Profilpotten er strammare enn før
Laksebaronar og norske kommunar sutrar. Regjeringa har vunne den retoriske kampen.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram statsbudsjett for 2023 på vegner av regjeringa torsdag i førre veke.
Foto: Terje Pedersen / NTB
hompland@online.no
Dei aller fleste av statens utgifter og inntekter ligg fast, men det plar vera nokre milliardar å henta frå «profilpotten». Når ei regjering legg fram statsbudsjettet, har ho som regel ei skryteliste med godsaker som det på førehand er leke frå i passande porsjonar.
I år hadde Støre og Vedum eit anna opplegg. Dei sette dagsordenen og messa om stramt budsjett i krig og usikre tider, med prioritering av tryggleik og omfordelande rettvise. Dei varsla at vi må døya hårde tider, og dei mana til «sparsommelighed i statshusholdningen». Dei snakka forventingane så kraftig ned at «gul bok» måtte bli ein opptur, sjølv om ho ikkje er skriven av Zeshan Shakar.
ETTER AT «STRAMT» var etablert som eit allment akseptert heidersord, blei det slakka litt opp. Den nyfrelste georgisten og arbeidardemokraten Vedum beit seg fast i grunnrenta for å redda landet frå hollandsk sjuke. Statsmannen Støre drog på europeisk toppmøte.
Finansministeren klarte balansen på Besseggen. Budsjettet skuvar på valløfte i tid, men er ikkje rein sabotasje mot plattforma frå Hurdalssjøen. Vedum nytta ikkje høvet til å nemna at straumprisen var 23 øre den regnfulle dagen statsbudsjettet blei lagt fram, for det kunne ha skapt misnøye med at det blei ein dag utan straumstøtte.
Det var dyktig manøvrert og kamuflert, meiner Byråsjefen. Vertinna finn også noko å læra: Ho skal slutta å skryta, men heller snakka ned kvaliteten på mat og rom på pensjonatet. Då vil gjester som likevel kjem, bli positivt overraska og få større tillit til henne.
STØRE VARSLA BRÅK, og det har han fått, men mindre enn venta. Å få kjeft frå NHO, Høgre, Venstre, Framstegspartiet og andre som talar dei rikes sak, er ikkje ein dårleg ting, men eit godt forsøk på å hanka inn flyktande veljarar. Spaltistens spådom er likevel at SV kjem ut som symbolsk budsjettvinnar med ære for nokre små, men synlege endringar på budsjettmarginalen.
SUTRANDE RIKINGAR og laksearvingar, med eller utan flytteplanar til Sveits, har gjort det lettare for stats- og finansminister å føysa vekk saklege innvendingar. Det ligg ein dåm av dugnad og noko mellombels over skatteskjerpingane, men dei kjem nok til å bli varige.
Torstein Tvenge, som sopte inn ein halv milliard på å slakta Dagbladet, har hatt sutrerekorden med «det er blitt helt forferdelig å bo i dette landet». Nå er han truga av ein oljegründer og investor og av ein annan pengeflyttar.
Ståle Kyllingstad står fram som statsbudsjettoffer: «Jeg må betale på alle bauger og kanter. Jeg er skilt og må betale mye til min ekskone (Elin Braut, spalt.merk.) som jeg må finansiere gjennom utbytter.»
Jan Petter Wilhelm Courvoisier Sissener uttaler seg om finansminister Vedum med politisk kløkt og språkleg raffinement: «Det er grusomt å tenke på at vi har tre år til med den idioten.»
VERRE ER DET for regjeringspartia at eit koppel av ordførarar frå eigne rekker henger seg på lakselobbyistar og bufaste oppdrettarar som trugar med at det blir mørkt i husan langs kysten.
Oslo og andre kommunar med ekstraordinær straumprofitt klagar også, for det er jo ikkje private kapitalistar, men kommunale og statlege energiprodusentar som må bera storparten av tilleggsskatten.
***
RETTINGAR. Det har kome mange tilbakemeldingar på at Spaltisten førre veke prøvde seg med litt folkeopplysing om det mektige og mystiske KS. Ein spør: «Kva betyr KS? Kva står bokstavane for?»
Det enkle svaret er: ingenting. KS er eit anonymt akronym.
I MELLOMKRIGSTIDA var byforbundet og heradsforbundet to ulike lag, men det praktiske blei samordna og drive av Kommunalt Sentralbyrå (KS). I åra før krigen var det arbeidd med å slå dei to forbunda saman med Arbeiderpartiet by- og herredslag, som organiserte arbeidarpartistyrte kommunar. Tidlegare LO-advokat Trygve Lie, som var justisminister med ansvar for kommunesektoren, var sentral bakspelar, der som så ofte elles. Siste komitémøte skulle vera 15. april 1940, men det blei det rimelegvis ikkje noko av.
UNDER KRIGEN blei det kommunale sjølvstyret avskaffa. Føraren sette inn ordførarar, som regel lojale NS-folk. Men Kommunalt Sentralbyrå heldt fram meir eller mindre som før. Innanriksdepartementet peika ut ein felles formann for byforbundet og heradsforbundet, og i 1944 blei dei slått saman til Norsk Kommunesamband (NKS).
NS-ordninga blei oppløyst 8. mai 1945, og samlingstanken var daud i lange tider. Men Kommunalt Sentralbyrå levde vidare, og dei to forbunda blei i praksis drivne som éin organisasjon og omtalt som By- og herredsforbundet.
I 1972 FUSJONERTE dei til Norske kommuners sentralforbund, forkorta NKS, og gjerne omtalt som Sentralforbundet. Det blei i 1988 omdøypt til Kommunenes sentralforbund, forkorta KS, og framleis omtalt som Sentralforbundet.
I 2004 forsvann Kommunenes sentralforbund, og det offisielle namnet på konsernet blei rett og slett KS, kanskje med eit vassent sideblikk til LO, NHO og det danske forbildet KL. Men det står også fast at leiinga følte ubehag ved både «sentral» og «forbund».
KS er altså berre KS, men har operert med ulike undernamn. Somme smaka på «kamporganisasjon», men dei har falle ned på det nøytrale «Kommunesektorens organisasjon», med denne forklaringa per nå: «KS er kommunesektorens interesseorganisasjon, utviklingspartner og landets største offentlige arbeidsgiverorganisasjon.»
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sutrande rikingar har gjort det lettare å føysa vekk protestar mot statsbudsjettet.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.