JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Me som stadig elskar papiraviser

Digitalisering endrar lesevanar, og konserna endrar pressebildet i form og føremål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Papiraviser kan både lesast og resirkulerast.

Foto: Berit Roald / NTB

5331
20210521
5331
20210521

hompland@online.no

Me som elskar aviser på papir, er bakpå og høyrer til den førre generasjon. Teknologien er revolusjonert og framtida er sjølvsagt digital, dessverre, for avislesing på papir er best og gir mest. Om Posten får papiret fram, og det gjer dei stadig sjeldnare.

Konsernisering er ei anna side. Schibsted, Polaris (som er deleigd av Schibsted) og Amedia deler hovudtyngda av marknaden mellom seg. Amedia spring delvis ut av den avpolitiserte A-pressa, men blei stort med Sparebankstiftelsens mellomkomst til «hjemkjøpet» etter at Rimi-Hagen hadde selt mediebiten av gruve- og matevarekonsernet Orkla til det spekulative britiske Mecom.

DET RIKSORGANET du les nå, som kalla seg «ein plog gjennom asfalten», klarer seg godt på eiga hand og har framgang både på papir og på nett, som andre dedikerte nisjeblad.

Klassekampen rykker stadig oppover på lista i det svinnande segmentet av papirlesarar. Bjørgulv Braanen, som var i Dagens Næringsliv «Etter børs», og som i Dagbladet blei kåra til Noregs sjuande viktigaste intellektuelle for nokre år sidan, har krav på fortenestemedalje for å ha omskapt ei stalinistisk partiavis til eit samlande organ for norsk venstreside – hvori opptatt Senterpartiet. Det kan koma vel med når bondesamvirket vil fjerna Nationen frå tunet og avhenda odelsgodset til Amedia.

Frie og ubundne vil alle vera, og dei fleste er det – av anna enn konsernkrav til botnlina. Pressa er ikkje offentleg støtteverdig av omsyn til eigarane, men for at borgarane skal ha eit differensiert tilbod med særpreg i vinklingar og meiningar.

PAPIRNOSTALGIEN sit hardt i Spaltisten, for han var med i ein slags gullalder då Dagbladet og VG kjempa om opplags- og oppslagshegemoniet. Schibsted vann, og Jens P. Heyerdahl tente ein halv milliard på å slakta Berner Gruppen og selja eigedommane til pensjonskassar og Dagbladet til danske Aller.

Som Heimefrontens avis hadde Verdens Gang eit strålande utgangspunkt etter krigen. Det gjekk ikkje så bra. Eit av forsøka på å kome på fote var å byta format i 1963. «Tabloid» var sjølve omgrepet for kommersiell, sensasjonell og forflata bulevardjournalistikk. I Dagbladet blei det kalla «globoid», og redaktør Storsletten kommenterte syrlig VGs nye format slik: «En liten avis er blitt mindre.»

Dagbladet heldt på slagordet «Alltid foran», minneverdig fronta av Arne Hestenes på nudistleir i Danmark. Men med Schibsted-kapital i ryggen, betre distribusjon og posisjonering som den vesle manns forsvarar («VG hjelper deg») kunne VG ta i bruk vignetten «Øker mest» og passerte Dagbladet i 1972.

Dagbladets arroganse og formatet som intellektuell fetisj var så tungt å bita i seg at det gjekk 20 år før Dagbladet bytte til eit format som kledde blekka betre. Med «Står på» som slagord og lemen som symbol. Det var etter mønster frå svenske Expressen, som bruker veps («geting»): nyfiken, med sting. Redaktør Solstad hadde halde seg med svenske avismakar­ideal frå Herbert Tingstens tid, men VG overtok vennskapen med Expressen.

I DENNE SPALTA førre veke stod det at Sylvi Listhaug har overtatt Dagbladets gamle slagord «Tør der andre tier». Det medfører bare delvis riktighet.

Det er rett at Sylvi Listhaug har gitt ut si politiske skapingshistorie, med bestemorkors. Boka heiter «Der andre tier» og er skriven Lars Akerhaug, som seinare blei redaksjonssjef i Resett.

Men det er en erindringsforskyvning at Dagbladet brukte det slagordet. Det har Spaltisten innsett etter grundig risørtsj i jubileumsbøker og andre skriftlege kjelder, gamle komplettar, eigne skriftstykke og andre leivningar. Det er også bekrefta av høgst oppegåande og munnleg sterke veterankjelder, men dei meiner at det må ha vore drøfta i avishuset, for det samsvarte godt med sjølvbildet: vågal, friskfyraktig, pågåande, uskikkeleg, frekk. Med storoksen Arve Solstads ord: «Det kan gjerne være tøv, men det må være int’ligent tøv».

EKSTRA BLADET er forklaringa. Bulevardavisa i tabloidformat som blei Danmarks største på 1960-talet, hadde patent på slagordet «Tør – hvor andre tier». Avisa var den vesle manns talerøyr og dreiv aggressiv kampanjejournalistikk. Eit anna varemerke var «Side 9-pigen», eit dagleg avkledd kjønnsobjekt.

Dagbladet var også seksuelt frigjort, men i ei anna lei: frisinna, men ikkje frivol, mot mørkemenn og for seksualundervisning i skulen, med annonsar for hygieniske artiklar, pornoblad og sextelefonar. Dagbladet hylla (høgverdig) erotisk kunst og litteratur og trykte den utilslørte spørjespalta til Inge & Sten: «Hjulvisp? Det er helt normalt», kommenterte den makelause Stabel på Bysida.

I FORMAT OG FORM var Ekstra Bladet på kant med Dagbladets meir likestillingsvennlege og elitære kulturtradisjon. Heilt frå Brandes’ tid var Dagbladet politisk og ideologisk i nær slekt med den sosialliberale og kulturradikale Politiken. Det var ulike avistradisjonar: I Danmark gav same avishus ut to aviser: ei høg i abonnement og ei låg i laussal. I Noreg ville Dagbladet vera begge delar i same blad.

BYRÅSJEFEN MEINER at Spaltisten etter dette mistaket må slutta å stola på eige minne. Men då torer han vel ikkje anna enn å teia.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dagbladet ville vera for highbrow og lowbrow i same blad.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis