JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Metaforar og kluss i vekslingane

Vinteridretten har hatt hegemoni som hoffleverandør av livsvisdom til det norske folket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stafett er stafett (Jon Herwig Carlsen). Helene Marie Fossesholm vekslar med Ragnhild Haga i Zhangjiakou.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

5590
20220218
5590
20220218

hompland@online.no

Sei meg kvar ein kultur hentar metaforane sine frå, og eg skal seia deg noko om verdigrunnlaget og korleis det skiftar over tid, generasjonar, kohortar, klassar, geografi og næringar.

DET EKTE NORSKE har etter sagatida hatt rot i bibelsoga, men stadig færre er konfirmerte og kjenner dei språklege røtene. Med 13 til bords er det ein uriaspost å prøva å gå på vatnet. OL-troppen i Beijing har god psykologhjelp, men for første gong er det ingen prest i støtteapparatet.

Landbruk, industri og fiske har hatt si tid, men det er ikkje lett å gjera metaforisk store varp der lenger. Popmusikken lever, men skjønnlitterære klassikarar står i fare for å vera seg sjølv nok. Marknadsretorikken leverer, og dataspråket erobrar stadig nye domene.

FOTBALLENS BIDRAG er evangeliet etter Drillo: gjennombrotshissig og best utan ball. Nils Arne Eggen las dikt i garderoben og predika godfotteorien og læra om å spela kvarandre gode. Men «det er von i hangande snøre» lånte han frå KrF-politikaren og folkloristen Kjell Bondevik. Han var djupt såra og vonbroten då Senterpartiet sveik regjeringsprosjektet etter Bortens fall, men han ville ikkje gje bort odelsretten for ein linse­velling. (1 Mos 25, 29-34).

VINTERIDROTTEN har hatt hegemoni. I glansåra var skeise­sporten kongeleg og folkeleg hoffleverandør av språkbilde og livsvisdom. Kuppern bidrog med «To indre og vekk me’n» og «Sølv er nederlag». Etter Hjallis står den udiskutable sanninga: «Du kan itj gå på noill.»

«Kluss i vekslinga» har forskingsrapportar og familiepolitikk flytta frå bortre langside til kvardagslivet: foreldre i tidsklemma som må samordna to jobbar og frakting av seg sjølve og barn til og frå.

ØVST PÅ PALLEN står skisporten, med og utan gevær. Den metaforiske godbiten «samling i bånn» blir ofte mistolka: Det er ikkje uttrykk for nederlag, men for pågangsmot.

Under det militære patruljeløpet som var oppvisingsgrein i St. Moritz i 1928, låg den norske troppen langt bak dei finske og sveitsiske favorittane på toppen. Då kommanderte flaggberaren og den seinare flygarhelten Ole Reistad frå Little Norway gutane til samling i bånn. Dei tok ulike løyper ned og vann etter dristig satsing i bratthenget.

I CHAMONIX 1924 var skeiselaget ramma av høgdesjuke. Olaf Helset, den seinare krigshelten frå Midtskogen og Milorg, general og idrettsleiar, budde i Frankrike og var ansvarleg for skitroppen. Han kjende tilhøva og fekk laget på plass åtte dagar før femmila som gjekk i bratte og isete løyper med snøføyke og tjue minus.

Det var klassekamp mot nikkersadelen om laguttaket, men det enda med firedobbel siger til skogsarbeidarane Thorleif Haug, Thoralf Strømstad, Johan Grøttumsbråten og Jon Mårdalen. Etter den bravaden forma Peder Chr. Andersen i bladet Idrætsliv 1. februar 1924 den evige overskrifta: «Vi Viste Verden Vinterveien». Ho blei gjenbrukt i den offisielle olympiafilmen etter OL i Oslo 1952.

Moralen i Lillehammer 1994 var av det same sjølvbyrge slaget: «De sa det ikke lot seg gjøre. Så vi gjorde det.» Den sterkt mislikte president Samaranch i Den internasjonale olympiske komiteen (CIO) blei tilgitt alt då han kom med sitt the best winter olympics ever. Det var i tråd med statsminister Gros nyttårstale: «Det er typisk norsk å være god!»

METAFORAR MÅ utviklast om ein ikkje skal smørja seg bort og få is i rubben, sjølv om ein er fødd med ski på beina. Endra matvanar, nye stilartar, teknologiske endringar og fellar under skia er ei utfordring. Å tråkka løype er det få som gjer, for maskinane lagar trikkespor. Å gå «fiskebein» er barnevennleg endra til «pizzastykke». Å stivna totalt i høgda og «ta ein Brink» er kopiert av Ingrid Landmark Tandrevold. Mens Bjørn Dæhlie er devaluert.

Eg bøyer meg i hatten for ein fornyar som Helene Marie Fossesholm: Det gjeld å vera på smellen og ikkje kvila på rognebæra.

DENNE UTGÅVA av Sideblikk er ei einaste stor retting eller (bort)forklaring av språklege sprell, men kan også kallast sporing av metaforiske kjelder i sportsspråket. Der høyrer også denne OL-aktuelle med: «Kinesisk promp luktar vondt.»

Det revolusjonære fyrverkeri kalla Bo Brekke biografien om Tron Øgrim (1947–2007). Bestefaren var kommandør i Frelsesarmeen, og faren var fysikar på roteloftet. Tron var maoistisk sjefideolog, sjølvproletarisert bryggeriarbeidar og diktatorisk kulturkommissær då SUF og AKP(m-l) var avskrivingsbyrå for det kinesiske kommunistpartiet. Han definerte «marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenkning» som «vitenskapen om åssen man driver klassekamp» og «åssen man gjør revolusjon». Læra blei autorisert i skriftet «Proletariatets demokratiske diktatur», som var obligatorisk pensum i m-l-rørsla.

ETTER AT MAO DØYDDE i 1976, rakna det for norske maoistar, for etterfølgjarane var svikarar som vandra kapitalismens veg. På partiforlaget Oktober gav Øgrim ut Marxismen – vitenskap eller åpenbaringsreligion? og Den vestlige maoismens sammenbrudd og krisa i AKP(m-l).

Han stilte spørsmålet om korfor så mange spedbarn døydde i mellomalderen. Svaret var at dei sov i seng med foreldra og blei legne i hel når dei vaksne snudde på seg. Slik var det også med det kinesiske kommunistpartiet og den norske veslebroren. Etter å ha brukt år på parfymering, kom Øgrim til at kinesisk promp luktar vondt.

Og det skal han ha: I sin postmaoistiske periode skreiv han boka Tron Øgrim treffer 10 sportsgærninger.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein må vera på smellen og ikkje kvila på rognebæra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis