Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Parlamentariske og andre bobler

Den engelske sjuka gjer det endå vanskelegare å vera opposisjon i koronaens tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frp-leiar Siv Jensen og statsminister Erna Solberg i debatt etter Solbergs utgreiing om handteringa av koronapandemien i Stortinget førre veke.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5400
20210129
5400
20210129

hompland@online.no

Firarbanden på Stortinget er i bakleksa og syner teikn til desperasjon. Det er forståeleg at dei vil markera seg, for regjeringa har initiativet, oversynet og kontroll over dagsordenen, med Forvaltninga, Guldvog og Stoltenberg som underleverandørar. Pandemien har ført med seg auka ansvar og større tillit til faglege og formelle autoritetar i styre og stell. Helseminister Høie er ganske nedpå, medan stats- og detaljminister Solberg er ein tyngre kanon når ho seier det på sin måte.

FABULOUS FOUR fekk dei to einpersonspartia med på å gje regjeringa 23 nålestikk. Dei fleste var over lesten «for lite, for seint», og Høie svarte sitt vanlege «dette jobbar me alt med»: vaksineutrulling, grensekontroll, permitterings- og støtteordningar. Som ein godbit fekk Framstegspartiet dei andre med på at parlamentarisk skjønn tilsa unntak frå det nasjonale skjenkeforbodet i kommunar med lite smitte.

Regjeringa protesterte, men tok vedtaket til vitende og blei med på ferda. Den barnslege Bent gjorde ein slu vri for å koma rundt intensjonen: Han tolka smittevernlova og snudde 180 grader ved å oppheva det nasjonale skjenkeforbodet. Politisk er det skilnad på at noko er forbode etter nasjonale reglar, men at kommunen kan bruka skjønn og gjera unntak, og at noko er tillate, men at kommunen kan vedta strengare reglar.

«Det var ikke dette vi ba om», sa Siv Jensen, men opposisjonen var stilt sjakk matt. Det i og for seg fornuftige og differensierte vedtaket sette smittevernet i partipolitisk spel. Offentleg fekk me oppleva den forvitnelege konstellasjonen Torbjørn Knag Fylkesnes (SV) og Siv Jensen (Frp) mot Bent Høie (H) og Mads Gilbert (Raudt og medisin).

NOKRE FÅ DAGAR etter kom skjenkevedtaket i Stortingets eiga boble heilt i skuggen av den engelske sjuka. Byråsjefen meiner det er slik det ofte går når opposisjonen briskar seg, men gløymer Forvaltninga og arbeidsdelinga mellom det lovgivande og løyvande Stortinget og den utøvande makta.

Byråsjefen passar stadig på tala. Før det muterte viruset ramma nordfollingane og truga Oslo og omland, var det optimisme å spora: Tal og søyler for nye smitta og innlagde på sjukehus stabiliserte seg og var på veg nedover. Det meiner Byråsjefen er å la seg forføra av ovtru på den deriverte: Rett nok flata kurvene ut, men på eit nivå som er skyhøgt over det som blei sett på som katastrofalt for eit par månader sidan.

BYRÅSJEFEN har kome opp i eit personleg dilem­ma: På den eine sida liker han dårleg å vera tystar og snikmeldar, på den andre sida er han ein ansvarleg samfunnsborgar. Saka er at ein nabo har vore fleire veker på ferie i eit svært smittefarleg utland. Han kom heim til Gardermoen, gjekk med glatt mine forbi teststasjonen, bryt alle smitte- og karantenereglar, dekker seg bak Hans Petter Graver og menneskerettane og ventar moralsk støtte fordi han står opp mot eit autoritært, firkanta og inngripande kontrollregime.

På privaten meiner Byrå­sjefen at Sylvi Listhaug gjer Stortinget til ein barnehage, men i denne saka stiller han seg bak kravet om strakstiltak: «Få kontroll på at de som skal i karantene, er i karantene.»

KORONASKEPTIKARAR og karantenefornektarar samlar seg til gateslag mot makta i USA og Israel, og nå også Danmark og Nederland. Så langt går ikkje Byråsjefens nabo, men som ei markering av personleg fridom køyrde han til Sandvika og stod i polkø laurdag.

Det er ei av dei mest vellykka polferdene etter Roald Amundsen: ein masseaksjon og eit mobilt demonstrasjonstog som ikkje lét seg stoppa. Medan det har tatt månader å få betre kontroll på grensene, blei det sett pandemirekord i reversering av vedtak i polsaka. I motsetnad til gudshus, skular og Stortinget, som fekk raudt og måtte stenga ned, kom Vinmonopolet på regjeringas samfunnskritiske unntaksliste saman med matvarebutikkar for menneske og dyr, apotek, friluftsliv, bensinstasjonar, frisørar, eigedomsmeklarar og dei som lever i toppidrettsbobla.

VERTINNA JUBLA for frisleppet og gjorde klart til å opna kranene, med «spiseplikt» for fransk løksuppe eller nostalgisk karbonade med løk, som for innanbygds folk i gamle dagar.

Sjølv om ho fjerna halvparten av dei fastmonterte stolane og sette handsprit på borda, gjekk det ikkje: Kommunen sa nei til skjenking, så det enda som i Nordre Follo: Der sa formannskapet ja til alkoholservering torsdag, men måtte stenga ned absolutt alt dagen derpå.

VERTINNA TAPTE kampen mot alkoholforbodet, men ho gler seg over at stadig fleire fagfolk stør den vaksinelina ho tok til orde for lenge før jul. Ho er for så vidt samd med truvedkjenninga til barne- og familie-, men ikkje likestillingsminister Ropstad: «De eldre på bygda er like mye verdt som eldre i Oslo.» Men dersom det gjeld å redda liv og unngå at sjukehusa blir sprengde og manglar gode hjelparar, må ein først få vaksinert helsepersonell og folk i bydelar og etniske grupper med mest smitte, sjølv om mange av dei er innvandra muslimar.

Sjølvsagt må dei eldste koma langt fram i køen, men Vertinna meiner det er meiningslaust å sløsa bort dyrebar koronavaksine på gamle og sjuke som ligg for døden: «Ho døydde ikkje av korona, men fordi ho ikkje tolte biverknadene av vaksineringa.»

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ei av dei mest vellykka polferdene etter Roald Amundsen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis