JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Partnarskap mellom toppfolka

Elitane er inga samla blokk. Ulike elitar og vanlege folk har det felles at dei er forskjellige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Årstalen til sentralbanksjefen samlar overlappande elitar til felles måltid på Grand Hotel i Oslo.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5679
20221028
5679
20221028

hompland@online.no

Folket mot eliten har grobotn i norsk tankemåte og politisk tradisjon: Det er dei der oppe mot oss her nede, dei der inne mot oss her ute, sentrum mot periferi, Oslo mot røkla.

I røynda er mistrua mindre enn det høyrest ut når sjølvutnemnde representantar for den tause majoriteten ytrar seg fritt i sosiale medium, med overslag til mainstream. Folk flest er berre moderat misnøgde med elitane, og det er gjensidig: Elitane er (moderat) misnøgde med folket, og dei er også (moderat) misnøgde med folkevalde politikarar.

Dei KUNNSKAPS-produserande delane av eliten har helst studert samfunnet sett nedanfrå. Maktutgreiaren Fredrik Engelstad og kollegaer ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) gjer ein vri med boka Eliter i endring.

Deira bodskap er at det ikkje finst ein hegemonisk elite med stor E, i bestemt form eintal. Det er ulike elitar som har politisk styringsmakt, ressursar og rikdom, spesialkunnskap og ekspertise, eller kulturell kapital og tolkingsmakt, og dei går sjeldan i takt.

DEN NORSKE ELITEN ser ikkje på seg sjølv som ein samla elite. Dei kjem ikkje frå dei same eksklusive eliteskulane, som i Frankrike og England, og dei er i moderat grad sjølvrekrutterande.

Elitane er like mangfaldige og motsetnadsfylte som folk flest. Eliten og vanlege folk har det felles at dei er forskjellige.

Politisk plasserer elitane seg i den breie midten. Både næringsdrivande og offentlege profesjonar og livsstilsbyråkratar ser seg som kunnskapsbaserte ekspertar og ansvarlege forvaltarar av den gode konsensus.

To grupper skil seg ut: den kulturelle og kyrkjelege eliten til venstre og eit høgrøysta sjikt av den private næringslivs­eliten til høgre. Det er også teikn til eliteopprør mot dei politisk føresette mellom toppleiarane i offentlege bedrifter.

Personellet i ELITANE har ulik bakgrunn, sosialt og fagleg. Det er faktisk fleire med lågare klassebakgrunn på andre felt enn i politikken, for der er vegen frå golvet til toppen blitt lengre og går gjennom sosialisering i dei profesjonelle partiapparata.

Styringseliten er der i kraft av verva sine. Dei har fullmakt til makt så lenge dei er i rollene. Når dei er ute, kjem andre til makt. Men ein må jo ikkje gløyma å halda styr på formell og uformell makt, for det finst edderkoppar som spinn trådar på tvers av nettverk.

Hertuginneomfamning er ikkje ei personleg omvending. Den som byter rolle, går inn i perspektivet til den nye rolla. Institusjonane pregar ein, same kvar ein kjem frå; det er meir eit spørsmål om kvar ein har tenkt seg: Kvar du sit, avgjer kvar du står.

DETTE KAN HØYRAST kardemommeaktig ut, men slik er den sjølvberande lovprisinga av ein særeigen kvalitet ved den norske modellen: Sterke og representative organisasjonar kan samlast i samrøre og samforstand rundt fagstatsrådens bord, både bokstavleg og symbolsk, med eit haleheng av ekspertar og rapportar frå partssamansette utval og kommisjonar. Der sameinar dei seg om kunnskapsrøynd og handlingsrom. Historikaren Edvard Bull kalla det «toppfolkenes partnerskap».

BYRÅSJEFEN FRYKTAR at denne sæle og tillitsfulle tilstanden er i ferd med å koma i forfall. Om meritokratiet taper legitimitet i raskt skiftande straumdrag i det representative demokratiet, undergrev det Forvaltninga som eit fagleg, profesjonelt, uavhengig og nøytralt vesen med høg kompetanse, godt skjønn og langsiktig perspektiv på sunn og stabil samfunnsutvikling.

Då kan me hamna i same polariserte stode som USA og fleire europeiske land. Der taper dei kraft, både eliten, ekspertane og dei store, samfunnsberande partia, som er koalisjonar i seg sjølve – til fordel for ustabile rammevilkår og skiftande påfunn frå reine og ranke rørsler som ikkje er styringsdyktige.

VERTINNA LURER PÅ kvar eliten i kommunar og fylkeskommunar høyrer til i dette landskapet. Sjølv om dei møter mistru og får kjeft av veljarane, spelar dei berre i Obos-ligaen, meiner ho.

Det lokkar Spaltisten ut på galeien, for det har kome mange merknader til sideblikket han kasta på KS for eit par veker sidan.

EIN STATSAUTORISERT kommuneutgreiar meiner at KS er ei statsfinansiert pressgruppe mot staten. Det er Byråsjefen samd i, dersom ein seier «skattefinansiert», og det er jo også staten sjølv og dei mange friviljuge og ikkje-statlege organisasjonane i sivilsamfunnet (NGOs på nynorsk). Det blir ofte hylla som ein grunnleggande kvalitet ved den norske modellen og demokratiet, der alle røyster skal med, men der nokre høyrest betre og tel meir enn andre.

EIN TIDLEGARE multistatsråd som har meldt overgang til kommentariatets diktatur, klagar over at Spaltisten tok for lett på det pikante leiarskiftet i KS i 2020. Slikt kan ein ikkje gjera når Senterpartiet er med i spelet, for i KS har dei halde saman med Høgre, til stor frustrasjon for dei raudgrøne kameratane i Arbeidarpartiet.

Gunn Marit Helgesen (Høgre) hadde sete som leiar i åtte år med Bjørn Arild Gram (Senterpartiet) som nestleiar i fire, og ho ville halda fram. Senterpartiet ville ha opprykk for Gram. Arbeidarpartiet meinte at dei, som største gruppe på Landstinget, burde ha leiaren, og dei lanserte sin eigen kandidat.

Etter ein kort rokade trekte Helgesen sitt kandidatur, og Høgre støtta Gram, mot at Helgesen blei nestleiar. Arbeidarpartiet måtte berre innsjå at dei hadde tapt for betre hestehandlarar. Då Gram blei statsråd, rykte Helgesen opp som leiar. Slik går no dagane i toppfolkas kommunale og sirkulære partnarskap.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Grunnregelen for rolle­byte er: Kvar du sit, avgjer kvar du står.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis