Innanfor eller utanfor regjering?
SV skryter på seg makt til å påverka, men Sp har rett i at det er betre å vera i posisjon.
Påtroppande leiar i SV Kirsti Bergstø og partileiar i Sp Trygve Slagsvold Vedum.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
hompland@online.no
Dei to partia som er eller har vore juniorpartnarar i arbeidarpartileia regjeringar (Stoltenberg II og Støre), har landsmøte denne helga, i svært ulik stemning og situasjon: Senterpartiet, som er innafor og ikkje ville ha med SV i regjeringsbasen, fell; SV, som ikkje ville nøya seg med linsevelling, forlét Hurdalsjøen og står utanfor som støttehjul på vilkår, stig.
ER DET BEST å vera stor eller sterk? Ligg politisk styrke i å vera del av noko større som kan vinna fram når ein jenkar seg litt, eller er den sterkast som står aleine og er prinsippfast?
SV vil selja forteljinga om at dei oppnår meir ved å stå utafor som redningsbøye, enn om dei var inne i den kompromisskverna ei koalisjonsregjering må vera. Nå kan dei klaga på manglande styring, fri til Ap-veljarar og truga med å stiga av dersom føraren ikkje legg seg nærare venstre fil.
I si pragmatiske og hestehandlande formannskapssjel vil Senterpartiet alltid meina at det alltid er betre å ha ei hand på rattet enn å sitja i baksekritet med naudbelte. Til partiet konvertere til Stoltenberg ved valet i 2005, hadde dei vore med i alle borgarlege samlingsregjeringar i etterkrigstida: Lyng, Borten, Korvald, Willoch II, Syse, Bondevik I.
FOR TIDA ER SV større enn Senterpartiet på meiningsmålingane. Det opposisjonelle SV ligg over normalen. Etter den retoriske og desentraliserte bobla ved stortingsvalet er Vedums parti tilbake der dei normalt høyrer heime. Det tynger å sitja med ansvar i posisjon og vera fanga av handlingsrommet i EØS når løfte kan målast mot resultat. Til og med den lojale grasrota er opprørsk mot elpolitikken.
Begge partia balar stadig med spørsmålet om kven dei skal binda seg til og høyra mest saman med. Det gjer også bondehatarane i Arbeidarpartiet. Og kjøtvekta skal ein aldri undervurdera.
Den Sp-Ap-baserte regjeringa har tapt sin rett, ikkje i mandat før neste stortingsval, men tillitsreforma har stranda. SVs komande leiar, Kirsti Bergstø, som er kristensosialist, bed Gud om å gje regjeringa klarsyn.
VERTINNA HUGSAR mykje unyttig. Det kjem for henne ein song frå barndommens søndagsskule på misjonsbedehuset, første vers og koret:
Innenfor eller utenfor,
bryllupssalen en gang.
Innenfor eller utenfor,
evigheten så lang.
Innenfor eller utenfor,
lytt til min spørrende sang.
Innenfor eller utenfor,
hvor skal du gå engang?
Når Vertinna rotar ekstra lagt bak i minnet, mellom frelste skarar og englar med jubel og harper, tar ho også sjette vers:
Mange ute i mørket står,
lampene de sloknet ut.
Grufull tanke, bli utelukt,
oljen har helt tatt slutt.
VERTINNA BLEI SÅ oppglødd at ho leita fram ein CD som ein emissær som budde på pensjonatet, må ha prakka på henne ein gong. Han er gitt ut av forlaget Basunen og heiter Innenfor eller utenfor?. Der syng Heimlengt, eit kor med unge menn frå Jæren, i musikklagstil med gitar og synthesizer, «Innenfor eller utenfor», av ukjend tekstforfattar og med tradisjonell melodi.
Andre høgdepunkt på CD-en er: «Du klager så ofte», «Om hjertet er fylt», «Klippe, du som brast for meg», «Min Frelser og Forsoner», «No er mi synd tilgjeva», «Eg er ein gjest i verda».
I MIDLARE DELAR av Arbeidarpartiet kryr det nå av politiske kannestøyparar som meir enn gjerne står offentleg fram med høge profilar, ramsalt kritikk og klare meldingar ut. Dei er fortvila over det uføret Partiet har hamna i, med forskrekkelege meiningsmålingar. Dei er misnøgde med partileiinga og regjeringas politikk, og dei vil ha utskiftingar og fornying i toppen. Men på spørsmålet «Kva må gjerast?» sprikar det ville koret i alle retningar.
Fredrik Mellem, som er leiar av Oslo Arbeidersamfunn og generalsekretær i Europarørsla, kan stå som døme. I ein kronikk i VG tok han på seg å rydda opp i den miserable stoda i Arbeidarpartiet:
Når delar av veljarskaren er lånte bort til Høgre, er det fordi A-veljarar på gjerdet vil ha ei regjering av vaksne folk som kan halda særinteressene i sjakk. Mellem vil ut av den usæle tosemda i bås med Senterpartiet, og han vil ha SV inn, slik at Arbeidarpartiet blir det openberre kompromisset.
Men største skulda har det usexy Senterpartiet som er i permanent opposisjon til 21. hundreåret, men som Støre gir lov til å boltra seg med sololøp innanfor regjeringa, med reserveringar og nostalgiske reverseringar.
I MANNJAMNINGA om det er betre å vera utanfor eller innanfor regjering, sluttar Byråsjefen seg til Senterpartiets politiske realisme. Det er alltid best å vera i posisjon til å bruka Forvaltninga, henta inn kunnskap frå ekspertar, utval og utgreiingar, legga fram forslag og setja dagsorden. Det er institusjonelt gitt at regjeringa er i førarsetet og stikk ut kursen, sjølv når kartet er dårleg og orienteringsevna svak.
Det er opposisjonens glede og plikt å kritisera og bruka store ord, men dei blir små når det kjem til den daglege drifta av landet. Då er opphaussa saker og einskildpostar på statsbudsjettet berre ein synleg og omstridd pynt på den tjukke lagkaka regjeringa baker.
FORVALTNINGA ER SOLID og gjer sitt beste, og det er ikkje dårleg, meiner Byråsjefen. Men kraft, vilje og retning må statsrådane tilføra, og dei må vita kvar dei vil. Ei regjering må ikkje forveksla aktiv politikk med avbøtande tiltak. Det duger ikkje med Kjerkols nye repetisjonsformulering «invitere til», eller med Vedums reviderte småpottar til helsevesenet kvar gong Statistisk sentralbyrå kjem med nye prognosar for prisvekst og kostnader.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.