman med vestlege fotballkonsern og globale profitørar. (Strålande siger over Argentina og Messi (PSG), saudi-arabisk turistambassadør.)
ISCENESETT AUTENTISITET pregar fotball-VM. Overlevande etter hotell- og stadionbygginga er enten deporterte eller har fått forlengd kontrakt som profesjonelle supporterar. Dei er spjåka ut med falske gevant for å illudera nasjonane som er med, for normale og øldrikkande fotballfans har ikkje råd til å dra til Doha, same kor macho og hetero dei er.
For det kommersielle fotballproduktet som er strigla business på alle baugar og kantar, er det eit trugsmål at publikummarane ikkje er like profesjonelle i rollene sine. Som ingrediens i TV-dramaturgien er friserte tilskodarar like viktige som dyktige deltakarar, og alle er dei levande reklameplakatar.
KJARTAN FLØGSTAD fanga spirene til dette i den elleville og mediatullete romanen Det 7. klima. Salim Mahmood i Media Thule (Samlaget, 1986).
Frå å vera ein kostbar fritidsaktivitet var sportspublikum blitt eit trygt og godt betalt yrke. Dei beste reiste verda rundt som artistar i det TV-produserte og showsportslege totalproduktet. Det sette krav til kompetanse, profesjonalitet, lojalitet og klare stillingsinstruksar.
Ettersom Noreg skulle ha noko å leva av når Dovre fell etter oljå, greip statsfinansierte og framsynte distriktshøgskular sjansen til å internasjonalisera seg og gå tungt inn i ein vekstbransje. Tilskoding I og II blei dei mest populære studieretningane: «Klakkørar, leiarar for heiagjengar og tilskodarar var såleis sprenglærde idrettshistorikarar og høgt kvalifiserte aktørar. I studieplanen blei det lagt om lag like stor vekt på praktiske øvingar i miming og gestikk som på massesuggesjon og andre teorifag.»
VERTINNA ER IKKJE tribuneslitar, men ho blir oppglødd når det kokar av yrande folkeliv rundt heimekampar. Tørste, hoiande og saftige supporterar er alltid velkomne før og etter kampar, for å sjå bortekampar på link, eller for å drikka øl til engelske seriekampar på fotballpuben. Det er ein tradisjon som ikkje høyrer fortida til.
Vertinna har aldri fått tak på offsideregelen, men har faste favorittar og hatobjekt. I år er det ein kvalitet at Italia ikkje er med, for ho blir sur når sutrande italienarar sigrar. Det er trass i alt betre Tyskland vinn til slutt, etter at 22 mann har sprunge rundt etter ballen i 90 minuttar. Men Vertinna vonar alltid på brasiliansk og magisk realisme. Så langt er hennar heltar dei iranske spelarane som var tause under nasjonalsongen for
presteregimet, for dei har meir enn regnbogefarga armbind å mista.
DEI MORALSK HØGVERDIGE boikottarane er også i normale tider mot fotball. Qatar stadfestar berre det dei alltid har visst, at fotball er forførande, fordummande og fordervande.
Ekte «fotballgærninger» (Tron Øgrim, 1998) slit med entusiasmen. Fotballfesten gir tømmermenn før han har begynt. Individuell boikott står dei fjernt, men eldhugen og den kollektive gleda har kolna. I så måte var det greitt at Noreg ikkje kvalifiserte seg, for då hadde samvitskonflikten blitt tung – både for fotballforbundet, solbakkar, klavenessar, spelarar og tilskodarar som vil oppleva «stolte øyeblikk».
SPALTISTEN KJEM IKKJE til å legga opp adventskalenderen etter fotball-VM, men det er ikkje eit salighetsspørsmål: Han får nok med seg Danmarks kampar, og han blir sikkert fanga når det drar seg mot finale.
Spaltisten har i grunnen fått sin faste førjulsdose av TV-sport med handballjentene, som i år blei flytta ein månad fram for ikkje å kollidera med storebrørne i Qatar. Og nå kjem Jokke og Valentinerne med vinter’n, den kalde, fine tida.
NRK og TV 2 har betalt meir enn dei har råd til for retten til å senda fotball-VM. Dei kan ikkje trekkja seg, men må av nasjonale samvitsgrunnar balansera begeistra kommentatorar frå banane med reporterar som skal driva kritisk journalistikk. Yama Wolasmal er dyktig med alternative vinklar, men det kan bli drøvtoggen graut i fire veker før jul.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.