Post-sosialdemokratisk demens
Arbeidarpartiet taper retningssansen når dei prøver å koma på sporet av den nye tid.
Helseminister Ingvild Kjerkhol då ho deltok i Debatten på NRK torsdag i førre veke.
Foto: NRK
hompland@online.no
I daglegtale blir senil ofte brukt i tydinga senil demens. Det inneber at demens kjem av aldring. Folkelege uttrykk er alderdomssvekt, åreforkalka, gå i barndommen. Alderdom er rett nok ein sterk risikofaktor, men senilitet er ikkje ein direkte årsak til demens, for den tilstanden kjem av ulike kroniske hjernesjukdomar, til dømes Alzheimers sjukdom.
SPALTISTEN FEKK eit lite sjokk då fastlegen diagnostiserte han med «senilvorter». Det hjelpte med «seborreiske keratosar», som er vanlege og ikkje vondarta brune flekkar i huda. Dei går også under namnet «gamalmannsvorter», sjølv om overdriven soling er ein medverkande årsak.
Senile endringar kjem med aldring. Dei oppstår i ulike organ, som hjernen, auga, øyra, nyrene og beina, og dei kan føra til kroniske plager og svekt funksjonsevne. Til trøyst er at senil kjem frå det latinske senex. Det tyder «olding» og var kopla til røynsle, klokskap og respekt.
Å VERA GLØYMSK, distré og ha dårleg minne er naturlege endringar med stigande alder. Somme kjenner seg presenile, slit med afasi og må gå ekstrarundar for å koma på namn. I vår digitale verd tyr ein til Google.
Ein senil kan ha godt langtidsminne, hugsa mangt som hende i gamle dagar, og trivast i det. Den som er stutthugsen, har berre tak på det som hender her og nå, eller som nyleg har skjedd.
DET NARRATIVE sosialdemokratiet slit med minnet, og dermed også med kven dei er, kvar dei kjem frå, kvar dei er og kvar dei skal. Dei gjer høviske visittar til Gerhardsen, men held seg helst til åtte Erna-år. Orienteringsevna sviktar når dei prøver å koma på sporet av den nye tid og finna ein veg framover.
Regjeringa har snudd alle steinar utan å finna noko, og så lagt steinane tilbake på plass. Dei prøver å innprenta folk flest fallande forventningar. Til klager på straumprisar og eldreomsorg er standardsvaret: «Sånn skal det ikke være. Vi har gjort mye, og vi skal gjøre mer.»
DÅ LISE FJELDSTAD ropa ut sitt «Det går ikke an!», var kommentaren frå helse- og omsorgsministeren at ho jo er skodespelar. I det postsosialdemokratiske samfunnet må dei pårørande førebu seg på større innsats, og «alle må ta ansvar for å planlegge sin egen alderdom». Når sjukehusa skjer ned og eldreomsorga er i brennpunkt, er Kjerkols svar å dytta problema nedover som dårlege kommunale prioriteringar og sviktande leiaransvar i institusjonane. Der, nedst i eit helsehus, støytte byråd Steen på ein førstestatsadvokat emeritus.
BYRÅSJEFEN ER hekta på retoriske vendingar og språkleg forfall, for han har forfatta mange offentlege meldingar og hundrevis av notat. Nå har han meldt seg ut, for i Forvaltninga er det større etterspurnad etter talepunkt til statsrådar som skal bortforklara stramme budsjett og nedskjeringar. Finansminister Vedum balar med å forsvara sosiale innstrammingar for å hindra at renta stig endå meir. Men den store bortforklaringsprisen går til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Han kalla studentane «pubertale», og i ei tekstmelding skreiv han om reduserte postar på statsbudsjettet: «Det er ikke kutt, men videreføring i noe mindre omfang.»
***
RETTINGAR. Spaltisten har fått høyra frå gode lesarar at han er offer for ei «erindringsforskyvning». I Sideblikk for to veker sidan tulla han med namn og kom skeivt ut metaforisk då han blanda inn «Rebecca» i den aktuelle stoda i norsk politikk, der Erna går opp og Jonas går ned.
Eit bokhyllefunn provar at Spaltisten las boka for 40–50 år sidan, for ho er full av kommentarar og understrekingar med grøn penn. Ein stad står det «avansert dameroman». I Dagbladet i gamle dagar brukte me «Rebecca-myten» som standardsvar til alle som stadig klaga over at avisa var mykje betre før, under store redaktørar og skrivande gullpennar.
DEN PRODUKTIVE Daphne du Maurier (1907–1989) gav ut Rebecca i 1938, og romanen kom på Gyldendal året etter, omsett av Helen Stribolt. Boka er seinare trykt opp fleire gonger, også i Bokklubben, og ho er tilgjengeleg på nettsidene i Nasjonalbiblioteket. Men fleire har nok møtt Rebecca i grøssaren som Hitchcock vann Oscar for i 1940, eller i ny innpakking som romantisk thriller på Netflix.
Daphne du Maurier omgav seg med ein porsjon mystikk. Ho er kjend for utsegna «forfattere skal leses, men verken sees eller høres».
FORTELJAREN I ROMANEN er ei ung og namnlaus kvinne som blir gift med den rike enkemannen Maxim de Winter og flyttar inn på eit staseleg gods i Cornwall. Romanen begynner slik: «Jeg drømte i natt at jeg kom tilbake til Manderley.» Der blei ho kua og knust av det blankpussa minnet om den perfekte førstekona, Rebecca, særleg av den skumle og utkropne hushalderska Mrs. Danvers.
Her skal det ikkje gåast i detalj om dei dramatiske hendingane som utspelar seg i samtid i romanen, eller avsløringane av alt det fælslege i fortida. Det held med at fasadane og blendverket gjekk i oppløysing.
NAMNET REBECCA tyder elles «den som legg ut snarer». Spaltisten avstår frå å flytta alle intrigar, løyndomar, tilpassa halvsanningar og omtolkingar av røyndomen frå romanen til politikk og spinndoktorar, men det ligg noko der. Rebecca-myten og -syndromet er stadig verksame, nå med Erna i rolla som den fullkomne Rebecca, og jo meir Ingvild Kjerkhol ovrar seg, jo meir Rebecca blir Bent Høie. Mens Jonas er den hardt pressa, tvilrådige og identitetslause etterfølgjaren – som forresten kjem styrkt ut av det til slutt.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Alle må ta ansvar for å planlegge sin egen alderdom».
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.