Landet vil vel få ei basert regjering
Støre sit med sterke kort på handa. Ropstad følgde ikkje dogmet om dei to blekkhusa.
Sjølv om Sp-leiaren vende ryggen til Audun Lysbakken og SV i valkampen, opnar han no for regjeringssonderingar saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
hompland@online.no
Når valet er forbi, tar politikken over – politikk som markeringar og manøvrar, tautrekking og kompromiss. For politikk er slett ikkje berre matematikk og statistikk, men også taktikk, pragmatikk og semantikk. I det spelet stiller dogmatiske identitetsparti utanfor totalisatoren, for dei held seg med ultimatum, har ufråvikelege krav og satsar på alt eller ingenting.
Det er ein politisk epoke sidan sentrumspartiet Venstre og Gunnar Garbo ville ha regjering etter formannskapsprinsippet, der alle parti skulle med, kvart etter sin styrke. Nå er det omvendt: Formannskap må vika for by- og fylkesregjeringar.
DET ER HEILT NORMALT at det tar fleire veker å setja saman ei regjering. Det er berre eittpartiregjeringar med reint fleirtal bak seg i Stortinget som kan kladda ferdig statsrådslista på førehand. Men også då kan det ta tid å få politiske fløyer, landsdelar og kjønnsdelar på plass. I tillegg bør kandidatane ettergåast grundig for å sjekka at dei ikkje har fiskefarse eller lik som kan ramla ut av skåpet.
I KOALISJONAR er prosessen meir komplisert. Potensielt samarbeidande regjeringsparti må først kjenna på interne smertepunkt, vurdera styrke og telja mandat. Formelen nå er: SV x 2 = S x 2 = A.
Så tek dei til å snakka saman, to og to, med statsministerkandidaten som ordstyrarar. Om dei finn grunnlag for å gå vidare, blir samtaler døypte om til sonderingar. I neste fase blir det alvor, med forhandlingsdelegasjonar som skal einast om politisk grunnlag, formuleringar og fordeling av statsrådpostar. Om det fell på plass, kjem dei fram til ei plattform med namn etter hotellet der dei forhandla: Lysebu, Sem, Voksenåsen, Soria Moria, Nydalen, Sundvollen, Jeløy radio, Granavollen. For sprikande regjeringar er det rimelegvis ikkje lovande å prøva å koma til semje på Staur gård. Det kan bli Hurdalssjøen denne gongen.
FØRSTE DEADLINE er når Stortinget er samla att, og den avtroppande regjeringa har lagt fram statsbudsjettet 12. oktober. Men det kan gå lengre tid, for her er dato mindre viktig enn dokument. Når det fell på plass, søker og får Solberg og statsrådande hennar avskil i nåde av Majesteten, og den nye regjeringa kjem ut på Slottsplassen. At Jonas Gahr Støre kjem ut i spissen, er det einaste sikre.
Det er dristig å spå kven som kjem saman med han, men ettersom Støre også er scenarist, kastar Byråsjefen innpå tre moglege scenario:
FLEIRTALSREGJERING med tre parti, som er Støres prioritet. SV får såpass mange vage løfte at dei tar sjansen på å unngå plenen, sjølv om dei har eit hissig Raudt på nakken. Senterpartiet har vore rimeleg bastante på mantraet sitt, men dei søker alltid posisjonar og kan hestehandla, så dei kan sno seg unna halvkvedne viser og Ola Borten Moe med at SV er såpass små at regjeringa i realiteten er basert på A og S.
MINDRETALSREGJERING. Arbeidarpartiet sit med trumf i slike forhandlingar, for dei andre veit at Partiet kan manøvrera til høgre og venstre og styra aleine. Støres politiske gudmor, Gro Harlem Brundtland, leia tre regjeringar i mindretal i sine seks år som statsminister.
TOPARTIREGJERING av A og S i mindretal, som er Vedums favoritt og mange arbeidarpartifolks skrekk. La oss seia at dei tre partia blir samde om ei regjeringsplattform, men at ho blir forkasta av SV-medlemmene i uravrøysting. Då har bordet fanga Arbeidarpartiet, det er for seint å snu på truverdig vis, og Senterpartiet får siste stikk.
KJELL INGOLF ROPSTAD måtte kasta korta etter å ha pendla virtuelt mellom gratis stortingsbustad i hovudstaden og guteromet på Moisund i Evje og Hornnes kommune.
Byråsjefen føler med han, for i Forvaltninga har han vore med og laga kompliserte regelverk om bustad og skatt og ymist anna. Det er ikkje vanskeleg å gå seg vill for den som vil. Og det er jo ein kampsport, med store premiar, for dei rikaste og mektigaste å bruka landets glupaste og best honorerte skattejuristar til å finna bakvegar, gøymestader og smotthol. Ropstad putla berre med dette på eiga hand, det skal han ha.
Men Byråsjefen minner om eit grunnprinsipp i norsk politikk og forvaltning: læra om dei to blekkhusa. Moralen skriv seg frå statsråd og amtmann Niels Vogt (1817–1894). Han opererte med to blekkhus, eitt for tenestlege brev og eitt for privat korrespondanse. Til det siste betalte han blekket sjølv. (Han var ikkje far til diktaren Nils Collett Vogt (1864–1937), som mellom anna skreiv Fra gutt til mann, Familiens sorg, Septemberbrand, De skadeskudte, Ned fra bjerget og Forbi er forbi.
SLAGSVOLD er ordinert til prest i Den norske kyrkja, statskyrkja h.v. Ikkje Trygve Vedum, men Marit, ungdomskjærasten og kona til pilegrimsvandraren og klasseforrædaren Jonas Gahr Støre. Han på si side er sanktifisert som statsministerkandidat etter valet, men det er eit stykke att til saligkåring og helgenstaus. Først må han snakka ferdig med Senterpartiet, som har stole slagordet «Tjen folket!» frå ei kommunistisk sekt som ser Raudt som kontrarevolusjonære revisjonistar. Det er ordinært at det ennå ikkje er vanlege folks tur.
***
RETTINGAR. I spalta førre veke stod det at Arbeidarpartiet i Oslo er mellomlagifisert. Det har skjerpa den språklege kreativiteten i lesarkrinsen. Alternative forslag er snikmellomlagifisert, mellomlagsinfisert og mellomlagsfrisert. Eit spørsmål om skikk og bruk, nøysemd og velstand må også nemnast: Bruker ekte sosialdemokratar framleis mellomlagspapir i nistepakka?
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Arbeidarpartiet kan bli fanga av bordet, og Senterpartiet få siste stikk.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.