Naudsynt demokratisk underskot
Feiringa av grunnlovsdagen blir utriveleg når EU-medlemskap kjem på dagsordenen.
Politikarar frå både Venstre og Høgre held EU-fana høgt, men Erna Solberg er skeptisk med tanke på framtidige regjeringssamarbeid.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
hompland@online.no
Årets 17. mai-lunsj med Hjelpeskrivarane tok ei uventa vending. Lenge gjekk det som normalt: eggedosis og champagne, ekte laks og blautkake før kongepjolteren. Det blei rive vennskapeleg kjeft, og det var tevling i å overgå kvarandre i spitord om lokale, regionale, nasjonale og internasjonale politikarar.
Det var ros av den dyktige og tapre skodespelarpresidenten i Ukraina, og fantasifulle spekulasjonar om den fysiske og psykiske helsa til Putin. Men også heimlege politikarar fekk sine pass påskrivne, sjølv om slagsmåla mellom dei som oftast går på tomgang og er repetisjonsøvingar.
Stemninga var altså høg og god, som det sømer seg på ein dag med takksemd for fred, fridom og frie ytringar.
MEN SÅ DUKKA EU OPP. Det har aldri vore eit problem før, for på tvers av alt som skil dei, har Byråsjefen, Vertinna og Spaltisten vore samla mot, både i 72, i 94 og etterpå.
Vertinna har kjent på gikta at noko er på gang etter det russiske åtaket på Ukraina. Det gamle og fredsvennlege nei-partiet Venstre har slått kollbøtte og blitt mest krigersk og EU-ihuga av alle. Høgre vil ikkje vera dårlegare; dei har løfta EU-fana høgt – mot Ernas vilje, for ho veit at det undergrev planen om comeback som samlande statsminister i ei såkalla borgarleg regjering.
Den mest EU-inkarnerte av alle, Jonas Gahr Støre, som kunne blitt ein perfekt EU-kommissær, held tann for tunge og seier at saka ikkje er aktuell. Han veit at dersom ho blir det, er det ein dødsdom for AS-regjeringa. Den politiske sjølvmordsparagrafen gjeld som før.
VERTINNA ØSER SEG OPP over harde tider og mangel på forlik i norsk politikk, for ho har ikkje stor fidus til politikarar i kommune, fylke og nasjon. Dei byr ikkje på overskot av handlekraft, men kan likevel vera nyttige å ty til som ombodsmenn for den som må kjempa mot firkanta, urimeleg og byråkratisk urettvise. Det er eit stykke til Leikanger, Førde og Bergen, men lenger til Oslo, og lenger enn langt til Brussel.
Ho har ingen nye argument mot EU-medlemskap, men tykkjer dei gamle held seg godt: distrikt, landbruk, fiske, naturressursar, Grunnlova og sjølvråderetten.
Men ho synest heller ikkje at EU-tilhengarane har meir å fara med enn før; dei seier det berre meir insisterande i lyset frå Europa. Dei meiner at når samarbeidet der utviklar seg i ekspressfart, er det endå meir pinleg og skadeleg å klynga seg til den makteslause EØS-jolla som heng på slep. Det er skammeleg og flautt å sitja på gangen med Island og Liechtenstein når dei store avgjer, saman med tulleland på Balkan.
Den tidlegare naturlege ungdommen, Kjetil Bragli Alstadheim, som nå er ideologisk førar i Aftenposten, snik EU-propaganda inn i alt han skriv og seier. Det osar av forakt for uvitande, halte, døve og blinde nei-folk, alltid med ein solid dose harselas over dei bakstreverske og sjølvmotseiande stabeisane i Senterpartiet.
Uansett kva spørsmålet er, er svaret EU. Vertinna høyrer også svenskesuget i ny versjon: Når Sverige og Finland melder seg inn i Nato, må Noreg inn i EU.
MEN BYRÅSJEFEN har snudd. Nå set han sin lit til dei framsynte i kommisjonen og andre EU-forvaltarar som ikkje skal attveljast av folk flest. Folkevalde politikarar kan til og med koma til å lysa ut nye folkerøystingar, og det er farleg, det.
Det demokratiske underskotet er eit vern om den kunnskapsrike Forvaltninga og ei europeisk livstrygding mot politiske kastevindar, både i EU-landa og her heime.
HAN HAR MANGE DØME. Det siste er den ambisiøse klimaplanen EU-kommisjonen har lagt fram: Frå 22 prosent fornybar energi i 2020 til 45 prosent i 2030. For at det skal gå, krev kommisjonen at medlemslanda hastehandsamar søknader om å bygga ut fornybar kraft; det skal ikkje ta meir eitt år. Behovet for ny energi må trumfa naturomsyn og lokal motstand.
Slik Byråsjefen ser det, må dette også bli eit krav i Noreg. Når ansvarleg og profesjonelt embetsverk veit kva som er best på lang sikt, må det ikkje rotast til av kortsiktige politikarar. Då er det naudsynt å gå utanom bøygane i marknad og politikk.
Demokratisk underskot er eit forsvar mot kortsynt politikk, på vegner av klimaet og klotens framtid, sjølv om folk flest ikkje tar det inn over seg. Byråsjefen veit at mange i Forvaltninga, både i Oslo og Brussel, er samde med han, utan at dei torer seia det høgt og handla deretter. Men han har parolane klare for realpolitikk etter alle 17. mai-talane:
Ja til demokratisk underskot!
Nei til nei til EU!
***
RETTINGAR. For to veker sidan bala denne spalta med å få tak på den reviderte Framstegsparti-koden og Listhaugs nøkkel til suksess. Ein røynd politisk analytikar og valforskar har kome Spaltisten til unnsetning, og takk for det: «Krystallklar tvetydighet».
Landet strøymer for tida ikkje over av flyktningar frå langtvekkistan, men ein må vera budd og skilja klart mellom verdige asylsøkarar frå vår kulturkrins og lykkejegerar utan kors, for dei passar ikkje inn i Listhaugs norske verdiar. Ukrainarar er hjarteleg velkomne, men syrarar og afghanarar som bankar på grensebommen, skal sendast med ugyldig Nansenpass til trygge nærområde. For Framstegspartiet er det Hotell Rwanda, der dei har røynsle med folkemord.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Uansett kva som er spørsmålet, er svaret EU.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.