Sivilt ombod med vit og forstand
Regjeringa vil vengeklyppa Sivilombodsmannen. Stortinget kan ha valt ein trojansk hest.
Tysdag 22. oktober valde Stortinget kommuneadvokat og tidlegare justisminister Hanne Harlem til ny sivilombodsmann.
Foto: Peter Mydske / Stortinget
hompland@online.no
«Den som vår Herre giv Embætte, giv han Vit med.» Slik lyder Ivar Aasens utgåve av det tyske ordtaket: «Wem Gott ein Amt gibt, dem gibt er auch Verstand.» Det kan høyrest protestantisk ut, men om fyrstefjeskaren Martin Luther hadde vore borte i det, hadde det vel handla om Kongen.
Spaltisten har likt å tru at uttrykket opphavleg var i ønskande konjunktiv, altså på dansk-norsk: «Hvem Gud giver et Embede, ham give Han også Forstand.» Slik er det ikkje, men kjeldene (nettsidene til Tidsskrift for Den norske legeforening og Evensberget & Gundersen: Bevingede ord, 2006) går god for at opphavet er satirisk over styresett av Guds nåde. Sjølvaste Hegel (1770–1831) kalla det ein gamal spøk.
BYRÅSJEFEN kjenner mange med embete som er utan forstand. Han ville heller det skulle vera slik at den Gud har gitt forstand, gir han også ein fortent plass i forvaltninga.
Byråsjefen blir mint om dette når Stortinget har valt Hanne Harlem til ombodsmann for den sivile forvaltninga. (Den formelle tittelen er «Stortingets ombudsmann for forvaltningen».) Sivilombodsmannen har til oppgåve å sikra at offentlege styresmakter (kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar) ikkje gjer urett mot den enkelte borgar.
Byråsjefen meiner Hanne Harlem er rett kvinne på rett plass: Som justisminister, universitetsdirektør og kommuneadvokat i Oslo har ho meint at Sivilombodsmannen går altfor lang i å krevja at media og ålmenta skal ha innsyn i forvaltningas notat og saksdokument. I ei høyring i justiskomiteen på Stortinget tok ho av seg kommuneadvokathatten og uttalte seg frå si juridiske lever. I slike saker har ho vore på line med statsministerens kontor, som vil halda meir hemmeleg og i enkeltsaker har meint at ombodets ord «ikke kan tillegges nevneverdig vekt».
ALLE SER DET ikkje slik. Ein forsiktig kommentar er at å velja Hanne Harlem er som å utnemna direktør Ingrid Dahl Hovland frå Nye veier til øvste sjef i Statens vegvesen. Den grove kommentaren frå dei som kjærer om Sivilombodsmannens uavhengige og kritiske funksjon, er at det er som å gjera David Toska og ikkje førstestatsadvokat Jørn Maurud (av justisministeren kalla Maarud) til ny riksadvokat.
I Stortinget ville den raude Bjørnar Moxnes, som har vore i kraftig klinsj med kommuneadvokat Harlem, at ombodet skulle lysast ut på nytt. Det fekk han ingen med seg på, men SVs Petter Eide gav til beste ei førelesing om rolleforståing: Sivilombodsmannen skal vera folkets vakthund og kontrollør av forvaltninga, uavhengig av press og påtrykk og viljen til regjeringa.
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen sa at dei hadde brukt eit rekrutteringsbyrå som sonderte marknaden grundig, og Harlem var den einaste kvalifiserte søkaren. Ho gjekk god for at Harlem ikkje «er imot åpenhet eller innsyn. Sakene det vises til har hun håndtert i rollen som advokat for Oslo kommune». President Trøen la til at ho var glad for at den sjette sivilombodsmannen er kvinne. (Andreas Olai Schei var den første i 1962, Arne Fliflet sat i 24 år.)
HANNE HARLEM sjølv, som ikkje blei dommar i Høgsterett for tre år sidan fordi det ville gje inntrykk av eit for nært tilhøve mellom den høgste domstolen og det allmennpolitiske, seier at ho sjølvsagt er motivert og eigna til vervet. Ho er ingen trojansk hest. Ho har ikkje personleg motarbeidd Sivilombodsmannen; det var med hatten til arbeidsgjevaren.
Det er slik det er med juristar og advokatar: Den profesjonelle etosen deira er å gjera det rolla og oppdraget krev. Hanne Harlem kjem nok til å setja sitt preg på institusjonen som etat, på veg mot ukjent mål. Byråsjefen fryktar at ho bøyer seg for hakkinga frå kranglevorne juristar og journalistar, men han set sin lit til at heller ikkje denne Harlem-dama lar seg pilla på nasen, men står fast på det som er rett og rimeleg og sunn fornuft i vernet av forvaltninga.
RETTINGAR. Spaltisten har ikkje vore på bokmessa i Frankfurt, men han kjenner denne utstillingshallen som kombinerer sport og kultur og ymist anna. Der det førre veke var fullt av bøker og agentar, med norske forfattarar på sponsa gjesteplass med kongeleg frontløpar, er det denne helga innkomst på maraton. Etter rundturen i Frankfurts gater svingar ein inn i hallen på raud løpar og spring 195 meter til målgang for full musikk.
Desse 195 metrane kjem i tillegg til dei dryge fire mila mellom Maraton og Athen som Feidippides sprang i 490 f.Kr. for å melda frå om sigeren over persarane. 42 kilometer var lengda på maratonløpet i dei første olympiske leikane i moderne tid i Athen i 1896. 42.195 meter blei fastlagd som standard i 1921, men i EM i Oslo 1946 var løypa berre 40.200 meter lang. Det blei finsk dobbelsiger. John Syrstad var nummer 12 på 2.42.59. Godtfred Holmvang vann gull i tikamp.
Dei odde 195 metrane dukka opp under OL i London i 1908, men ikkje som resultat av omrekning frå yards, slik det er i fotball og andre sportar frå det britiske imperiets glansdagar. Grunnen var at løypa blei forlengd for at prinsessa av Wales og barna skulle få med seg starten utanfor vindauga til det kongelege barnerommet på Windsor Castle.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Advokatars profesjonelle etos
er å gjera det rolla krev.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.