JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Lærar mellom Kommunale Stolar

Lærarstreiken demonstrerte total mangel på tillit. KS er ein hybrid med varige dilemma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Streikande lærarar framfor Stortinget tidlegare i haust. No vil frustrerte lærarar ha tilbake staten som forhandlingspartnar, for dei har større tillit til regjeringa enn til KS.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5511
20221007
5511
20221007

hompland@online.no

Under tittelen «Idealisten i meg er i ferd med å dø» (Aftenposten 3/10) lét ein Ibsen-kunnig lektor i Osloskolen, han heiter ikkje Elias Rukla, vera å knekka paraplyen. Men det er freistande å storma ut av huset og forlata barna, som Nora i Et dukkehjem. Men han blir, som fru Alving i Gengangere, for å hevda sin rett: «Likevel er det frustrerende å stå i en jobb man elsker, som gir mening, og samtidig merke at politikerne våre tar oss for gitt.»

Det er hardt å vera syngande lerkefugl når KS er utru: «De forstår ikke hvilken hverdag lærerne står i. De forstår ikke hva det krever ikke å ha makt i eget hus, å bli behandlet som en dukke.»

LÆRARAR HAR SYMPATI rundt om i norske kommunar; mange er også aktive i lokalpolitikken. Men det nære hopehavet og tilliten forvitrar høgare oppe i organisasjonsapparatet. For KS er ikkje lærarane ei unik og spesiell gruppe, men ei av 37 i den kommunale porteføljen.

Lærarar har ei inntekt midt på treet. Dei har fallande status og stagnerande lønn, og langtidsutdanna lektorar kjenner seg som taparar. Men samanlikna med grupper innan helse og omsorg og andre kommunale etatar, er dei relativt høglønte. Dei lir av relativ deprivasjon: Dei er misnøgde når dei samanliknar ansvar og kompetanse med profesjonar dei heller vil jamføra seg med. Dei er ikkje ute etter klemmar og vakre ord, men meir pengar.

LÆRARANE STREIKA mot ein arbeidsgjevar dei ikkje har tillit til, in casu dei profesjonelle forhandlarane i KS.

KS kjempa lenge for å koma ut av den vindskeive ordninga der kommunen var skuleeigar og betalte lærarlønna, men der staten hadde hand om tariffen. Då KS fekk overta forhandlingsretten frå 1. mai 2004, i Kristin Clemets tid som kunnskapsminister og Halfdan Skards epoke som KS-leiar, gjekk lærarane til politisk streik.

Etter at årets streik enda i tvungen lønnsnemnd, vil frustrerte lærarar ha tilbake staten som forhandlingspartnar, for dei har større tillit til regjeringa enn til KS. Draumen er ein slags parallell til landbruksoppgjeret.

Om det skulle vera politisk velvilje til eit krafttak, stenger systemet, for lærarane er ikkje internasjonalt konkurranseutsette. Derfor er dei underlagde frontfagmodellen og må kniva om potten med andre i kommunal sektor.

KS SKRYTER AV stor tillit blant medlemene: norske kommunar, fylkeskommunar og kommunale samfunnsbedrifter. Men det er stor skilnad mellom deltakarar i systemet og tilskodarar utanfrå.

Det er mykje uforstand i ålmenta om kva KS er. Mange trur det er ein slags overkommune som styrer kommunane på vegner av staten. Det er KS ikkje. KS er ein ganske samansett og hybrid konstruksjon som lever med varige dilemma og konstante spenningar.

KS ER POLITISK STYRT og administrativt leia, og det har vore dragkamp mellom dei to regimenta. Forløparane til KS var sentralt direktørstyrte. Då byforbundet og heradsforbundet fusjonerte til NKS (Norske Kommuners Sentralforbund) i 1972, kom politikarane sterkare på banen.

Sidan har det skifta om det er tilsette eller valde som skal fronta organisasjonen utetter. For tida er toppdirektøren usynleg, mens den politisk valde leiaren, Gunn Marit Helgesen, er eit offentleg andlet. Under lærarstreiken kom ho langt om lenge på banen og sa at KS, etter innspel frå medlemmene, hadde vedtatt å prioritera helse og sosial over lærarane.

HELGESEN (HØGRE) blei kasta etter førre kommuneval. Det raudgrøne fleirtalet i KS-styret valde senterpartisten Gram til leiar. Då han melde overgang til Kommunaldepartementet og seinare blei forsvarsminister, rykte Helgesen opp, for ho var pakkevald som nestleiar.

I KS er det slik at ein blir vald til leiande organ med politisk hatt, men når ein er vald, må ein byta til KS-hatt og vera ein samlande frontfigur for heile det norske kommunepartiet.

Partipolitiske fleirtal kan avgjera saker med knapp margin, men det gjer dei ikkje, for då ville KS ikkje bli tatt på alvor. Derfor søker dei kompromiss i største felles mål og minste felles multiplum. Og lar vera å uttala seg om dei ikkje kan koma fram til konsensus.

Derfor kan KS til dømes ikkje meina noko om kor mange kommunar og fylke det bør vera, om kven som skal ha kinn mot kinn. Deira trassige kall er å masa om at fleire oppgåver bør overførast frå nasjonale etatar, statsforvaltarar og direktorat til fylke og kommunar.

KS ER AV, MED OG FOR alle kommunar, store og små, fattige og rike. Men Oslo har ein halv fot utanfor og driv eigne tariff-forhandlingar: Derfor var det ikkje lærarstreik i Oslo. Misnøgde politikarar i andre byar og fylkeskommunar smaker på det same.

KS driv forvaltning, forretning og rådgjeving. KS er ein interesseorganisasjon mot staten, men også samarbeidspartnar i gjennomføring av nasjonale fellesoppgåver. Dei må balansera mellom konfrontasjon og konsultasjon, for KS kan ikkje streika mot staten.

KS er samanlikna med ei humle i flukt: Etter aerodynamiske prinsipp skulle ho ikkje vera flygedyktig. Men humlene surrar vidare og gjer si velsigna gjerning. Og dei kan flyga i flokk, når dei er mange nok.

FOTNOTE. Saman med Jon Helge Lesjø gav Andreas Homp­land i 2016 ut boka Konstante Spenninger, finansiert av KS. Ho handla om KS si historie, forhistorie og plass i den norske modellen. Spaltisten meiner det borgar for at han denne gongen har litt greie på det han skriv om. Andre får vurdera om det gjer han inhabil.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis