Ministeren og internasjonalistane
Anglifiseringa i forsking og høgare utdanning kan føra til eit nasjonalt samanbrot.
Vertinna trur at Sp-nestleiar og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kan laga veg i vellinga som skitviktige universitetsleiarar rører rundt i.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
hompland@online.no
Førre veke la Byråsjefen ut om kva slag statsrådar som er best – slik Forvaltninga ser det. Vertinna ser meir vanleg og folkeleg på det. Ho tar att fordi ho berre slapp til med nokre ord om reality-TV, og om at kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram kan koma til å møta seg sjølv i ordførardøra i KS. Så langt har dei kjent han att.
BONDEARISTOKRATISKE slekter har dominert Nord-Trøndelag i hundreår, ført vidare i Senterpartiet av Arnstad, Almlid, Bartnes og ei lita handfull til. Gram har også god klang i den nordtrønderske politiske, økonomiske og kulturelle eliten. Slekta kom frå trondhjemsk handelsborgarskap og erverva By gård utanfor Steinkjer. Derifrå spreidde dei seg til Skjefte gard, som ligg midt i byen, og som er Bjørn Arild Grams base.
Fredrikke Qvam (1843–1938) var fødd Gram på storgarden By. Ho var pioner i den humanitære og politiske kvinnerørsla med sanitet og stemmerett som kampsaker. I Stortinget måtte ho halda seg på galleriet, men hadde andre kanalar inn i den norske styringseliten i Venstre-staten: Ho var gift med statsråd og statsminister Ole Anton Quam og blei derfor kalla «statsraadinden» i vittigheitsblada.
VERTINNA HAR LITA tru på at automatisk internasjonaliserte og autonome akkademikkarar forstår samfunnsoppdraget dei er sette til å utføra. Først tok dei lærarskulane, så tok dei distriktshøgskulane og gjorde dei til universitetsanneks. Dei vil tena faget og ikkje folket, så dei treng ikkje bry seg med å utvikla norsk språk og formidla praktisk kunnskap for det samfunnet dei er ein del av.
Vertinna liknar dei med importerte og engelskknotande fotballspelarar som knapt veit at dei er somewhere i geografien, men det gjer ikkje så mykje, for dei vonar å koma raskt vidare til ein betre karriere anywhere.
Slik er det ikkje med desse engelskskrivande ungkarane, meistrane og doktorane. Dei aller fleste kjem ikkje ut i den store verda, men må søka teneste i små kommunar, helsestell, skular og offentleg forvaltning her på berget. Det endar vel med at dei må gjennom eit re-integreringsprogram for å koma ned på jorda og bli gagns menneske.
VERTINNA HAR STØRRE tru på Ola Borten Moe og felagane hans, for han er ein halvstudert røvar som kan sjå den sjølvgode universitetseliten utanfrå. Ho trur han kan laga veg i den vellinga som skitviktige universitetsleiarar rører rundt i. Det overraskande er at dei er så provinsielle at dei ikkje går til motangrep på engelsk, slik at alle kan vera med.
Det er ille at denne Curt Rice stadig får lov til å uttala seg, meiner Vertinna. Det var han som, med ei røyst overvekt i styret, fekk gjort om Høgskulen i Oslo og Akershus til eit gult storbyuniversitet med det dumme namnet OsloMet. Nå har han flytta til eit bruk på landet, så dei må passa seg på Ås, for elles kan det bli nasjonalt samanbrot i høgare utdanning.
OLA BORTEN MOE seier at han er ein Moe og ikkje ein Borten. Det forstår ikkje Vertinna, for ho tykkjer han ikjøtar bestefaren. Også øyrekviskraren hans, trøndersogningen Oddmund Løkensgard Hoel, har slekt å rekna med. Bestefarens hans, Oddmund Hoel (V), var på Stortinget for Sør-Trøndelag samtidig med Per Borten (S). Hoel sat i militærkomiteen, og kampsaka hans var atomvåpen på norsk grunn.
PER BORTEN VAR ein lun og lur trøndersk bondepolitikar. «At dere tør», var Einar Gerhardsens melding til Høgre då Senterpartiet kom med i John Lyngs (H) trevekers borgarlege prøveregjering etter Kings Bay-saka i 1963.
Borte-Per, som den perfide partifienden Jon Leirfall konsekvent kalla han i sogebøkene sine, melde seg av og til ut og var litt slepphendt med dokument og omtrentleg med fakta. Men alle visste at slik var det, så det blei rekna inn som «erindringsforskyvning». Komikaren Rolf Just Nilsens hadde ein fast signaturreplikk når han imiterte Borten: «Det har jeg aldri sagt.»
***
RETTINGAR. I Sideblikk for to veker sidan blei det vist til at Hurdalssjøplattforma skal streva etter å ta vare på norske interesser. Det er feil. Det AS-regjeringa skal «streve etter», er «langsiktig balanse mellom Forsvarets oppgaver, struktur og økonomiske rammer», pluss slutta lojalt og trufast opp om Natos 2-prosentmål.
Det høyrest knapt meir konkret ut enn 34 punkt som skal utgreiast, 44 vurderingar, 58 gjennomgangar og 115 tilfelle av «styrking». Men det skal nok bety at heile landet skal takast i forsvar – minus Andøya, som til trøyst og heimevern fekk distriktsforsvarsminister Odd Roger Enoksen. Han har stige opp frå torv til romfart.
DEN NYSLÅTTE utanriksopposisjonen Søreide meiner det er ein dårlig start av Huitfeldt å prøva å driva brubygging til 86 land som vil traktatfesta ei atomvåpenfri verd. Å legga seg ut med Nato-Stoltenberg og allierte kjernevåpenstatar er å svi av krut og politisk kapital til inga nytte.
Ein lever ikkje farefritt i det Carsten Jensen har kalla det norske nasjonaleposet, Dyrene i Hakkebakkeskogen. Når Bestemor Skogmus skal ut og gå med den konvensjonelle paraplyen, må ho passa seg for ugler, revar, piggsvin og andre fiendar: «Kanskje blir det meg, kanskje blir det deg, kanskje blir det tralalei.» Om det blir storm og austavind, er det godt å ha ein venn som er sterk nok til å ta igjen og kan verna oss i ly av atomparaplyen sin.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det endar vel med at dei må gjennom eit re-integreringsprogram for å bli gagns menneske.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.