Generalistkommuneprinsippet
Skal kommunane sleppast fri eller bindast endå fastare til statlege pålegg og styrte mål?
Ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap, tidlegare KrF) og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då dei møtte pressa etter eit møte i Kristiansand i juni i fjor.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
hompland@online.no
På lokale og sentrale politiske arenaar, i Forvaltninga og mellom folk flest, er det eit utbreidd håp om ro etter den siste kostbare og utmattande runden med kommunesamanslåingar. Men Høgre og Senterpartiet har det til felles at dei ikkje aksepterer robuste tap i slike kampar, så dei held det gåande.
SENTERPARTIET HAR lenka seg fast i Søgne og Songdalen. Statsminister Støre er med på ferda, men tvettar sine hender. Han sa rett fram til dei opprørske storbyordførarane sine at dette hadde aldri Arbeidarpartiet gjort på eiga hand, men regjeringssamarbeid er ta og gje, og dette er ei samvitssak for Senterpartiet før Finsland brenn ned – eller eit «salighetsspørsmål», som det heiter i bedehusa på det ublide Sørlandet.
KOMMUNEREFORMA til Solberg-regjeringa var ein fiasko. Med gulrot, pisk og tvang blei 119 gamle kommunar til 47 nye, og det samla talet redusert frå 437 til 356. Men målet var å koma så lågt at Høgre kunne ta neste steg: avskaffa fylkeskommunen og dela oppgåvene mellom større og meir robuste kommunar, private aktørar og statlege etatar.
I samanslåingsrusen satsa NHO på 100, og slagordet var: «Vi står klar, i større kommuner». Dei såg for seg avkommunalisering og kommersialisering av velferdsoppgåver og tekniske tenester.
NÅ PUSSAR HØGRE dei sløve sablane igjen. Om dei kjem til regjeringsmakt i 2025, etter nabosamtaler med dei andre «borgarlege» partia, vil dei ha omkamp om kommunestrukturen. Mudassar Kapur, som har studert marknadsføring og merkevarebygging ved BI og har mastergrad i strategisk leiing frå NHH, er Høgres talsperson i kommunal- og forvaltningssaker. I innhald er han Erna og Sanner på repeat, men det heiter ikkje «robust» lenger; nå heiter det framtidsretta tenester av omsyn til dei små og svake, og som før er barnevernet kampfront.
Men Høgre vågar ikkje å seia at det nødvendige kan gjennomførast med tvang, altså at regjeringa og Stortinget tar det tunge ansvaret det er å teikna om kommunekartet. Høgre nektar å ta ordet «tvang» i sin munn, men vil føra den amputerte reforma vidare med «den gode nabopraten». Det er så puslete at dei får refs på leiarplass i det klassiske øyrekviskrarorganet Aftenposten: «Tvang tvinger seg frem».
PÅ SØRLANDET utspelar det seg ein farse med kommunalministeren og Kristiansand-ordføraren som antagonistar. Gjelsvik er ein sta sunnfjording; den forbistra Skisland er politisk heildekkande for det fragmenterte bystyret og har etter tur representert KrF og DNA. Begge krev respekt for lokalt demokrati og sjølvstyre, men er usamde om kva det er: å lytta til dei folkevalde i den nye storkommunen som ikkje vil dela seg, eller å lytta til dei som budde i kommunane som blei tvangsinnlagde i Kristiansand? Er det Kristiansand eller innbyggarane i Søgne og Songdalen som skal høyrast eller overkøyrast?
BYRÅSJEFEN MINNER om at det er kommunane som fører manntal, er valdistrikt og skipar til val, og nå er kommunen Kristiansand. Saka har låst seg fordi nye Kristiansand nektar å ta på seg Gjelsviks løfte og gjeld frå valkampen til innbyggarane i Søgne og Songdalen.
Derfor vil regjeringa endra inndelingslova slik at ho, på tvers av kommunens vilje, får generell heimel til å halda innbyggarhøyringar og digitale folkerøystingar i saker der departementet tar initiativ til å endra grenser.
I Søgne og Songdalen kan slike høyringar ikkje gjennomførast før i 2024, og då har det i mellomtida vore eit opprivande kommuneval i Kristiansand. Byråsjefen lurer på om ei innbyggarundersøking kan utformast som ein tippekupong med gardering: Om det blir fleirtal for å frigjera Søgne og/eller Songdalen, bør då dei to slå seg saman, eller bli slått saman, dersom dei kan bli samde om eit høveleg namn?
OG BAKOM SYNG generalistkommuneprinsippet: Alle kommunar skal tilby dei same tenestene med same kvalitet uavhengig av innbyggartal, alderssamansetting, storleik, busettingsstruktur og ymist anna.
Dette er vanskeleg å få til for små kommunar som slit med å få tak i kompetente fagfolk. Utvegar er interkommunalt samarbeid eller at små kommunar kjøper tenester av større. Det kan enda med A- og B-kommunar, med produksjonskommunar og kundekommunar. Det kunne føra til fleire oppgåver for fylkeskommunane, men dei vil Høgre avskaffa.
FØR HO GJEKK AV, la Solberg-regjeringa i 2020 opp til omkamp og sette ned eit utval som skulle vurdera generalistkommunesystemet. Å rokka ved det vil underminera prinsippet om at alle kommunar må gjera alt ein kommune har ansvar for. Det ville også vera ei stor endring av forholdet mellom borgarar og innbyggarar, kommune og stat.
Generalistkommuneutvalsinnstillinga (pusteøving) kjem i slutten av mars. Det kan tvinga fram ein debatt om det er realistisk at kommunane kan vera generalistar under trongare økonomiske vilkår framover. Om alle kommunar skal ha ansvar for alt, kan største felles mål bli at alle får mindre ansvar og færre oppgåver enn dei har i dag.
I forkant skal dette drøftast på Kommunedirektørenes toppmøte, med utvalsleiaren Tom Cato Karlsen, som er statsforvaltar i Nordland, og departementsråd emeritus Eivind Dale, som meiner at kommunane må settast meir fri.
I DETTE GENERELLE perspektivet er Søgne, Songdalen og Haram berre pølser i slaktetida, same kor reverserte dei måtte bli.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.