Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Rollespel som politisk arbeidsform

Erna Solberg må overgå Per Borten i staurbering: Ho skal leia ei sjupartiregjering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg på talarstolen i Stortinget, som statsminister eller partileiar i Høgre.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

5303
20181214
5303
20181214

hompland@online.no

Rolle er eit nøkkelomgrep i sosio­logien. Det handlar om korleis me blir ein del av den sosiale strukturen gjennom normer og forventingar som er knytte til posisjonar me har – frå familie til det store samfunnet. Me kan utøva rollene på ulikt vis og med meir eller mindre distanse; me kan hamna i rollekonfliktar som me må finna ut av; på slike måtar blir dei sosiale rollene endra over tid.

For ein utdanna og innbarka sosiolog burde det vera ei glede at denne faglege sjargongen har sprengt grensene og ete seg inn på stadig nye felt – ikkje minst i politikken. Det er ikkje det, for det analytiske omgrepet blir brukt som personleg bortforklaring på at ein er utan fast kjerne, taler med fleire tunger og spelar dei rollene den politiske situasjonen krev.

DET ER PÅ SIN PLASS å minna om at rolleomgrepet er lånt frå skodespelarkunsten og har ein kynisk dåm. Skodespelaren følgjer manus og instruksar frå regissøren og kan løyna seg bak ei maske.

Eg har sett den mykje omtala teaterframsyninga Ways of Seeing på Black Box. Bakteppet er dei filma husa til Thor Mikkel Wara og andre som på konspiratorisk vis blir kopla til eit hemmeleg nettverk som fremmar rasistisk tankegods.

Ein av skodespelarane i stykket er Ketil Lund i rolla som Ketil Lund. Tidlegare høgsterettsdommar og leiar av Lund-kommisjonen står fram som ein arrogant og sjarmerande rampegut av solid juridisk slekt. Mellom anekdotar om spaserturar og epletjuveri i Kåre Willochs have, kjem han med autoritative lovtolkingar om overvaking i fortid, framtid og i det samtidige spelstykket. Det er forvitnelege måtar å sjå det på.

JUSTISMINISTRANE Anders Anundsen og Per-Willy Amundsen hadde gått i rollelære. Dei hefta ikkje for det dei politiske frikarane Anundsen og Amundsen hadde sagt og meint og brent før, for det var i andre roller, må vita. I rolla som statsråd fekk Anundsen laga ein offisiell skrytevideo med seg sjølv i hovudrolla. I statsråd Solvik-Olsens departement omplassete dei den informasjonsansvarlege fordi ho meinte det ikkje høyrde til hennar rolle å vera ekspedisjonskontor for lokale partimøte med nest­leiaren i Framstegspartiet.

Per Sandberg prøvde seg i spelet, men han pesa med å halda styr på rollene: fiskerikyndig, statsråd i eit kollegium, første nestleiar i partiet, rabagast, laus kanon på dekk, skilsmissemann og nyforelska persar. Då greip kjende makter inn og løyste rollekonflikten hans. Nå spelar han rolla som akevittjulenisse i Klassekampen.

Den mangfaldige Amundsen har friskmeldt seg til dei grader etter at han måtte byta hatt. Nå har han politisk asyl i dei sjølvstyrte områda av Framstegspartiet. (Takk for lånet til Hege Ulstein i Dagsavisen!) Han har skrudd på att meiningane sine om mangt – også om kor mykje ein stortingsrepresentant må tola av kjeft utan å bli sjukemeld.

LAUSKARANE I FRP er ei sak for seg. Verre er det at Erna Solberg har tatt etter rolleforvirringa. For å tilsløra taskenspelet om abort vekslar ho mellom å uttala seg som statsminister og som partileiar. Og Bent Høie har lært av rollemodellen: Han uttaler seg om paragraf 2c som homofil og som nestleiar i Høgre, men det er berre som statsråd han kan setja embetsverket til å finna formuleringar som kan få KrF gjennom nålauget. Medan ansvarleg likestillingsminister Linda Cathrine Hofstad Helleland som vanleg svarer «økseskaft» på alle spørsmål.

Byråsjefen har sans for statsrådar som veit å bruka embetsverket, for dei kan ein sosialisera til å forstå rolla og følgja normene. Han misliker uryddige statsrådar som blandar partipolitikk og forvaltning og bruker departementet som sitt politiske sekretariat. Det er like ille som når dei ikkje går tenestevegen, men plukkar konsulentar nedover i rekkene som koffertberarar, så ein ikkje veit om dei er favorittar eller friller.

VERTINNA har godhug for politiske rabagastar som ikkje lar seg strigla, bli runde som biljardkuler og mista den politiske personlegdomen. Ho liker Sylvi Listhaug, denne bondejenta frå Ørskog med kors på halsen og møkkagreip i hendene, som påstår at ho er seg sjølv i eitt og alt – rimelegvis bortsett frå då ho fylte rolla som hemmeleg og betalt PR-agent i Fyrstehuset.

Ho liker også Erna Solberg, sjølv om ho er bergensar. Vertinna unner henne å få oppfylt draumen om å leia ei firepartiregjering med fleirtal bak seg. Om nokon er i stand til å bera sprikande staur betre enn Per Borten, må det vera den pragmatiske, runde og robuste Erna.

Men Vertinna tviler på om det går, for Erna får ikkje berre fire parti å manøvrera mellom; ho får sju: Høgre, det raude og det blå KrF, Venstre i regjering og det breie Venstre som ikkje vil vika i Stortinget, Siv Jensen og hennar trauste våpendragarar i regjeringa mot dei sjølvstyrte teigane og hagane i Frp.

EI SJUPARTIREGJERING har ingen leia før i dette landet. Om den grandiose partileiaren må abid­­­sera i Venstre, om dei sjølvstyrte områda i Frp blir utvida, om dei ikkje klarer å fylla grøftene i KrF, ja, då kan det godt henda at heile regjeringsprosjektet aborterer, og Solberg må abdisera.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Då han pesa som mest, greip
kjende makter inn og løyste Per Sandbergs rollekonfliktar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis